torsdag 24. mars 2011

Til å bli klar av......

Eg tenkte eg skulle ta meg ei stille stund for å lese dagens VG. Litt nysgjerrig på om det var noko nytt her til lands eller i den store, vide verda, tok eg fatt på avisa. Kva skjer? Joda, det første som skjer er at blikket saumfarer framsida. Sex-splid i Frp. (Så gøy!!) Elizabeth Taylor 1932-2011. (Endå gøyare!)
Kva var det som blei fokusert på i media i går kveld? Eg er visseleg sikkert på at det var mykje om akkurat dei samme sakene. Jaja........Det var berre å opne avisa og håpe på at det i alle høve kunne vere litt fleire innhaldsrike temaer enn dei to.

Side 3. Sååååå langt kom eg........ "Gi mannen et hårnett". Må innrømme at eg blei litt nysgjerrig på kva meininga bak det var. Eg skjønna sjølvsagt at det måtte omhandle ein med mykje hår. Eg fekk rett i det. Eg føler det var veldig bra å få lese at Jan Ovind syns at Pål T. Jørgensen har for mykje hår. For å sitere han litt: "- en innehaver av en manke med hodehår av ypperste merke/fasong." Ikkje dårleg å få ein slik kommentar. Likevel........ Vår kjære Ovind syns tydlegvis ikkje at det er så veldig fantastisk med eit slikt hår når ein er reporter som gjerne taler til folket i uvèr og storm. Har du ein manke som Jørgensen, ja, då vil storm og liknande sørge for ein mindre fin hårsveis. Hårsveis er jo noko av det viktigaste å tenke på når ein raporterer frå slike strøk som han. Frisyren slår seg fullstendig vill og balstyrig!! Medan den eine handa skal han temme lokkene og med den andre skal han halde øyreknotten på plass. Då framstår han som multitaskande! Flott uttrykk, kva?
Forslaget er difor at Jørgensen må gå til innkjøp av ørkenhårnett. Dersom dette skaper eit problem for han, kan han heller invistere i eit pannebånd. Sukk....... Det blir sexy på tv, det!!!
Følgeleg vil vår mentale situasjon bli mykje betre. YESS! Go for it, Pål T.
(NB! Det er jo mogleg å putte i litt hårklyper, hårstrikk og hårspray....... Det fins jo ikkje "femi" det.)

"Køen og Det store eplet". Det er overskrifta på side to. Køen blir samanlikna med brødkøen som var i Moskva på 70-talet. Denne gongen er det snakk opm iPad2. Enkelte står opptil fleire døger i kø for å sikre seg eit eksemplar. Køen går over fleire tverrgater. Er folk blitt heilt gal??? Kanskje det berre er eg som ikkje skjønar at eit slikt produkt er eit "must"........ Ei dame stod i 41 timar i kø. Så kom det ein og tilbydde ho litt pengar for plassen hennar i køen. 41 timar!!! Hallo...... Igjen, det er sikkert i hovudet mitt feilen ligg. Kva ho valgte å gjere med pengane? Ikkje bruke dei på iPad..... Lady Gaga konsert!!!! Ho fekk i det minste litt publisitet i og med at ho solgte køplassen sin. Då var det jo berre sååååå verdt det. (Eg kjenner eg får spasmer i tolvfingertarmen......).

På side seks dukkar framsidestoff opp på agendaen. Sexskandalen....... Joda, ei alvorleg sak, men dog ikkje så interresant at heile fire sider treng å bli utnytta til det. Det har jo vore i media i fleire dagar no. Det er mange andre som har gjort det samme, men media dekker i dei sakene på samme måten som denne. Eg skjønar sjølvsagt at det blir annleis når det er snakk om ein meir profilert person, som i denne saka. Heilt greit det.......MEN det tar litt av. Mannen må straffast på lik line med alle dei andre som blir tatt for noko slikt. Det er berre rett og rimeleg.....Likevel håpar eg ikkje media gidder å bruke heile den neste uka til denne saka. Det blir som Ari Behn sa "Trist som faen".
Kva sak er verst? Søviknes eller denne? Det er spørsmål som blir stilla. Det er vel ikkje rett å samanlikne desse to sakene? Det blir hevda at denne saka er verre av di i Søviksaka var vedkommande han hadde sex med 16 år og "lovleg", medan i denne saka er snakk om ein 15-åring.
Søviknes gjorde vel ikkje akkurat noko kriminelt. Eller er det eg som hugsar så feil?? Han blei vel aldri anmeldt? Om eg ikkje er heilt på jordet, så var det heller ei sak med moralske skrupler.
Saka som nå pågår er jo mykje verre enn det? Her er det snakk om å ha sex med ein 15-åring og at fleire unge gutar har blitt filma utan at dei har vore klar over det. Det er jo klare lovbrudd. Her er mindreårige innblanda og loven brutt i stor grad. Mykje av det som har skjedd har også vore planlagt. Klart denne saka er verre. Så det er nok ikkje grunnlag for å samanlikne desse to sakene.
Personleg syns eg litt synd på Søviknes og hans familie i desse dagar. Han var ein dust som gjorde det han gjorde. Det er ingen tvil om det. Likevel...... Det er eit kapittel av livet han mest sannsynlegvis vil ha ut av livet sitt. Han har jo på ein måte gått vidare. Så kjem dette og plutseleg får saka myke omtale på nytt. Eg kan berre tenke meg til korleis det er for familien.....
Som sagt.....Heile fire sider.

Elizabeth Taylor! Det var mykje om ho i går også. I dag får ho heile fem sider i avisa. Wow.... Ikkje dårleg, det. Ho var jo eit stort forbilete for mange, men likevel.

Så VG har faktisk brukt 9 sider av dagens utgåve til å skrive om Taylor og Birkedal. Fantastisk interresant. Nei......Eg trur eg skal skippe å lese noko som helst den neste tida. Dagens samfunn flyter over av dårlege aviser. Det er sikkert å visst!

Det var det med å vere positiv. Hmm.....Er det noko positivt idag? JADA.....Om fem minutter er vi på tur opp i løypene for å stå på ski. Dagen kan berre ende veldig så bra:=)

Hasta luego!

I miss you like hell.......

1 kommentar:

  1. Hahaha Beathe, du er god:-)) Menne du, sånn som dette har det jo vært bestandig i avisene... Sensajonsstoff, opp som en hjort og nes som en lort... Har slutta å lese VG for flere år siden...

    SvarSlett