søndag 13. mars 2011

Sundag 13.mars.

Det er sundag, det er helgeslutt og det er ikkje arbeid i morgon:=) Ok då........ Skal ein liten tur på arbeid i morgon, men den blir ganske liten. Likevel, ein god tanke!!

Torsdagen var som sagt fantastisk, og difor ville det vore dumt å følgje opp med at fredagen var enno meir fantastisk. Ville vel aller helst ha blitt ein kjedeleg klisje.....og klisjear treng vi ikkje!!! Den var nok ikkje like bra som torsdagen. Sånn er det berre. Enkelte dagar er betre enn andre.
Allereie på ferga byrja eg å uroe meg for at vi kanskje berre måtte ta ferga attende i same slengen. Steffen ville ikkje ha is eller noko som helst anna på ferga. DET er eit dårleg teikn!!! Slapp låg han i fanget mitt, men han insisterte på at han skulle på hytta. Så då blei det slik. Noko som eigentleg gjekk heilt fint, sjølv om han blei veeeeldig skuffa då han fekk vite at hyttenaboane hadde måtta avlyse helgeturen sin. (Han hadde gledd seg veldig). At mora (eg) sa at ho kunne vere leikekameraten hans, tja......kva skal ein seie?? Det blei ikkje heilt det same. Godt det er noko som heiter ludo, stigespel og kortstokk!!!

Laurdagen var jo då suuuuuper! For eit vèr!!! Heilt utroleg at vi skulle få ein slik fin dag. Det var ikkje mykje innetid å snakke om, nei. Det føltes godt å kunne leite fram masse blomar å plassere ut på verandaen og ikkje minst kunne utemøblane settast ut i hytteveggen. Det føltes nett som påske. (I alle høve hadde eg eit stort ønske om at det faktisk var påske..........) Stemningen var så veldig tilstades. Det var rett og slett herleg. Akkurat då ønska eg at vi ikkje berre var der for ei helg. Sånn sett var det litt kjipt å dra heim idag.
På kvelden grilla vi ilag med gode hyttenaboar. Det var kjempekoseleg....... Kvelden blei avslutta med eit slag "lygaren" og ein riktig så nøgd mann i rette slaget over ha vunne heile 15-12. Storsiger!!!!! Jada...... Høg på pæra i mange minutter!! (Hadde det vore motsatt, måtte vi vel ha spelt mange rundar ekstra!!). Eg har sagt at den som ler sist, ler best..... Så det er berre å vente litt før ein slår til. Hehe..........

Ein slik flott dag som laurdagen var, med den store sola som stråla imot oss, sørga for rikeleg med energi. Akkurat det eg trengte med andre ord. I alle høve var det ei kjemperein og ryddig hytte som blei forlatt. Plutseleg fann eg ut at eg skulle vaske både veggar og tak og ikkje minst ommøblere. Eit heilt prosjekt. Resultatet blei ganske bra.
Eg hadde ikkje tid til å slutte av før det kun var eit kvarter att før ferga skulle gå. Den tida skulle nyttast til å få alt i bilen og i tillegg køyre heilt til kaia. Vi var der på sekundet!! Eg var bra letta over at vi ikkje måtte vente halvannan time på kaia til neste ferge skulle gå...... Då er det sikkert ein som hadde vore rimeleg blid på meg:=) Vi kom oss no heim............

Så om vi tar bort ulykka i Japan frå hovuda våre, så har dette vore ei kjempefin helg!!

OG så må eg ikkje gløyme det viktigaste...... Elgen! Eg har sett elgen!!! Jippi:=) Rett over hytta vår stod han og han hadde ingen planar om å la seg forstyrre av oss. Han stirra oss nesten i senk innimellom etinga si. Forholda låg heilt til rette for bilettaking for ei som var bra nøgd med at ho fekk sjå det "alle" pratar om.
Kva skjedde, trur du?? Joda, når forholda ligg så vel til rette, så er det jo eit eller anna som må gå galt. Ikkje noko nytt det, eller? Kameraet slo seg av, sånn heilt av seg sjølv. Eg hadde sjølvsagt ikkje lada det opp. Helsi..... digitale verd!! Grmpfh..... Eg rakk no heldigvis å ta tre bilete, så då er i alle høve provet fiksa. Det er berre det at ingen av dei tre blei særleg bra. Ikkje noko særleg å ha eit dårleg bilete innlima i hytteboka. Han kom ikkje attende på besøk heller. Einaste spora vi såg som var nye i løpet av helga, var harepusen sine. Han ville sjølvsagt ikkje vise seg for oss... Det minner meg om at det ikkje er lenge før påskeharen kommer:=) Nam, nam!!! (Ikkje slik å forstå at eg har tenkt å ete haren...Thihihi...).

Ha ei fortreffeleg fin uke!! Det har eg tenkt å ha.

Every night in my dreams.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar