mandag 4. juli 2011

Måndag 4.juli.

4.juli....Eg skal ikkje starte med å gratulere amerikanerane med dagen. Eg skal heller kommentere den deilege dagen. For eit liv!! Dette er herleg:=) Han der artigkaren som ligg og les avisa på sofaen i dette vèret, er nok og blir ein artigkar. Det nyttar ikkje å prøve å jage han ut. Eg skal då verkeleg ha sol på kroppen.

Eg har fått ei natt i mi eiga seng på auget. Det var rimeleg godt og eg var fobausa då eg vakna av at son min kom inn til meg klokka halv elleve. Går det an?? Både han og eg sov lenge i dag, ja! Eg som trudde eg skulle få heile dagen med meg. Eg klagar ikkje......det var godt å sove.
No er eg ganske så sikker på at ingenting vesentleg skal skje i livet mitt dei neste to timane. Alle gode idèar vil glatt bli avvist (om et skulle kome nokon). Her er det verandaen som gjeld!! Enkelt og greitt.
Fjorden er heilt stille og små motorbåtar "renn" forbi med jamne mellomrom. Det må vere lekkert å vere i båt i dag.

I går , då eg kom heim, låg det eit KK og venta. Det er ei stund sidan det std noko som fenga, men den siste utgåva nærmar seg lii....... Det ståt det om Jarles våte draum.
Nei, no tenker du heilt feil!! Berre så det er sagt, så er det ikkje snakk om slike våte draumer!! Så spor tankane dine attende til "reality"! Thihi......  Det er meir om at dersom du har ein draum som verkeleg betyr noko, så snur du livet. Det han er mest redd for i livet sitt er at om ingen snart gjer noko, er han redd han kjem til å ende opp som kvinne. Rart?? Det høyres litt banalt ut, men eg trur kanskje at han har eit poeng eingong.
Før var det, i følge han, skuter av tre og menn av stål. I dag er det berre plastbåtar og treskaller att. Så temaet blir då "Den norske mannens forfall. Hmm.....er det ikkje den nye norske mannen vi kviner vil ha?? Vaske klær og hus osv.... Det er jo berre lekkert! Neida....eg tuller:=)
Jarle meiner at vi i Noreg har ein misforstått likestilling. Vi trur at menn og kvinner skal vere unisex, og det til trass for at vi er grunnleggande forskjellige. Eg ser poenget i det. Det må vere frustrerande for menn å skulle måtte ha dei same kvalitetanesom kvinnfolka og samtidig vere jegeren.
Damer skal ikkje ha tilgang til alfagenet! Alfagenet?? Det er enkelt og greitt å forklare. Det er genet som gjer menn til menn.Det som sendte Amundsen og Nansen på ski over polisen, det som sender mannen ut i garasjen for å skifte dekk osv osv osv.... Jarle har ikkje noko ønske om å få ei kjerring som skifter dekk på bilen hans. Urinstinkt! Rlooefordelingen ligger eigentleg naturleg der. Så kjem vi og rokkar på desse.Kvinnfolka skal vere dei omsorgsfulle medan manne skal vere den praktiske og utføre dei fysiske oppgåvene. Akkurat der er eg tilbøyeleg til å seie at han kan ha litt rett, men ikkje så veldig. Sjølv syns eg verkeleg ikkje at det gjer noko om eg tar i eit tak, fysisk. Skiljet kunne likevel vore litt tydlegare. Det er einig i. Likestilling er jo meir begreper "Lik lønn for likt arbeid". Dagens folk dreg det så altfor mykje lenger. Kor ofte høyrer vi ikkje kommentarar som "Dåkker mase jo sånn om at dåkker vil ha likestilling" i mange samanhengar.
Det gjennomregulerte samfunnet sørger for mannens forfall. Det moderne mennesket klarer i mange samanhenger ikkje å ta varepå seg sjølv. Jarle går så langt i påstandane sine som å seie at gutar i dag ikkje får bruke alfagenet sitt. Når alfagenet blir kvalt mot sin vilje, får vi diagnoser som ADHD og Asberger syndrom. Akkurat den biten tør eg nok ikkje kommentere. Eg kan til og med seie at eg ikkje tenker mitt. Eg lar hovudet styre unna. Eg har rett og slett ingen forutsetnad for å meine noko i den saka der. Ikkje vil eg tråkke nokon på tærne heller.

I andre kulturer spiller kvinner meir på det å vere kvinne. Dei flørter meir.Det syns han er meir moro. Det er eg no einig i.

Konklusjonen må vere at Jarle er født 100 år for seint.

Hasta luego:=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar