torsdag 30. juni 2011

"Den store klassefesten"......

Det er torsdag og formen er stigande (trur eg)......... Eg hadde eigentleg sett for meg at eg skulle på fjelltur i  Tromsdalen i helga, men akkurat dei tankane trur eg berre eg skal legge vekk med dei første. Det er greit å vere optimist, men det er også lov å vere fornuftig ein sjeldan gong også! Så difor skal eg vere det denne gongen. Eg skal heller slappe av medan dei andre svettar seg avgarde på tur. Dei andre er slektningar frå fjern og nær. Eg skal på slektstreff.
Fjelltur kan eg utsette til over helga. Vi har då nok av fjell her heime:=)

Overskrifta kjem av at eg nett har laga spørsmål som eg skal ha med meg i helga. Vi skal ha eit opplegg ala "Den store klassefesten", så det kan jo bli gøy. Så spørs det kven som skal svare på mine spørsmål. Det er ikkje berre, berre å vite om eg har kyssa ein politimann i teneste eller om eg har vore etterlyst av politiet. Har eg hatt Åse Kleveland til bords? Ikkje alle spørsmåla er like snille som det, men eg kan jo ikkje avsløre alt heller. Thihihi..........  (To av desse tre er sann!)

Tre dagar på hytta har vore ganske deileg. Seine kveldar og minst like seine morgontimar. Ikkje snakk om å slippe lyset for tidleg inn der, nei. Spørs om ein får til å sove i kveld når ein bør legge seg litt tidlegare. Tvilar.....
Det einaste aberet denne uka er at sola ikkje vil vise seg frå den beste sida si. Den her tåka og regnet er ikkje motiverande for noko som helst. Det blir meir mygg av det også! Akkurat det har eg bestemt meg for å trosse. Mygga skal ikkje få stoppe meg frå å ha fine stunder på verandaen om kveldane. Det får vere måte på kor gøy det er å spille kort heile dagen og kvelden. (Det er ofte det som skjer når vèret er slik det er no). Det er sjølvsagt gøy, men ikkje riktig såååååå gøy. Nei, det er godt vi har ho Anne Holt innimellom slaga.
(Om sola lover å skjerpe seg, skal eg love å halde meg her i Tysfjord mesteparten av sommaren).

Eg har framleis ikkje lyst på dei oppdressa typane frå avisa her om dagen, men framsidene etter det har vore litt betre. Det einaste eg irriterar meg over, er at det bestandig må stå noko om forhold. "Slik blir forholdet ditt lykkeleg." "Slik bevarar du forholdet ditt". Pisspreik!! Viss det berre var å følge ein fasit.......Ja, då hadde det vore enkelt. Har dei ikkje betre å skrive om. Det kan jo vere at enkelte ser ei hjelp i det som står, men eg tvilar....... Hm!
Det er berre det at det er det same kvart einaste år. Det er akkurat det same som kjem til å prege kvardagen neste sommar også. Av ein eller annan grunn har det blitt eit årstidssyndrom. Resept på forhold. Resepten som held deg frisk! Eg las det i fjor og no har eg lest det i år også. Eg syns ikkje eg er blitt så mykje klokare. "Ikkje kommenter størrelsen", "Tør å si hva du ikke liker i senga", "Ikke skyld på hodepine om du ikke har det"........bla, bla, bla....... Eg trur eg får spasmer i tolvfingertarmen!! Er det berre det som skjer i senga som er avgjerande for eit forhold? Det kan nesten virke slik. Stakkars folk. Synd det då ikkje er tillatt med fleirkoneri. Tru kor lykkeleg mannfolka då kunne blitt:=) Så kunne dei kvinnfolka som ikkje var så verpesjuke ta seg pausar innimellom. Om ikkje sjalusien tar overhand og dukar for kvinnekampar. We love girlfights!!
Nei, tru om nokon skulle ha halde ut med tre ganger Beathe. Då trur eg det hadde blitt stakkars mann. Hahaha.......... Det får vere nok med EI kjerring og så får heller dei som har lyst til det, ha eit par på si.

Kvifor snakkar vi alltid om fleikoneri?? Eg trur aldri eg har høyrt uttrykket "fleirmanneri"....... Kva om vi kunne ha valgt oss ut fleire menn?! Det kunne jo ha vore digg:=)  
Jada. eg veit eg er ei tøvsjur..........og jada, eg skal gå å legge meg.  Likevel, tanken var jo ikkje såååå dum? Ikkje før eg vaknar i morgon tidleg og hugsar at eg har skrive nett det og syns det er suuuuperteit, men veljer likevel å la det stå! (Eg har vore i ro for lenge).

God natt og hasta luego:=)

It's worth it.........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar