tirsdag 28. juni 2011

Måndag 27.juni.

Så sit eg her att og alt er ok. I kveld er det ok, men det var langt frå ok då eg blei henta med legeskyssen på Grunnvoll. I lang tid hadde eg gledd meg til å dra inn i fjorden. Dagane kunne ikkje gå fort nok. I bakhovudet visste eg at graset der inne mest sannsynleg var megahøyt og verkeleg trengte ein klipp. Ein klipp eg såg fram til med glede.

Det byrja fredags formiddag. Utpå dagen auka det litt på. Smertene. Eg ville ikkje tru det. Ikkje akkurat den dagen. Dagen eg hadde gledd meg sånn til. "Det er sikkert berre berre noko som snart går over", tenkte eg for meg sjølv og gøymde meg på badet av alle stader. Det blei litt likare.

Klokka blei fire og det var på tide å dra. Eg sa ikkje eitt ord om at det gjorde vondt. Eg var redd turen då ville bli avlyst. Eg beit det i meg og innover fjorden bar det.
Det var kjempefint å komme inn dit og eg prøvde å klippe litt gras. Det var ikkje så givande som det brukar. Hovudet hadde fokus på heilt andre ting enn grasklipping. Det blei ikkje noko betre etterkvart.

Det var ein som ville ringe doktoren, men eg nekta. Eg ville ikkje ha noko snakk om slikt. "Dei har vel viktigare ting å halde på med enn å høyre på sytet mitt!"......... Eg ga meg ikkje. Då han vakna av at eg låg samankrølla på stovegolvet, var det berre å bite i det sure eplet og la han ringe. Eg skjønte vel etterkvart at det ikkje kom til å gå over. Likevel......Eg syns det var litt flaut å få hjelp rundt midnatt seine fredagskvelden.
Ein ting er sikkert. Vi er bra privilegiert her til lands som får slik ein service. Langt inne i eit fjordhol. Båten hadde til og med ambulansepersonellet inn dit.
Glad er eg for t det var ein som var sta'are enn eg, for det ville ikkje gått over av seg sjølv.
Hadde eg berre vore mann! Då hadde eg sluppe det heile. Det er kun kvinnfolk som kan hamne i ein situasjon som dette.

Jaja...... No får eg to fine arr på kroppen (heldigvis ikkje så store, trur eg). Det måtte ein liten operasjon til for å få bort smertene. No er det heilt ok. Ikkje meir enn det. Det gjer ikkje direkte vondt lengre, men eg kjenner litt. Det går nok fort over. I alle fall om eg tar det litt med ro ein dag eller to. (Lettare sagt enn gjort). Eg har styra grueleg i kveld, så eg kjenner det godt. Typisk meg.
Det einaste som er litt dumt, er at under navlen har eg nok av kompressorar. Det passar vel ikkje akkurat så fantastisk godt med årstida og eventuelle bikinidagar. Om eg soler meg, vil jo huden  bli lysare der eg er tildekka. Det er krise, det! Kva kvinnfolk er det som likar det?? Eg spør no berre.......... Eg overlever det også:=)

I kveld har eg satt husbonden i arbeid. I og med at eg ikkje klarar å vere 100% med, har eg satt han til å skru saman ei bokhylle for meg (ei stor sådan - med 20 hyller). Han er god til å "bainnes" når det gjeld!! Slikt arbeid er det verste han veit. Då han prøvde seg på meg med strofa "Det her er det verste som finnes på jord", sa eg berre "Eg har hatt det verre i helga, så berre fortsett med arbeidet". Og så flira eg inni meg sjølv. Stakkars mann! Eg skulle gjerne gjort det sjølv, men tilstanden.........Shit happens. Han syns sikkert at det var veldig gøy at eg stod der og veileia han. Skikkeleg kult:=)
Vi levde oss så inn i det at vi fekk ein lykkeleg gut i huset. Klokka blei halv elleve og enno ingen som hadde bedt han om å leggje seg. For ei lykke!!! 3 timar på overtid. Halv ti var han enno utanfor huset og leika. Må tru kva naboane tenkte når ein sjuåring sprang som gal her ute på plenen seine kvelden. Hehe...... Er det ferie så er det ferie. Vi har kanskje eit ørlite håp om at han ikkje vaknar før klokka ti i morgon tidleg. Det vil rett og slett ikkje vere å forrakte.

Eg fekk ialle høve lest mykje i helga. Sånn bortimot fem hundre sider er vel ikkje akkurat lite. "En plass i solen" med Liza Marklund(?). Namnet stod stille ei stund, men eg trur det blei rett. Så sidan eg har lest ho ut, måtte eg jo ha meg ei ny bok. Eg var innom og kjøpte meg ei ny bok før eg for heim i dag. Det blei ei bok Anne Holt har skrive i lag med broren sin. Eg hugsar ikkje heilt tittelen, men den virkar heilt ok.
Om eg ikkje tar heilt feil, har eg sikkert lest ti bøker berre sidan påske. Det har tatt heilt av. Som regel går det i periodar, det med den her leselysta, men det siste året har den berre auka og auka. Det er akkurat som at eg ikkje får lest nok. Om det er av di eg har vore heldig med valg av bøker skal vere usagt. Gøy er det uansett! Gøy?? Hmmmm........ Det høyrtes betre ut inni hovudet enn det var å lese det. Lesing er vel ikkje direkte gøy. Det er vel aller helst andre ord som passar betre.
Eg er byrja å henge meg litt opp i synsvinkel osv i bøkene. Om det er av di det har vore eindel av eksamensførebuingane eller ikkje, er eg usikker på. Eg er i alle høve blitt merksam på at enkelte synsvinklingar gjer ting litt meir spanande enn andre. Det har eg eigentleg aldri brukt å gruble så mykje over før. Jaja.....Eg får sjå på det som ein positiv ting.

Nei, det er måndags kveld, det er seint og sjølv om det er skulefri, kan det vere greit å få dagane med seg. (Spør meg - eg veit kva eg snakkar om etter å ha mista nokre dagar). Det er bekka over til tysdag allereie.... Kanskje eg skal bli eit utprga b-menneske? Kan ta det opp til vurdering med meg sjølv.....Spørs om eg kjem nokon veg. Eg styrer visst ikkje det der heilt sjølv. Heldigvis er det ingen superutprega a-menneske her i huset heller. Det trengs ikkje song rundt øyrene før etter ni. (Akkurat det er leveleg.......). Ikkje det at det er så mange fleire enn eg som syng i dette huset, då........, men det kunne jo ha vore?!!
Eg kjem nok aldri tilnå ta etter far min som kunne finne på å gå til Kjøpsvikvannet med "Tyson" klokka fem om morgonen, og attpåtil møte ein av kollegaene mine der (opptil fleire gonger). Det er å vere "harry" det. Neisåmen om eg sviktar den gode og varme dyna mi for ein tur i skogen!!  Om det ikkje er noko spesielt som lokkar då. Unntak finnes alltid:=)   (No var det snakk om kl fem om morgonen, så det er sagt). Då ligg eg heller og drøymer om kjekke og musuløse karar.

Eg har ikkje lest dagens "Dagbladet", men eg fekk med meg kva som stod på framsida. Førstesidestoff bør jo i utgangspunktet vere litt viktig og interessant. Her er dagens førstesidestoff i avisa. 33 ting vi gjer feil i senga! Absolutt verdt å lese om. Mon tru kva krise det handlar om? Eg såg aldri inni avisa. Jonas slår knockout på Jens. Nei, det stod ikkje det. Eg hugsar ikkje kva det stod, men det var noko i nærleiken av det. Det handla sjølvsagt om at dei var draumesvigerson, hadde fine dressar osv, osv.......... Verkeleg noko å ha som førstesidestoff.
No trur eg faktisk mor mi ville ha syntes at det hadde vore digg med Jonas Gahr Støre eller Jens Stoltenberg til svigerson. Eg har ikkje den minste tvil der. Stakkars menn, dei skulle fått noko å bryne seg på, politisk! No må eg ærleg innrømme at eg ikkje ville ha hatt nokon av dei, men det er det sikkert ingen som trur på likevel. Hihihi........ Likevel. Ærleg talt!!! Førstesidestoff. Skjer det ingenting i denne verda som er meir interssant enn akkurat dette?? Eg driter vel i kven av dei to som har den finaste dressen. Eg er då meir interessert i det som er innanfor dressen!!! Give me something real:=)

Jaja...... Det var dagens utblåsning. Eg skulle legge meg for eit kvarter sidan, her sit eg enno. Kanskje ein MANI?? Shit!!  Det krøller seg visst litt her oppi skrotten. Ikkje rart det........

Ha ei fortreffeleg god natt!! :=) Draum søtt!!!
Hasta luego!

I miss you all the time......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar