onsdag 6. juli 2011

Onsdag 6.juli totusenogelleve.

Så var kveldens trim unnagjort. Eg kom heim i kveld og har vel ikkje hatt dei store fysiske utfordringane den siste tida, så det var godt å få rørt seg litt. Med musikken i øyrene, gjekk eg der i mi eiga verd heilt fram til eg møtte på dei halvgalne måkene langs sjøen. For eit spetakkel nokre få fuglar klarar å lage. Eg skjønnar godt at dei ikkje likar meg der eg kjem gåande, men det får vere grenser. Nytt opplegg har dei også på gong. Eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle det, men det verka som om dei gjekk kappgong med meg bortover vegen. I staden for å angripe meg frå lufta, gjekk dei no på sida av meg som for å kontrollere kva eg skulle foreta meg. Til slutt fauk den eine opp og dreit rett på sida av meg. Eg seier det berre.....den skal vere riktig så rask til å fly høyt den måsen som tør skite på meg. Det ville blitt stakkars måse!! Jaja....Det gjekk jo bra:=)

Eg skreiv tidlegare eingong at eg skulle skrive litt om Amalie Skram når det høver seg. No er det slik at det fatisk høver godt i kveld. Eg slapper berre av og tar livet med knusande ro. Ikkje det at ho Amalie har tatt så stor plass i hovudet mitt i kveld, men eg kom liksom berre på det i farta. Så spørs det kva ein hugsar om ho. Ho er jo rimeleg kjent, då........ Sjølv om ho eigentleg ikkje heiter Amalie Skram, er det nok det dei fleste kjenner ho som. Eg reknar med at det er mange som ikkje veit at det eigentlege namnet hennar er (var) Berthe Amalie Alver.
Det er vel med ho, som så mange andre forfattarar.......Dei får si annerkjenning etter dei er daud. At ho er segla opp som ein av dei største (eller faktisk den største) av alle naturalistane var ho ikkje forunt å få vite medan ho levde. Synd for ho, men slik er det berre. Amalies mor fekk ni born i løpet av tretten år, der fire av dei døydde. Ikkje veit eg, men kanskje ho henta deler av inspirasjonen til Hellemyrsfolket frå familien sin?! Ikkje det at sjølv storyen er så lik, men eg tenker meir på antal born og den hyppige bortgongen til borna. Det har seg slik at eg trur dei døydde av sjukdom og nettopp sjukdom er eit av hovudtemaene i det ho skreiv.

Amalie Skram gifta seg heile to gonger. Eg skriv det som om det er mange gonger med tanke på at det sikkert ikkje var så vanleg på den tida med skilsmisser som det er i dag. Eg hugser godt det som seies om Ibsen og "Et dukkehjem", der Ibsen måtte lage ein alternativ slutt pga opptøyene som kom i kjølvannet av dramaet. (Kvinna forlot mannen.....). Fasaden var viktigare enn alt anna. (Det er det vel mange som syns den dag i dag...........)Amalie Skram har faktisk skrive ein bokanmeldelse på nettopp dette stykket.
Det første ekteskapet til Amalie sørga vel, såvidt eg veit, for at ho fekk nervesamanbrot og hamna på Gausdal asyl. Eit slikt ekteskap er nok ikkje å trakte etter.

Når det gjeld forfattarskapet hennar, henta ho som regel stoff frå Bergen og området rundt der. Det gjeld også Hellemyrsfolket som er eit verk på fire bøker. Eg har ikkje lest alle fire, men eg har høveleg god kjennskap til den eine som heiter "Sjur Gabriel". I norsk litteraturhistorie er nok Hellemyrsfolket det mest naturalistiske verket som er laga. Det handlar om ei slekt i forfall, fattigdom og klasseforskjell. Sjur Gabriel handlar om ein småbrukar- og fiskefamilie i Hellen. Akkurat det området er rett utanfor Bergen og ein er nødt å ta seg dit med båt. Sjur og kjerringa, Oline, har ni born på tolv år. Av desse døydde fire. Det er ikkje vanskeleg å sjå kva det gjer med eit menneske å overleve sit eiga born, og her er det faktisk snakk om fire. Klart Oline bekkar under. Det ville eg også gjort. Berre ikkje på same måten som ho. Eg er ikkje akkurat skapt for å ty til alkohol som middel for å døyve smerter. Det er nettopp brennevin ho finn trøyst i.

Sjur Gabriel kjempar fortvilt etter eit betre liv. Kjerringa si livsførsel hjelper ikkje så veldig på den biten. I bakhovudet er han klar over at han er skuld i at eit anna born døydde attende i tid. Han er tynga av skuld, og då han mistar "favorittsonen" sin, er han sikker på at det er straffa hans for det som skjedde tidlegare. Sjur Gabriel hamnar på kjøret han også. Brennevinet øydelegg han............

Eg skreiv at det var eit naturalistisk verk. Det kjem spesielt tydeleg fram då familien treng lege til sonen (før han døyr). Det er nesten håplaust å få ein lege til å bli med til Hellemyren. Her er klasseskiljet framtredande. Sjur Gabriel er ikkje rik nok!
Akkurat den problemstillinga ville ikkje gjort seg gjeldande i dag. I alle høve ikkje på Hellemyren. Så lenge det er norske menneske det er snakk om, så har vi samme rettigheiter alle saman. Sonen til Sjur Gabriel ville nok døydd likevel, men bekymringane til familien var vel store nokom dei ikkje måtte tenke på om det var mogleg å få lege. Det å vite at sin eiga son ikkje er verdt noko for dei som er rikare......Nei, i dag ville vi kalla slikt for fordommar! Sånn sett er det fingt at Amalie Skram tar opp fattigdommens problem og dei fattiges kamp for tilværelsen. Ved å lese om det, blir vi klar over kor godt vi eigentleg har det. Det er viktig at vi aldri gløymer det. (Eg trur nemleg vi alle og einkvar gjer det innimellom. I alle høve gjer eg det).

Realistane meinte at menneska sjølv hadde ansvar for sine handlingar. Naturalistane skulda på samfunnet. Det pessimistiske menneskesynet som var, sa at ein hadde liten sjanse til å endre på livsvilkåra sine. Var ein først født under usle kår, så sat ein alltid fast der.
Eg trur nok eg hamnar litt i mellom desse to sjangrane. Eg er vel aller mest einig med realistane. Eg meiner vi har sjølv ansvar for livet vi lev. Dei fleste er der dei er pga vala dei har gjort. (Men dog ikkje alle). Sjølv om eg meiner det, er eg samtidig fullt klar over at vi har eit samfunn som påverkar oss. Kven vi veks opp med, kven vi får til vener, kven vi skaper familie med osv osv....... Det er mange moment som er med og påverkar kvardagen til dei fleste. Sjølv den beste kan trå feil.
Er du født inn i ein familie som ikkje har midlar eller gode evner til å følgje deg opp, så stemmer det vel at sjansen for å ikkje hamne i øverste sjiktet er rimeleg godt tilstades. Eg meiner absolutt ikkje å trå nokon som helst på tærne her, så eg beklagar verkeleg om enkelte av lesarane mine føler seg truffen av det eg skriv. Eg har stor respekt for alle, uavhegig om dei er rik eller fattig, så forstå meg rett når eg skriv kva mi personlege meining er. Som eit ordtak seier: "Ingen regel utan unntak". Det blir litt sånn i denne samanhengen også. Eg vil berre fram til at det i mange tilfeller er slik.

Jaja......Nok om det. Sidan Amalie Skram er blitt skriven om her, burde eg kanskje ta for meg Arne Garborg også??! Thihi..... .... Eg ler litt. Einaste årsaka til at eg skreiv det, er avdi Garborg har seksualitet som tema. Eit tabubelagt tema som førte til ein usunn seksualmoral og ei utnytting av kvinner. Det kunne jo vore gøy å drøfta det, eller....... Kanskje eg berre skal la vere? Eg trur nok det, ja:=)

Så fekk eg skrive litt i dag også. Så bra!
Det er snart (ikkje heilt enno) tid for Anne Holt og godsenga. Jada!!! Anne Holt og eg trives godt ilag vi. Grepa jente, det:=) Sukk.....Så gøy eg har det. Anne Holt får ta seg av skrivinga, så skal eg ta for meg lesinga av det ho skriv, I SENGA!! Beklagar viss eg lot deg fare i veg med tankane dine.....Anne Holt og eg i senga. Fysj..........

Hasta luego!
<3

I open my heart and let you in
to live there forever.

If you only knew what I feel for you.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar