tirsdag 15. mars 2011

Sweden by night......

Well, that headline doesn't fit at all.........ikkje språket heller:=) Vel, det er Sverige og det er kveld. MEN eg kan ikkje skryte på meg at eg er ute og smaker på det søte liv akkurat no. Orda kjem nok frå ei som allereie ligg på sengekanten og snart har tenkt å fall djupt inn i draumeland. Det er lenge sidan eg har stått så tidleg opp som i dag......All ære til industriarbeidarane som har det slik stort sett heile året. Eg bøyer meg i støvet, for klokka er berre ti og eg er stuptrøtt!!!

06.15: Klokka (telefonen) ringte. Det var tid for å vakne. Til fine tonar med The Eagles og "The last resort" var det berre å bite i det sure eplet og gni svevnen ut av dei halvåpne augene. "Jeeeeeses!!!" Ikkje førebudd på det, nei. Ikkje i nærleiken. Når eg syns det var tungt å vakne, korleis skulle eg då få liv i den lille skrotten som låg på sida av meg?? Stakkars, han er ikkje vane med å bli tvinga ut av den varme dyna medan det enno er natt for han...... Jaja, han vakna no etterkvart. "Gap opp". Stakkars, han var ikkje før vakna før mora trødde ein reisesjuketablett i kjeften på han. Der var det ingen tid å miste. Hardt og brutalt. Ein time etterpå var vi på veg. Akkurat passe tidspunkt ifølge det skjemaet vi såg for oss kvelden før. (Sjølv om alle flira og sa at vi aldri kom til å komme oss avgarde så tidleg)....

08.00: Fauske og statoil. "Dei hels....... idiotane som ikkje har vit nok til å tenke sjølv!". Ups......morragretten???? Tja, ikkje så ofte, men i dag....JA! Der stod vi (i kø) for å fylle diesel. Masse bilar........ Han som var føre oss hadde såvist ikkje tenkt å flytte bilen før han gjekk inn for å handle seg ferdig. Der stod han så fint og opptok den j..... pumpa. (OG han hadde verdas beste tid). Ikkje gjekk det an å bytte pumpe heller. Ein annan fjott hadde plassert seg på skrå midt i mellom alle pumpene. Så der stod vi midt imellom alt og ingenting og berre måtte innfinne oss med å vente på fjompen som tydlegvis hadde mange ærend inne på stasjonen. Jaja......halv ni kom vi oss no vidare......... (Ja, det tok faktisk sååååå lang tid!!! Grr....)
"Brora" som låg eit kvarter foran oss, var plutseleg milevis unna oss.

11.30: Endeleg!! Vi køyrde over brua og inn i Arjeplog. Det var soooooooool!! Så fantastisk herleg. Vi som skulle stå på ski, og så fekk vi dette nydelege vèret! Snakk om flaks..... Borte var alle tankane om kor trøytt ein var og alle statoilhandlarane. No byrja det å likne noko:=
Etter ein deileg lunsj var det å sjekke inn på hotellet og få på seg vinterklede. "Galtis here we come".

Eg må seie eg var spent på korleis det skulle gå i alpinbakken med ein seksåring som for det meste har holdt seg til langrenn. No, i kveld, kan eg trygt seie at det ikkje var noko å bekymre seg for. Det var nok av bakkar, og barnebakkane var kjempefine å stå i. Eg trudde det kom til å vere ein "pitteliten" bakke for borna, men den var faktisk ganske bra. Ikkje mange turane etter vi kom, satte han rett utfor åleine og såg aller helst at mora holdt seg unna. Ho kunne til nød vere tilskodar og sjå på då han kom i full fart. Riktig så gøy var det. Rein lykke!! (Sjølvsagt låg kameraet att på hotellrommet....... Det gjer det ikkje i morgon!)

Då skiheisen plutseleg stoppa, var det noko som sa meg at her er sonen min innblanda...... Om eg fekk rett?? Jepp!! Klart det! Han hadde likesågodt trykt på den raude knappen som det stod "nødstans" på. Han ville sikkert sjå om det fungerte. Sukk......... Trur ikkje han gjer det fleire gonger. Han blei litt i villrede då han såg kva som skjedde. "Mamma. Æ datt jo, og så traff æ plutselig bære den". Ja, særleg.........

Etter ein knallfin dag i fjellet var det godt å komme ned til sivilisasjonen att. Dusjing og reine klede var berre så herleg!
No har vi ete eit herleg måltid og er følgeleg stuptrøtt. Ikkje rart med all den friske lufta i tillegg til den tidlege starten på morgonen.
Det er ein ting eg lurar på. Er svenskane matgal?? Herreminhatt for nokon porsjonar med mat vi har fått i dag. Walter gange to. Det var så ille at eg berre måtte ta bilete av det. Spesielt svigersøstera mi sin mat. Maten var jo halve ho!! Jaja.....

No er det kveld og endeleg skal det blundast. Ingen tvil om at det er nokon her som kjem til å sove tungt og godt i natt. Ei god natts svevn lovar godt for ein ny dag i løypene i morgon. Det er meldt like bra vèr til då også. Herleg!!! Eg gler meg som ein liten unge:=) Det er vel heller ikkje å forakte at ein får fin farge i andletet?!!

Hasta luego:=)

Whatever time might take away.....it cannot change the way........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar