søndag 3. juli 2011

Helga er over.

Så er vi på vegen att. Denne gong er vi på tur heim. Vi har lagt bak oss ei kjempetriveleg helg. Oldervika, eg kunne tenkt meg å ha vore her ei heile uke når eg først var her. Vi har ikkje mangla noko.......

Eg skal ikkje påstå at eg kom meg opp til fellesfrokosten begge dagane. Sanninga er vel meir lik det at eg ikkje deltok på ein einaste ein av dei. Når vi møter folk det er lenge sidan vi har møtt, ja, då seier det seg sjølv at det blir seint før dyna blir trekt over hovudet. Denne helga var ikkje noko unntak på det området. Motet stig også i takt med andre ting, og utfordringar dukka opp med jamne mellomrom. Martin var ikkje så høg i hatten då han utfordra far sin (onkel Egil) til eit bad i elvemunningen., Han var sikker på at faren skulle seie nei og vere pngle. Då han reiste seg frå sofaen klokka to på natta og sa "Ja, kom!", var det heller ungdommen sjølv som nesten fekk kalde føter. Dei måtte pent nødt til å ta seg eit bad begge to. Gåsehuden på kroppane deira stod som svære byllar langs armane deira. Til og med eg som stod på land for å ta bilete hadde byllar!! Eg fraus av å sjå på dei. Det var overskya og rimeleg kaldt i vèret, og vannet som kom ned frå fjellet hadde enno eindel snøsmelting i seg. Det kom litt styggord frå dei badande......forståeleg nok. Heldige meg som slapp unna på grunn av såra frå forrige helg. Eg hadde aldri fått sluppe så billig unna om det ikkje hadde vore for det. Det er ikkje berre eg som er stor i kjeften i slekta!!

Turen som blei arrangert laurdagen, var ikkje av det tyngste slaget, så eg kanselerte den ikkje likevel. Glad er eg for det, for det var ein fin tur. Spørsmåla langs "stien" var ikkje på det lettaste nivået og det var ikkje berre, berre for dei små grå å få reie på kva dei skulle svare. Vi gjorde eit hederleg forsøk og fekk faktisk nokre poeng. Vi er megastolte!!!!

Likevel, sjølv om det var mykje kjekt, er det nok laurdagskvelden som står att som det gøyaste. "Den store klassefeste"-duellen var rktig så gjevande. Eg hadde mine tjue spørsmål, men i takt med dei edlere dråper og etterkvart som motet steig, blei det laga tjue nye.......så eg fekk meg heile to duellar. Det var gøy.
Mest sjarmerande var det nok når dei to små søte borna, Ida og Steffen, hadde spørsmåla sine. Dei var superflinke!! Riktig nokre sjarmtroll.

I dag er det heimovertur, noko som er det kjedelegaste i verda. Det var litt trist å ta farvel med dei anre, for det blir heilt sikkert lenge til neste gong. Sånn er det berre. Desto hyggelegare er det då at alt gjekk bra:=)
No ser eg Ishavskatedralen for mitt blotte øye. Brua som går over til øya......Det er ikkje fritt for at eg ønsker at det skulle vore ein heilt anna dag enn sundag. Jaja, så slepp pengane å brenne i lomma mi. Kanskje like greit.......... Lysta er der. Tromsø er vel ein by der ein treng meir enn berre èin dag på seg.
Vi kunne jo sjølvsagt ha joina onkel Egil og dei som dro på Nordlysplanatoriet, men eg er stygt redd for at det ikkje heilt ville ha fenga meg så veldig. Eg har vore der før (riktig nok var eg eindel yngre då) og då fenga det meg i alle høve ikkje. Eg lata sikkert som eg likte det for å glede mor mi, for eg syns å minnast at ho syns det var bra.

Akkurat no var det ein tulling som køyrte forbi oss. Tulling avdi det var rimeleg farleg. Vi held fartsgrensa, så sjølv om her er lang bilrekke foran oss, går det radig unna. Det kjem like mange bilar mot oss og det er ikkje store romma for forbikøyringer. Her er det nok ikkje nok å stole på seg sjølv som sjåfør. Viss det er fleire slike tullingar blant sjåførane her på strekninga, ja, då er det berre å vere vaken. Det er ikkje lenge sidan sist det var ei ulykke her. Det er så teit at vår tur skal bli forringa v frykta for at ein eller annan idiot skal vere for tøff i trafikken. Godt er det at dei har gode vegar her i Troms.

Vi har 32,6 mil med asfalt foran oss før vi kan stige ut av doningen og inn i luftslottet vårt. Det blir godt å få sove i eiga seng. Vi har hatt eit herleg vertskap i helga, men det stemmer godt med borte bra og heime best! Ferdig med det. At ikkje sola skin så grueleg mykje langs denne E6-ruta, gjer ikkje så mykje, men når eg kjem heim, skal eg verkeleg leite etter sola. Så håper eg at eg finn den i Tysfjord.

I baksetet sit det ein og nynnar så fint. Han har ikkje arva mora sitt behov for å ikkje stikke seg sånn ut i mengden( jjada...) Medan eg er grueleg beskjeden, står han fram med den største sjølvsikkerheita. I går stod han plutseleg på scena foran alle og dro i gang ein lang song. Ein riktig så sjarmerande liten entertainer. Då han i tillegg byrja å klappe på slutten for å få folk til å klappe med, ja, say no more....... (Eg er beskjeden.?? Er eg ikkje??)!!!!!!

Nei, kva er det som skjer?? I gråvèret sat eg og skreiv om at eg skal leite etter sola. Det går ikkje an.......Når eg no ser opp på himmelen, er det nesten skyfritt. Går det an, då?? Jaja......lykke!!!! Kanskje eg har nokon der opp som speler på lag med meg!?! Berre så synd at ein ikkje får farge gjennom bilvindauget.

Ha ein fortsatt fin sundag! Nyt dagen om du ikkje sit innesperra i ein bil, slik som eg:=)

Hasta luego:!

I'm the one who wants to be with you...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar