mandag 13. juni 2011

Måndag 13.juni.

Hmm......Det er visst gått nesten ei uke sidan eg sat på Gardermoen, og likevel har eg ikkje klart å få hovudet med inn her før no (og det utan at eg eigentleg har noko fornuftig å kome med). Jaja, her er eg, så får eg vel bli her ei stund då...

Trur du ikkje eg tok med meg det deilege vèret heim att til Noreg, avdeling nord. Snakk om god timing! Det er slett ikkje å forakte for ei som gladeleg brettar seg ut i sola og lar huden nyte dei "farlege" strålane som sola spyr ut. Det seies at vi alle treng sol på kroppen, så då tar eg dei gladeleg på ordet!! Thihii....
Likevel er det ikkje alltid så positivt med denne varmen. På dagtid til dømes. På eit lukka klasserom med sola rett mot seg, kan det fort bli varmt. Grueleg varmt. Då seier det seg sjølv at det er kjempelett å hente rette inspirasjonen til skulearbeid for både små og store!! Dei siste dagane før helga var i så måte litt for varm........ (men eg klagar ikkje).

Ellers er sola perfekt for lesing. Å sole seg er i same slengen ein unik sjanse til å få med seg siste nytt innan bokverda. Sjølv kjøpte eg boka Jo Nesbø kom ut med i forrige uke(?? eller noko sånt). Eit herleg utgangspunkt for ein topplaus verandakvardag for seg sjølv. Musikk i bakgrunnen, alle dei andre på stranda..........kunne eg klage, då? Nope! Livet var det eg vil kalle for herleg. Så eg tur eg kan bli godt vant med slike dagar. Men evig varar dei aldri.......

Attende til kvardagen er det flom og andre ulykksalige saker som opptar samfunnet og media. Lite teit av han der artigkaren som ikkje skjønna at alt vannet over vegbanen tyda på at her er det ikkje trygt å køyre. Kanskje han såg på det som sin einaste sjanse til å kome på riksdekkande tv. I så måte lukkast han.......:=) Nei, flom og flom og flom. Ein ting fattar eg ikkje. Sjølv om det ikkje er like gigatisk flom kvart år, så har det vore det tidlegare. Kvifor tar ein ikkje lærdom av det og demmar opp enkelte stader. Det er vel ikkje til å stikke under eit teppe at enkelte stader vil det vere vanskeleg å hindre flom, men ein må jo kunne forebygge der det går an?? Ja, det kostar mykje, men det kostar meir kvar gong det blir storflom. Det er sikkert berre teit det eg meiner, for ellers ville dei vel ha gjort det for lengst??! Sukk.... Flommen råkar ikkje meg direkte, så sånn sett må den berre fortsette i det uendelege. Likevel, eg tenkte eg kunne vere pittelitt solidarisk med dei som faktisk blir råka. No er den uansett på hell.......

Akkurat no er eg her berre på trass. Eg leitar og leitar og dei små grå sirkulerer for fullt oppi topplokket. Eg har eigentleg ingenting å skrive om. Mest har eg lyst til å fortsette på boka eg les. Det er gøy å lese når ein ikkje klarar å la vere å lese. Spenningsromanar er digg.
Det er varmt, eg har skrytt av sola, men det er ikkje digg om natta. Her under dyna er det alt for varmt. Det er bakdelen med varme dagar. Likevel, eg vil ikkje bytte dei bort med noko. Det er så mange glade mennesker rundt meg for tida. Eg er ikkje i tvil om at sola er ein medårsak til nettopp det:=)

Dei små grå har sovna og eg gjer meg hen til Harry Hole. (Hm.......... Det høyrtes mykje betre ut oppi hovudet mitt enn å sjå det på trykk). Hehe..... Så håper eg på ein fin dag i morgon. Vi ses!

Hasta luego:=)

Listen to me.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar