lørdag 31. oktober 2009

Igjen!

Så var det 31.oktober igjen..... Det er visst den såkalla halloweendagen. Har blanda følelser for denne dagen. Det er vel ikkje ein del av vår tradisjon å feire det?? Er nok utdelt positivt, ja. Men, det er vel meininga at vi skal setje oss sjølv til sides og la borna få ha gleden av å gå halloween.
Eg har skreve igjen i overskrifta... Ikkje at det passer for min del. Eg var nok ikkje ein del av halloweenverdenen i fjor. Hadde adresse prestegårdstunet då, men går sterkt ut frå at borna feira i fjor også.
Sidan eg sjølv er mor, avgrensa eg motstanden min for denne dagen til å nekte sonen min å gå halloween. For at han skulle få følelsen av å feire dagen litt han også, fekk han lov til å bake muffins til borna som eventuelt måtte komme.

Denne kvelden har det faktisk vore eindel born på døra. Vil eigentleg sei at det var litt stressande. Var på Norcem ein tur og trena. Veit ikkje kor lang tid eg brukte på å komme meg i badekaret etterpå...... No har det heldigvis roa seg, og rein blei eg til slutt:=)

Det er ikkje berre borna som feirer i kveld. Fleire og fleire vaksne har no blitt bitt av basillen. I kveld er det fleire party rundt om i bygda. Felles for mange av dei er at dei vaksne har kledd seg ut og tent lys i gresskar på trappa. Trur nok det ennå vil ta nokre år før eg er der.... Men kven veit?!

Steffen baka jo muffins i dag, men det eg ikkje skreiv var at han har baka meir. Heilt åleine har han laga skuffkake!! Eg filma og han baka. Han er berre så flink. Han blir vel akkurat som han "Beste". Han liker seg godt når han får vere på kjøkkenet og hjelpe til.

Nå ringer det visst på IGJEN, så hasta luego!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar