tirsdag 21. juli 2009

Sementblues 2009!

Så er den her att. Sementbluesen som så mange ser fram til. I år som før, vil nok heile ramma rundt festivalen bli veldig bra. Mange dyktige artistar kjem for å underhalde ei bygd som sannsynlegvis vil vere dobla akkurat denne helga. Eg ser fram til det!
Nytt av året er at eg sjølv skal vere artist. Ein heil time med speling laurdagen. Fleire i bandet byrjer å bli litt nervøse etterkvart som det nermar seg speling. Dei er alle så flinke, så det treng dei ikkje vere. Eg blir i alle høve veldig glad av å øve med dei:) Mange gøyale mimikkar og rørsler gjer det vanskeleg å halde seg alvorleg. Ingen kan vel heller skryte på seg at dei er så prektige at dei ikkje tåler ein "litt på kanten"-samtale. Namn skal sjølvsagt utelatast! :)
Shadows var det bandet som først slo igjennom i Europa. Difor har nok veldig mange som vaks opp på denne tida eit godt øyre til nettopp denne musikken. Sjølv om ingen i bandet direkte kan kallast gammel, er det ingen tvil om at majoriteten nettopp vaks opp med Shadows. To av dei var deltakarar i bandet Dynamites, som var prega av nettopp dette bandet. Dei har ikkje gløymt gamle kunstner..... Det er berre dansestega som må øvast inn!
Med heile 3 sologitaristar ligger det vel til rette for ei fin stund på laurdagen. Eg har min favoritt... :) Sjølv om vi er prega av Shadows er det nok eit par andre låter som ønsker seg plass på repertoarlista. Vokalisten takler det bra, så då får vi koristar også gjere vårt til at låtene skal høyrest bra ut.
Det er berre for alle å lausriva seg frå nerver og stå på. Eg er sikker på at konserten blir bra.

Før var det slik at ein hadde konsertar og opptredener å øve til stort sett kvar dag. Men det er ti år sidan no..... Ein har ikkje dei same høvene til det her i bygda. Då sei det seg sjølv at nivået synker. Difor er det gøy, spesielt for meg, at eg innimellom får spele litt i lag med Dynamitesgjengen. Det er nesten som ein går og ønsker at det skal dukke opp høve mykje oftare.
No ser eg berre fram til laurdagen og håper på eit folksomt torg i sentrum.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar