fredag 18. mars 2011

Bruk hjelm!!!

Så var skiferien over. Overskrifta burde kanskje heller ha vore "Fantastisk". Det ville ikkje vore feil å skrive, for det har vore ein heilt utroleg fin ferie. Ingen tvil om det. Likevel, det var ikkje ALT som var like fantastisk........ Eg kunne like gjerne valgt å bruke ei heilt anna overskrift. "Ei mors mareritt" ville passa godt, men det virker kanskje litt dramatisk. Så difor, om eg skal sjå på det positive, vel eg "Bruk hjelm!" Det var nettopp hjelmen som blei sentral i ei hending.

Historien gjentar seg................................ IKKJE. Takk Gud for det! Steffen er berre eitt år yngre enn det eg var då eg var i ei ulykke utan å bruke hjelm. Resultatet blei at store deler av barndommen fram til då blei borte for meg i stor grad. Eg overlevde i alle høve, og det var jo sjølvsagt det viktigaste. Ikkje veit eg kvifor eg i ein alder av 23 år vakna og plutseleg hadde alt retta på seg og eg hugsa masse frå åra som blei borte. Fint var det i alle høve:=)
Så til sakas kjerne. Kvifor var eg redd historien skulle gjentas? Joda....... Eg såg Steffen kom ned bakken i raskt tempo. Litt overmodig trudde han at han skulle klare å bremse opp i tide om han sikta seg inn mot liften han skulle ta. Sukk............ Han hadde ikkje ein sjanse i havet. I full fart køyrde han rett gjennom sporet kor han skulle stå og rett i hytteveggen ved sida av. Eg berre høyrde smellet då hjelmen small inn i veggen og så sank han berre rett om. Akkurat då forbanna eg slalomskoa eg hadde på meg! Korleis i alle dagar skulle eg klare å springe raskt nok ned til han frå der eg sat og såg på at det skjedde. Eg berre ropte ut "SPRING!!!"Hjartet holdt på å komme ut av kroppen og tårene holdt på å presse seg fram (noko dei gjer enno om eg tenker nok på det). Faren reagerte heldigvis og bror min høyrde eg ropte og hoppa av liften og køyrde ned att. Eg har aldri vore så redd før. Eg var sikker på at no var det berre å ringe etter sjukebil.......
Då faren kom seg ned til han, reiste han seg fortumla opp. Eg trur ikkje han heilt skjønna kva som skjedde først. Han blei spurt om det gjekk bra med han, og då han svarte ja, har eg vel aldri før følt større lettelse! Han hadde ikkje slått seg i det heile. Heilt utroleg at det går an. Det einaste han har klaga litt på i ettertid, er at han har litt vondt i skuldra. SÅ........ At hjelmen berga han i den situasjonen, ja, det er eg hundre prosent sikker på. Hadde han ikkje hatt hjelm, hadde han vore ille ute. Så difor overskrifta!!
Eg var sikker på at no ville han ikkje stå meir slalom. Så feil kunne eg ta. Skia hadde løyst seg ut i smellen og det var berre å hente dei og få dei på han att. Opp bakken bar det, og ned i samme farta som før. Han gjorde ikkje samme feilen fleire gonger.
Det sit i ei takknemleg mor enno. Berre tanken på kva som kunne skjedd, er skremmande.

Jaja......Om ein tar bort denne "episoden", har ferien vore ein super opptur. Det er herleg å sette ned fjellsidene. Fart er skøy. Når vèret i tillegg viser seg frå si beste side, og vi får fin ansiktsfarge.......Say no more!
Ingen tvil om at turen skal takast på ny til neste år:=) Eit flott anlegg dei har.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar