mandag 25. juli 2011

Sundag (eigentleg ikkje etter klokka) 24.juli.

Det er nokre dagar sidan eg sist skreiv. Eigentleg hadde eg planar om å fundere litt fredagen, men det var berre å gløyme. Eg har bevisst ikkje skrive noko desse siste dagane av ein enkel grunn. Om eg sat meg ned og skreiv, ville eg ikkje klart å skrive om anna enn det ufatteleg triste som hende på fredag ettermiddag. Det er nok av fokus på temaet og mitt innlegg ville berre blitt eitt av fleire tusen. Eg tenkte difor at eg heller skulle la vere å skrive noko som helst. Så tenkte eg at det kanskje var nokon som "forventa" at det ville kome drøftingar om det som skjedde. Eg valgte å la vere......
Då eg logga meg på for få minuttar sidan, var eg klar i èi sak. Eg skal ikkje nemne det som er skjedd med eit einaste ord. Eg skal berre ha fokus på andre ting og tema. Likevel....... Eg burde skjønt det. Eg klarar uansett ikkje å halde meg trufast til mine eigne avgjerdsler. I alle høve ikkje denne. Eit tema som opptar så mange, og i stor grad meg sjølv, vil uansett ligge å vake i bakhovudet til det er komen ut. Så det er berre å gjere det først som sist.

Eg har vore ei heil evigheit på hytta. Eg har vore langt unna nyheiter og verda ellers. Som eg har sagt før, så har eg ikkje sakna det så mykje. Difor var overgangen til røyndomen ganske brutal då eg kom heim utpå fredagen. Det var ei som kviskra meg i øyret at ho hadde lest noko om bombe i Oslo på nettet. Eg var snar med å få på tv'n og nyheitskanalen. Joda, det stemte! Kunne eg ikkje berre ha vore på hytta??......
Ufatteleg. Eg håpa lenge på at det var gass som var årsaka. Eg tenkte også at det godt kunne vere ein nordmann. Då Utøya kom inn i biletet, var eg ganske sikker. Det stemte jo også då!

Heile Noreg står no samla. Solidaritet og nasjonalisme står sterkt. Ingen skal få kome her og øydeleggje demokratiet. Ein forskrudd tulling (etter mi meining) skal ikkje få kjenne noko som helst form for makt. Tenk på all den publisiteten han no får.
Han blir publisert i heile verda. Det er klart han også har tilhengjarar. Vi får be om at ingen av ekstremistane på det området blir påverka til å følge opp det han har starta. All den publisiteten han får....... Det er no vel akkurat det han ønsker. Han får blest om det han står for. Det er jo ikkje akkurat ein angrande syndar som er tatt. "Grusomt men nødvedig". Korleis kan han utrykkje noko slik? Ein sjuk djevel, men likevel kjempesmart og oppegåande. Det er ikkje berre, berre å stelle i stand dette levenet han har starta. Det skal vere sikkert og visst.
At ein har både slekt og vener i Oslo og fleire vener tilknytta AUF, gjorde sitt at eg blei rimeleg kvalm av det heile. Enno er ikkje namneliste av dei omkomne frigjeven.....Eg ber til høgare makter om at eg ikkje kjenner nokon som helst av dei. Mest redd blei eg av tanken på at eit yngre søskenborn av meg skulle vere innblanda. Eg er litt usikker på om ho har kontor i området katastrofen skjedde. Heldigvis fekk eg beskjed om at ho var utanlands på ferie.

Ein kan stille seg mange spørsmål etter ein så stor tragedie. Kva i all verda er det som får eit menneske så sterk i trua på noko at han henrettar så mange uskuldige? I morgon skal han uttale seg om det han har gjort offentleg. Det er ingenting han kan seie som vil gje noko som helst form for meining. Det einaste som kan skje er at han får den pr'n han ønsker. På facebook er det oppretta hatgrupper mot han. Eg veit det er tilhengjarar som også har oppretta sider i hans favør. Så ikkje alle avskyr han.... Eg gjer det!!
Eg har ikkje vore på facebook på ei stund, men i stad var eg innom ein tur. Eg såg nesten ikkje ein einaste kommentar der som ikkje gjekk på dette temaet. Støtteerklæringar og så vidare. Det virker som at "alle" viser respekt for dei som er ramma ved å ikkje bruke facebook som vanleg, men som ei side der dei vis at dei bryr seg. Eg heiv meg på bølgjen og tok det norske flagget med i profilen min, slik dei fleste andre også har gjort.

Ei slik hending kan ha fleire utfall. Det er ikkje tvil om at det skremmer mange. Så spørs det kor mange av dei som blei ramma det er som tør å kome attende i det politiske liv (utan frykt for at noko slikt skal skje på ny). Dei seier at Utøya skal bestå som festivaløy for AUF. Eg syns det er veldig viktig og riktig. Det vil nok bli tøft neste år, men eg trur det er viktig for å prove at terror ikkje skal styre landet vårt.
Som Siv Jensen sa fredagskvelden: "I dag er heile det norske folk AUF'ere". Det trur eg også. Samtidig syns eg synd på ho som får det slengt i trynet at han var tidlegare Frp-medlem. Det er jo ikkje Frp som står bak dette. Det har ganske sikkert ingen som helst tilknytning til noko som helst som har med det partiet å gjere. Difor syns eg det blir heilt feil av media å ha det som undertekst i store delar av sendingane gjennom heile helga. (I tillegg til at journalistane spør ho om det).
Frp har utroleg mange negative sider ved seg (mi personlege meining vel og merke). Det er veldig mykje av det dei står for eg tar laaaang avstand frå. Likevel, vi bur i eit demokratisk land og Frp-tlhengjarane har lov å ha sine eigne meininger dei også. Sjølv om dei er ganske ytterleggåande i enkelte saker, er det ingen som skal kome her og påstå at Frp står for slike hendingar som var fredagen. Ergo burde dei bli spart for ydmykelsen media no gjer dei. Dei bør skilje mellom enkeltperson og parti.

I dag, då forsvararen hans blei intervjua, tenkte eg "Korleis kan ein seie ja til å forsvare noko slikt?" Når hovudpersonen sjølv har utpeikt han, byrjer eg å lure på kvifor. Korleis kjenner han til nett denne forsvararen? Er han kjent for å ta slike spekulære saker og det å forsvare dei verste? Eg veit ikkje svaret, eg berre spør..... Han sa sjølv at han først var usikker på kva han skulle svare. Han hadde tenkt seg godt om før han sa ja.
Klart det er rett at han skal ha ein forsvarar. Det er ingen tvil om det. Det er likevel så vanskeleg å fatte at det fins mennesker som seier ja til å forsvare ein mann som har begått slike handlinger. Han har trass alt sagt ja heilt frivillig. Han blei ikkje oppnevnt av di det ikkje var andre som ville. Kva skal han eigentleg forsvare? Kva er hovudmålet hans i rettsaka? Vil det vere å få han frikjent? Vil det vere å få redusert straffa mest mogleg?
Eg skjønnar ikkje heilt kva svar som kan bli gjeven på desse spørsmåla. Ein forsvarar skal jo alltid gjere det slik at klienten skal kome best mogleg ut av ein situasjon. Denne situasjonen er ikkje slik at det manglar prov på at det er rett mann dei har teke. Han prøver heller ikkje å benekte det heile. Så sånn sett er saka grei. Sjølv om det er slik, skal det likevel vere ei rettsak. Ei rettsak som skal munne ut i noko. Det skal sikkert koplast inn fleire medisinskkyndige personar som skal vurdere han opp og i mente. Psykologar osv...... Var han tilregneleg? Akkurat det er det vel ingen tvil om. Det er jo noko som er blitt planlagt over lang tid. Svaret seier seg vel sjølv!??!
Noko anna straff enn livstid vil vere utenkeleg. Livstid her til lans er berre 21¨år. Eg vil tru at han får livstid og at han blir sikra på ein eller annan måte resten av sitt liv. Ein slik mann må aldri få kome ut i fri luft att!
Nei........å prøve å starte ein revolusjon på ein slik måte..... Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie.

Den næraste tida vil det kome til å prege landet. Litt etter litt vil det bli mindre og mindre fokus på det og vi vil vere attende i vårt daglege virke utan at tankane våre i stor grad vil omhandle det grufulle som skjedde. Eg vil berømme både statsministeren og alle dei andre for måten dei har "takla" det heile på. Dei må vere utslitte!
Sjølv kjenner eg at det er på tide å gjere anna enn å ha nesen foran skjermen heile tida for å få med seg alt som blir sagt. Det er ganske demotiverande og det skapar fleire gråe hår.
I morgon, klokka tolv, skal det vere stille eit minutt. Eg skal vise min respekt ved å følgje det opp, men så trur eg at eg skal skru av og fokusere på andre ting. Jaja.......

Sjølv om det har vore trasige dagar, har det vore liv i bygda her og vi har vore invadert av mange menneske. Vèret har ikkje vore på bygda si side, men det har likevel gått bra. Det er alltid fint når det er noko som set farge på vår lille tettstad. Det har vore mykje bra musikk. Festivalen her har også vist respekt for det som er skjedd fleire gonger i løpet av helga.
Ein slik festival gjer at ein møter på ulike folk. Enkelte sørpe full, andre berre brisen og enkelte heilt edruelege. Mange vider ulike sider ved seg sjølv og fulle mannfolk er ikkje alltid så digg!! Enkelte kan vere direkte vanskelege. Sånn er det berre og sånn vil det vel alltid vere. (Ikkje det at eg skal glorifisere kvinnfolka så veldig......).
Laurdagskvelden tok vi med mamma og hennes "kaill" og dro på bluesaften. Det blei veldig triveleg med mykje fliring. Teltet var bra fullt og stemningen var kjempegod. Folk var heilt med. Sjølv om vi ikkje dansa heile tida, trur eg nok foten køyrde sitt eiga løp under bordet når vi sat.
Ellers trur eg kanskje eg blei medlem av ei heller tvilsam bedrift i løpet av kvelden. Det attstår å sjå:=)
Etter å ha lagt seg midt på natta etter å ha vore vakt i teltet, for så å sjølv gå ut kvelden etter........ Ikkje skjønnar eg at eg er i stand til å halde augene opne akkurat no. Klokka er faktisk halv to på natta. Eg er eigentleg stuptrøytt. Det beste ville vore å få seg ei skikkeleg natts svevn, men ein er vel aller helst skuldig i dette sjølv.
Det er stille i huset, besøket har dratt og vi er heilt åleine. Ute er himmelen lyseraud og eg er spent på kva eg vaknar til i morgon. Det er vel slik at ein skal ta livet som det kjem. Så like så greit at ein ikkje har dei store planane.

Hasta luego:=))

I wanna feel your heartbeat!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar