torsdag 23. juli 2009

Livet.

Det er mykje som kan seiast om livet. Det er i alle fall verdt å leve. Dei aller fleste har mykje å glede seg over. Det kjem sjølvsagt an på kor mykje som skal til for å glede eit menneske. Vi har alle våre forskjellige krav. For nokon er det nok at dei har nokon dei veit bryr seg. For andre kan eit smil vere nok for å gjere dagen god for andre. Så har ein dei som ein verkeleg må leggje ned ein innsats for å glede. Dei som ikkje lar seg glede så lett sjølv om dei har det meste dei treng. Eg veit ikkje kva som er best, men eg veit kva som gleder meg. Å vite at eg har mangen som bryr seg om meg, å sjå sonen min springe rundt frisk og raskt med sitt gode humør, naturen rundt meg, arbeidet mitt, familien, små kvardagslege ting. Det å stå opp og sjå sola gjer også godt. Eg kunne sikkert ha fylt heile sida med gledelege ting....... Sjølvsagt skal eg ikkje utelate musikken. Den er vel ein av dei viktigaste faktorane i eit bra liv. Det er berre så synd at ein ikkje får praktisert det meir enn ein allereie gjer.
Kanskje burde ein vore flinkare til å tørre å ta viktige samtaler. Ein er ikkje feilfri... og alle har vel ein eller annan gong gjort noko dei burde ha ordna opp i. Eg er inga untak. Det er ikkje alltid like lett å vite kva ein skal seie eller korleis ein skal innlede ein samtale. I stadenfor blir mykje anna sagt og ein går utan å ha sagt det ein eigentleg ville. Det meste handler vel om tillit og usikkerhet. Om ein ikkje heilt veit kor ein har ein annan person, kan ein føle det vanskeleg å utlevere seg. Kva er best? Å halde tankane for seg sjølv eller få dei ut? Kva tid er det rette tidspunktet? Det handler om livet, det handler glede. Om ein ikkje tør ta dei viktige samtalane er vel sjansen stor for at gleda ikkje er komplett.
Eg har eit rikt liv på mange måtar, men eg har samtalar eg burde ha tatt....eller rettare sagt bør ta. Så får ein sjå kva prisen er.

Smil til verden og verden smiler til deg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar