tirsdag 7. juni 2011

Gardermoen!

Gardermoen, Noreg. We're back in buissness....... Etter å ha blitt avbroten av ein buss i morges, er eg på nett på ny. Einaste forskjellen er landet og vèret. Frå sol og varme til overskya og "kaldt". Jaja, det blir uansett godt å kome heim att (ein god del brunare enn då eg dro, ja!!).
Eigentleg skulle eg skildre korleis det var å sitje på hotellverandaen og nyte sola medan vi venta på bussen. Eg hadde jo tenkt å verkeleg nyte sola til siste sekund, men ein ivrig sjåfør dukka opp ein halv time før tida. Ikkje noko gale i det eigentleg. Då fekk vi jo betre tid på taxfree'en i Dubrovnik. Jepp......eg hadde planar der!

Det er tysdag og her sit eg med mange inntrykk av den siste uka. Eg har sett og lært mykje. Berre det å gå muren var ei oppleving eg blir å hugse lenge. Vi har besøkt fleire kyrkjer, synagoge, jødekvartal og krigsfotogalleriet. I tillegg har vi hatt ein fantastisk ekskursjon til tre store øyer lengre ut i havet utenfor Dubrovnik. Likevel, det er ikkje desse tinga eg har tenkt å skrive om no. På ein slik tur er også det sosiale viktig. Vi har brukt mykje tid på å kose oss i lag desse dagane. 16 born og 3 vaksne på tur til Balkan. Denne gongen vel eg å legge vekt på det "gøye" vi har opplevd.

Vi har hatt våres turar til Gamlebyen. Spesielt èin butikk blei nedrendt av ivrige kjøpsvikingar. T-skjortebutikken der ein sjølv kunne bestemme motivet, var ein suksess. Sjølv sørga eg for å få laga ei skjorte med teksten "I am not normal" og "I am too sexy for this t-shirt".
EIN ting eg aldri kjem til å gløyme, er turen vi tre vaksne heilt ufrivillig la ut på. Alt på grunn av ei heller dårleg forklaring av retning av ein av dei yngre i troppen. Etter ei halv mil og plutseleg ny by, skjønna vi at noko måtte vere galt, veeeeldig galt. No hadde eg greie sko på meg, men det var verre med ho andre knetta. Eg visste ikkje om eg skulle le eller gråte då eg blei klar over situasjonen. Eg har teke bilete, og under biletet skal det stå "Finn ein feil". Svaret? Feil by!!!!
Likevel, det var ikkje det verste. Vi var "pesse lei" av å gå (det var trass alt grueleg varmt), og såg ikkje heilt for oss å gå attende. Kva skulle vi eigentleg gjere?? Ingen bussjåførar gadd å stoppa då vi prøvde å stanse dei på tur forbi oss. Etterkvart kom vi til ein utestad kor vertinna var veldig grei og ringte ei drosje for oss. DÅ byrja herleheita!!! Herreminhattoghuttetu..........Alldri har eg opplevd verre. Då vi satte oss inn i den "flotte" Mercedesen og sa kor vi skulle, blei vi regelrett skjelt ut av den fjotten av ein taxisjåfør. Steike ta for ein fyr. Kven i svarten var vi som bestilte ei drosje for usle fem km?? Hadde vi ikkje fått føter for å bruke dei?? Her hadde han måtta køyrt fem km for å plukke oss opp og så skulle vi ikkje lengre. Idiotar var vi og vi måtte skjønne at han ikkje syns det er noko særleg å køyre drosje på denne tida av døgeret. (Trur ho var sånn sirka fem på ettermiddagen....)
Etter å ha kjefta heile vegen, spurte han kor vi kjem frå. Då vi sa Noreg, byrja han plutseleg med å unnskulde seg. Eg skal i alle høve aldri ta drosje der meir. (Vi var i Grus og hamna i ein by vi ikkje veit namnet på).

Dagen etterpå skulle vi overvære ei gudsteneste i ei gammel kyrkje. "Det e gudstjeneste kvær dag klokka tolv"..........Joda, der sat vi og ingen prest dukka opp. Jau skit.

Mitt på torget mata dei fuglane i byen på laurdag. Aldri har vel eg sett så mange fuglar på ein og same gong (om eg tar bort lundefuglane på Lovund). Eg trur minst ein fem-seks av dei sneia meg både i håret og på nesen. Dei ga seg no vel katta i meg som stod der.
Det beste var likevel då ein av elevane pluseleg var så heldig at eine fuglen dreit på han. Det var nettopp same eleven som lokka oss ut i bortvekkistan dagen før, så eg trur vi må ha gana han riktig så mykje etter den turen.

Badeområdet nedanfor hotellet blei flittig brukt. Mykje av den ledige tida gjekk til bading, soling og vannscooter. Rundt stranda var vi så heldig at det gjekk netting frå eine enden til den andre (trudde vi). Vi hadde også svaret på kvifor nettingen var der (under vann). Sjølvsagt var det av di det er mykje hai der!! Vi var sikker i vår sak. Sidan nettet var der, bada vi kjempetrygt. Fleire av oss valgte å svømme heilt ut til nettingen, berre for å oppdage at det slett ikkje var noko netting der. Det var berre tau med blåser for å hindre båter i å kome inn der. Stakkars den eine lille venen vår.......... Han fekk no litt panikk då han blei klar over det. "Shit! Då e vi jo ikkje beskytta mot hai, då!??!" Han la på svøm i full fart innover att. Vi flirte godt...... Han summa seg like etterpå og alt var greitt. Likevel, reaksjonen er verdt å hugse:=)

Sjølv blei eg sjekka opp av ein ungfole..... I går kveld sat eg og Sissel på verandaen då ein bil med tre ungfoler køyrde forbi. Like etterpå snudde dei og kom attende. Tja, det var jo fine tilbod dei kom med. Sjølv laug eg så eg trudde det sjølv. Eg var mangemillionær som berre var der for å prøve ut korleis dei med lite pengar levde. Diverre sikta eg litt høgare enn dei ungfolane der. Dei tok det heile med fatning og dei måtte finne seg ei anna og "herse" med. Vi fekk oss ein god latter, og det var ikkje ille å bli lagt merke til av yngre "gutar". Likevel.........slike ser eg ikkje på.

10-11 av borna har hatt sine adrenalinkick då dei køyrde vannscooter. Dei som eige scooterane tente nok gode pengar på ungdommen. Sjølv prøvde eg ikkje. Eg får ha det til gode.

På sundag var vi på ein herleg ekskursjon på havet. Vi besøkte tre øyer ute i havet og det var ei oppleving som var vel verdt pengane. Denne turen får eg kome inn på seinare. Det er visst berre litt over ein halv time til avgang. Det er på tide å oppsøke gaten vår så vi kjem oss nordover.
Null stress her:=)

Hasta luego!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar