onsdag 22. juli 2009

For en utsikt!


Eg bestemte meg i går...i dag SKULLE eg opp til Svartvannet under fortoppen. Det var berre å overtale dei andre først. Minstemann sa sjølvsagt ja, tvert. Han elskar å gå i fjellet. Det er ikkje noko å seie på det når ein er så lett på foten som han. Det er vel kanskje litt verre med meg.
Det var godt å vakne tidleg og sjå at vèret var bra (ikkje regn). Vi heiv oss rundt og starta oppturen rundt halv tolv. Med oss på laget hadde vi Kåre, svigerbroren min.
Vi starta med friskt mot. Minstemann ville sjølvsagt gå fremst, og med onkelen på besøk var det berre å vike for alle andre. Ein liten gut med munndiarè skulle ha han i helane. Løypa starter eigentleg veldig bra. Ikkje dei store stigningane til å byrje med. Føremonen var då at vi rakk å gå oss varme før sjølve oppstiginga.
Tåka låg ganske langt nede, men vi var aldri redde for at vi måtte snu. Mest spent var eg på om Steffen som berre er fem år gamal ville klare turen. Det trengte vi ikkje uroe oss for. Han kom seg heilt til topps!! Trur ikkje det er så mange femåringer som har vore der oppe. Mange som er eldre har tidlegare måtta snu.... Då vi kom over tregrensa, fekk vi verkeleg sjå kor fint det er i området. Eg har gått turen ein gong tidlegare, men eg blei like overraska denne gongen og. Siste biten før vi kom så langt var ganske tung. Ein kjende det godt i beina.
Frå tregrensa og opp er det eit stykke å gå, men terrenget er mykje lettare. Heldigvis var det ingen som foreslo at vi ikkje ville nå toppen. (For opp skulle vi dersom eg fekk bestemme). Etter ein del spørring om det er langt att (ikkje Steffen), nådde vi endeleg målet. Svartvannet lå der blankt og fint. Skodda var letta og nokre isflak låg der i utløpet til elva. Alt så heilt perfekt ut. Det var heilt til ein liten gut fann ut at det var skøy å hoppe frå stein til stein.... Plups.. Der fall han rett i elva. Mora hadde jo sjølvsagt sett for seg at nokon skulle falle i elva, for det er vel naturlig??!! Så der stod eg... med ein liten gut og våte klede og utan skifteklede. La du merke til det som stod om isflak??? Det var få meter unna og følgeleg var det nok iskaldt i elva! Eg visste heldigvigvis råd:) Av ein eller annan merkeleg grunn tok eg på meg shorts under joggebuksa. Den fungerte bra som bukse til han. Så måtte eg av med sokkene mine. Stakkars, hjertet mitt kunne jo ikkje gå utan sokker i søkkvåte skor! Så eg gav han mine, tulla rundt litt plastikk og tredde på han skorne. Eg sjølv?? Eg måtte pent sjå meg nødt til å gå heile vegen ned med bare føtter i skorne. Det er rett og slett ikkje noko å anbefale. Det gjer vondt å gå no. Det einaste positive som kom ut av situasjonen var at eg lærte at eg aldri meir skal gå på tur utan ekstra sokker i sekken!
Turen var kjempefin. Til alle tysfjæringer og andre som ikkje har vore der ennå, kom dåke opp av sofaen og opp til Svartvannet. Og eg syns verkeleg eg har ein sprek son!!
(Då vi kom ned var all skodde borte og sola skein).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar