søndag 26. juli 2009

Det er sol!!!

For ein deilig dag å vakne opp til!! Eg er ganske trøytt med tanke på at det blei seint i går og at eg var tidlig oppe i dag. Steffen har søvd borte i natt, og sidan det er første gongen, var eg veldig spent på korleis det hadde gått. Eg stod opp og såg den blåe himmelen og tenkte: Dette blir ein flott dag!
Helga i sin heilskap har eigentleg vore veldig bra. Sjølv om det har regna litt, har det ikkje lagt noko dempar på stemninga. I går var det nok eit bra trykk med folk på torget heilt ifrå då vi byrja å spele og til seine natta. Då kan ein vel kanskje seie at det har vore vellukka.
Vi som er i Nye Dynamites spelte i går i teltet. Sjølv syns eg det gjekk bra. Eg elsker å spele og koste meg under heile konserten! Det er ikkje ofte ein har sjansen til å spele med så bra lyd, det var ei positiv oppleving. Vokalisten hadde nervene under kontroll og sang bra for eit publikum som ga mange positive tilbakemeldinger! Nå er den konserten unnagjort, men eg håper dei andre får lyst til å øve litt innimellom.
Eg skulle ønske eg kunne kose meg i går kveld, men eg jobba som vakt i teltet. Det er greit nok det, men eg har aldri før opplevd å kunne gå ut for å kose meg når det har vore tilstelninger her i bygda. Når ein har ei familiebedrift i familien er det ein "selvfølge" at ein stiller opp og hjelper til når det er noko som skjer. Nytt av året er at eg har ingen eg må ta hensyn til lenger.... så eg hadde sjansen i år. Vel....eg har ikkje tenkt å dvele med det. Eg er i alle fall ikkje i selskap med dei som i dag har ein dårleg dag. Det er nok mange som ønsker dei ikkje hadde drukke den siste øla i går:) Eg kan nyte denne dagen i fulle åndedrag!
Det står respekt av den innsatsen blueslubber her legger ned i arbeid med festivalen. Det er mangen som gler seg kvar gong det skal vere blueshelg, men ein er avhengig at det er nokon som kan dra det i gang. Så takk til dei eldsjelene som har stått på og gjort noko som er kjempepositivt for bygda og kjempegod reklame for oss ut av kommunen! Vi suger til oss alt som er positivt!
No skal eg ut og nyte dagen i fri luft. Borna skal bade i "Dammen", men eg trur eg blir ivrig tilskodar i dag. Eg er ikkje heilt i bademodus no. Uansett. Det er ein fantastisk fin dag!!!

Hasta luego.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar