Det er torsdag og ute regner det. Håper virkeleg at det ikkje er tilfellet i morgon. Då opner festivalen, og ingenting er vel betre enn at det blir fint vèr.
I dag har eg hatt heile 4 born rundt meg i fleire timar. To femåringar og to niåringar. Fann ut at det beste måtte vere å ta dei med på storbana for å trene litt fotball. Med stive og vonde føter etter gårdagens tur til Svartvannet var sjansen stor for at mi eiga deltaking ikkje ville vere så stor. I dag lærte eg at born ikkje skjønner dette, og det var berre å hive seg med i springinga...
I kveld har eg vore og øvd med bandet. Med bassisten vel til rette gjekk det heile storveis. Gleder meg til laurdag og er ganske sikker på at alt vil gå bra. Solistoppdraga kunne nok vore litt meir fordelt mellom dei tre som speler, men det er noko ein kan ta høgde for til neste konsert.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar