torsdag 30. juli 2009

Fantastisk!




Det er snart august og hausten nærmar seg..... Heldigvis er det enno tid att av sommaren. Dei siste dagane har vore heilt fantastiske! Eg har vore på Grunnvoll og hadde vel eigentleg ikkje noko ønske om å dra ut derifrå enno.


Kan ikkje skryte om at vèret på havet var så fantastisk då vi for inn, men heilt inni fjorden var det faktisk vindstille! I alle høve var det deilig å komme inn på hytta til pappa og berre nyte utsikten ut over fjorden.


Grunnvoll er i seg sjølv eit eldorado. Det samme har hytta blitt! Med stor plen bak hytta ligger det vel til rette for aktivitetar for store og små.

Etter at vi kom inn slo godvèret til og har gleda oss desse dagane. I dag var vi på fisketur og la båten rett i utløpet av Mølnelva. Det var eit yrande fiskeliv og det var nesten umogleg å få dorga litt før det var fullt av fisk på krokane. Det passa for så vidt veldig bra sidan minstemann hadde lyst på fisk til middag.
Fasinerande har det vore når vi har fulgt med på nisa. Ho har stort sett lagt og vaka i skorpa heile tida.
Eg trur det er viktig at born lærer seg tidleg å bli glad i å dra på hyttetur. Får dei eit forhold til det som små born, er sjansen stor for at dei vil bruke det i vaksen alder også! Eg er vant med å vere heile somrar inne i fjorden frå då eg var lita, og med ein gong eg setter foten på kaia no kjenner eg at det synker inn ei slags ro. Det kjennest veldig trygt!
Eg trur nok at eg med tid og stunder må sjå meg om etter ein annan båt. Slik det er no er ein avhengig av båt for å komme dit, og det er det samme som om at ein er avhengig av vèret. Då treng ein ein litt meir solid båt.....ikkje berre ein liten fjortenfoting med 10 hestar. (Sjølv om pappa trimma hestane godt så dei går for femten)... :)
Ingenting kan vel slå den kule grillen vår!! Trur ikkje det er så mange som hadde kommen på at ein kan bruke ein oppvaskmaskin til grill... Tru det eller ei, men den gamle oppvaskmaskinen til kroa fungerer strålande som grill på hytta! Utroleg bra:) (Øverste bildet heilt til venstre - sølvfarge).
Det blir nok ikkje lenge til eg skal inn att. Tenker då at det blir bærplukking i hagen. (Bringebær og rips).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar