onsdag 2. mars 2011

Onsdag 2.mars.

Så seier vi takk til Eve for det nydelege biletet ho fann av meg på nettet......Husk no berre på at neste gong må eg få lov til å sminke meg først. Ellers såg eg likskapen (galskapen!!!).

I går var det ein som sa til meg at "The air that I breathe", med The Hollies, er ein nydeleg song. Eg gjekk sjølvsagt på nettet og sjekka teksten. Med tanke på enkelte samtaleemne som dukka opp dagen føre, blei eg litt betenkt, men den virka i alle høve grei.
Sååå......I dag.... Eg tenkte at eg kanskje burde gå på you tube for å høyre songen. Jaaaah... Det var det.... Kva skal ein seie?? Førsteinntrykket var eigentleg heilt på "rævva" så dei seier. Eg måtte no flire litt for meg sjølv. Eg hadde jo allereie bringa beskjeden vidare om at den er fin til Mr.Tredjeperson. Flotte greier!!! Puh.... Ingenting å gjere med det.
Det var slik det heile byrja....................

I gongen på tur til klasserommet, på tur til lærarrommet, kontoret, på vegen heim til middag og til og med på den heilagaste staden i huset....... ÅÅååååå. Kjenner eg blir "gorrsur"!!! Kva er det eg gjer?? Jo, eg brukar store delar av dagen på å gå og nynne på songen. Songen som eg i utganspunktet ikkje likar. Hallo??!! Kor teit går det an å bli??
Betyr det at eg likar den likevel, då?? Kanskje den ikkje er så ille....... Det verste er vel at eg blir å bruke meir tid på den. Jaja.... Den er jo ei kjærleikserklæring heile songen, og det er vel ingen tvil om at tekstar med romantisk innhald smeltar meg 110%. Difor er det grueleg trist at det ikkje er nokon stor songstjerne her i huset som kan syngje meg djupt inn i svevnen. Sukk.......For ein lykke det ville vore!! Det er vel ingen som har ein å låne ut sånn mellom kl.23-24 kvar kveld??

Utanfor husveggen bles vinden, noko som eigentleg er litt koseleg no etter eit varmt og godt bad (etter ein tur langs vegen i regnet). Det er lenge sidan sist eg tykte det var deileg med skitvèr. I slutten av tenåra elska eg regnvèr. Regna det grasalt, kan du vere sikker på at eg trødde meg ein tur ut (utan noko på hovudet). Det er så godt å kjenne regnet mot panna og det at panna blir skikkeleg kald. Det blir så ekstra godt når ein då kjem inn att. (Trur ikkje dei andre venene mine syntes at eg var normal på desse dagane. Forstå det den som kan!?? Hehe.....).
Uansett, det var godt med ein regnvèrstur i kveld. (Heller ingen elg å sjå i dag....). MEN, eg lærte noko nytt på denne turen. Eller, nytt og nytt........ Som eg har sagt tidlegare......svimåt! That's me..... Eg brukar alltid å ha musikk i øyrene når eg går åleine. Å gå i regnvèr utan noko på hovudet er vel ikkje det smartaste ein kan gjere når ein har eit "headset" i øyrene. Då eg var halvvegs på heimoverturen, skjedde det eg burde ha skjønt ville skje. Plutseleg blei lyden så svak. Kva anna var det å vente med alt vannet rennande ned frå håret. Det er vel berre å leite seg fram eit nytt sett! Det er vel lite sannsynleg at eg tok lærdom av det, så det same skjer sikkert neste gong også......

I morgon er det torsdag, og vips så er det fredag og helg. Det går litt fort i svingane, men ein skal vel ikkje klage:=) Spørs om helga blir som planlagt......Det skal jo vere skirenn på laurdag. Akkurat no ser det ikkje heilt lyst ut. I følge vèrmeldinga skal det kome litt snø og kaldare vèr før den tid, men det er ikkje heilt lett å sjå det akkurat no.

You`re the air that I breathe.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar