torsdag 2. juni 2011

Tre dager......

Så var eg her att:=) Tre dager er gått og vi har det heilt supert. Vi har vore knallheldige med vèret heile tida og vi blir alle fin og brun i sola. I dag var planen å besøke kyrkja St. Ignacio. Vi har gjort det, men etter å ha titta ut vindauget på morgonkvisten, sa det seg sjølv at stranda måtte avleggast ein tur først. Vi kom oss tidleg ned og fekk oss fleire timar i sola. Bading, soling, tennis, you name it. Om ikkje dette er bra for kropp og sjel, ja, då veit ikkje eg. Det er rett og slett deileg å vere her.

Kl.15 dro vi til Gamlebyen att for å besøke kyrkja. Det er heilt utroleg kva menneska laga for så lang tid attende i historia. Javisst har vi Nidarosdomen og andre fine kyrkjer, men hallo.......Ingenting kan vel måle seg med ei slik kyrkje som dei har her på Balkan. Det var lett å sjå kor dei ulike kyrkjelege "seremoniane" blei utført. Dei hadde eigne avdelingar for, fødsel, vanleg gudsteneste, gravferd osv...... Utsmykkinga var heilt rå! Heile taket framme var eit gedigent maleri. Elevane blei nesten gudelege då dei kom inn der. Dei blei nok imponerte over det dei såg.

Etter at kyrkja var besøkt, tok vi og vandra langs dei trange gatene under muren. Det er heilt utroleg at folk kan bu slik. Det er ikkje vi som hadde takla slike forhold. Klesvasken?? Den hang høgt oppe i lufta i områder som ikkje dufta så altfor godt. I tillegg var det litt "heavy" å sjå ein halshuggings-gapestokk "for real". Ingen av oss turte ta hovudet inn i den for å få eit bra bilete!!
Denne gåturen endte opp i akvariumet i Gamlebyen. Fleire hadde gleda seg til å sjå dei spesielle havartane dei har her, og dei blei ikkje skuffa. Nokre av "dyra" valgte også å vise seg litt fram. Riktig nokre entertainere:=)
Turen blei avslutta med besøk i butikkane. Trur mange får svidd litt pengar, ja! (Akkurat som det skal vere).

Bussturane våre mellom hotellet og Gamlebyen er jo då eit kapittel for seg sjølv. Eg trur rett og slett at det ikkje finnes noko form for reglar her..... Eg veit dei har reglar, men dei blir ikkje etterfulgt nokon som helst stad når det kjem til trafikken.
Vel, det var bussturane eg starta med...... Det må nemnast at å ta buss ikkje er det mest komfortable ein kan gjere her. Bussane blir rett og slett overfylte. Det blir aldri fullt. Om det står folk langs heile midtgangen, ja, då tar sjåføren likevel opp fleire passasjerar. Det beste var då fleire av elevane blei pressa inn mellom setane for å få plass. Mange sat i fanget til kvarandre og føter dovna bort.
Billettane er veldig billig, så det er sikkert ingen som gidder å gå her. 10 kr for ein bussbillett er langt frå mykje. Vi har alle vore letta då vi har gått av bussen. (Men vi klagar ikkje...).

I morgon skal vi inn til Gruz. Det gler vi oss alle til. I morgon skal det vere den store "shoppingdagen". Om vèret blir som i dag, blir det først stranda og så butikkar. Det blir knall!!!!!
Jødekvartalet skal få seg eit besøk på laurdag. Det blir sikkert spesielt. Same dag vil bli avslutta med fotballkamp på storskjerm. Vi har allereie avtala det med sjefen for ein utestad her. Heldigvis spiller Kroatia kvelden før. Ellers trur eg vi ville fått problemar med å finne nokon som vil vise oss kampen. Vi gler oss:=)

No er det kveld og leggetid på ny. Dei fleste er slitne etter ein lang dag i sola. Det er ikkje akkurat kvardagskost for oss.
Sjølv skal eg legge meg ned og lese i krimboka mi før eg avsluttar kvelden med litt musikk i øyret. Det blir nok litt musikk eg kan drøyme meg bort i:=)

Ellers har eg rukke å skrive brev, så det blei sendt i dag. Tvilar på at det når fram før vi er heime, men det er jo lov til å håpe. Eg likar jo å skrive brev, så eg håpar jo då at det er gøy å få brev også, sjølv om det berre er frå meg:=)

Nei, no ser dei der "skumle" securitasmenna litt mykje på meg. Kanskje dei meiner eg burde slutte av og forlate foajeen? Ikkje veit eg, men eg trur eg vel å gjere det. Klokka er uansett halv tolv, så det ikkje akkurat tidleg. Eg ser fram til i morgon og håpar på ein ny, fin dag i lag med dei kjekke elevane. Så "høyres" vi kanskje i morgon kveld? Om tida gjer rom for det, dukkar eg nok opp her og mimrar litt frå "shoppingdagen" og Gruz. Så då attstår det berre å seie hasta luego!

I felt it when the sun came up this morning:=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar