fredag 1. juli 2011

Fredag 1.juli...

Det rister i heile meg. Vegen under meg er under utbetring, noko som ikkje fell i god jord hos meg sidan eg prøver å skrive litt. Jaja...... Vi har passert "Tromsøbrua" (under) og er på veg utover mot Oldervika. Vèret er ok (det såg illevarslande ut ei stund, men det gjekk over).
Vi har køyrt bak ujamne bilistar, det skal vere sikkert. Det var ikkje fritt for irritasjon då tempoet i 90-sonane varierte frå 70-110. Ustabilt med andre ord. (På rette strekninger). Jaja.....Når ein har ferie, skal ein ikkje stresse, så det går no greit. No er vi for det meste for oss sjølv på vegen. Er det andre som skal same vegen som oss, skal dei vel i same ærend også. Då kan det vere greit å ikkje irritere seg. Litt dumt om edlere dråper skulle utløyse eit vit som seier at ein bør seie ifrå om den uvettuge køyringa:=) Kan ikkje risikere å bli kasta på dør heller. Hehe....

Reknar med sat det er fleire spente sjeler enn berre meg. Det er eindel år sidan eg såg fleire av dei andre sist. Så no lurar eg på korleis dei har utvikla seg. Det blir sikkert veldig triveleg. Eg har uansett kjøpt to bøker av Jo Nesbø i dag, så eg er no berga uansett kva som skjer! (Eg trur eg må ha falt for han godeste Harry Hole....Hm!! Det kan ikkje vere eit godt teikn. Men no har jo eg sansen for litt eldre menn, så då er det vel greit.......).

I baksetet sit ein spent liten gut og ventar på at vi skal vere framme. Han har vore kjempeflink og har ikkje masa i det heile. Eg skulle vel ha blitt bra "tuillåt" i skolten om det ikkje hadde vore sånn. Eg har vel vore heldig der. Han har planen klar....... Han skal sørge for at alle som ein skal hive seg med han i ballslåing! Eg syns eg ser alle, gammal som ung, spring rundt der på bana. Jaudå!! Eg trtur ikkje det vil vere så trygt:=)

Vi har berre eit kvarter att foran oss. Det er kanskje like greit at eg heller følger med på vegen så vi ikkje hamnar heilt feil (sjølv om akkurat det vil vere vanskeleg på ei strekke som dette). Ein veit jo aldri.......Eg har jo tidlegare vore med på å hamne i Finland då vi eigentleg var på tur til Noreg. (Frå Sverige). Det skal jo godt gjerast det! Så skal det også nemnast at eg SOV når den "fatale" feilen oppstod. Eg berre vakna av noko grueleg mykje bannskap og eitt eller anna om Suomi. Det første eg såg var riksgrensa mellom Sverige og Finland. Jaja.....Shit happens:=)

Eg dukkar nok sikkert opp her i løpet av helga også. Så foreløpig seier eg berre "Ha ein fin fredagskveld og nyt den med måte!!"

Hasta luego:=)

Always.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar