fredag 2. oktober 2009

Energilaus uke..

Så blei det min tur til å vere sjuk.. :( Syns ikkje det er så lenge sidan sist. Har ein vag hukommelse om 17.mai-helga. To gonger same året. Hmm... Det blir reint for mykje!
Jaja.... Har fått med meg alle såpeseriane som går på tv, så kan ikkje klage. Ellers har det jo regna den siste månaden, og då er det jo godt å vere inne. I dag ser det ut som om det blir betre vèr, så det er om å bli frisk raskt. Hytteturen i dag er utsatt på ubestemt tid...

Det er eigentleg rart kor mykje ein såpeserie kan påverke eit menneskes liv. Om ein først blir hekta er det vel ikkje så lett å la vere å sjå. Det er bra ein har eit arbeid å kome til. Mange born har nok lidd under skjebnen til mora som blei hekta av tv! Den dagen kjem aldri der eg er avhengig av at dagens rutinar må følgje tv-tidene. Det ville vore tragisk. Internett og tv stjel allereie mykje av den verdifulle tida vi er tildelt. Altfor mange bruker for mykje tid foran desse to media. Å bruke fleire timar dagleg foran ein skjerm, berre for artig, er vel i utgangspunktet sløsing med tida. Det gjer sikkert ei eller anna form for lykke av å vere på nettet i fleire timar, men ei falsk sådan. Lykke må heller klassifiserast under tid brukt med dei ein bryr seg om og det at ein prøver å gjere noko ut av livet. Ser med gru på tida femti år framover. Då trur eg det er mange som ikkje veit kva livet uten dataen er. Kanskje tar det lengre tid enn 50 år, men den tida kjem. Håper eg slepp å vere ein person av den tida.
NPC-musikken var i England for nokre år sidan. Då var vi på musikalen Queen. Den var råbra. Det var akkurat problemstillinga med teknologien musikalen handla om. Ingen visste vel lengre at musikken nokon gong hadde eksistert. Sjølve musikalen var om "leitinga" etter det som var. Er stygt redd for at musikalen er forut si tid og at dette er ganske nær sanninga om framtida vår. Men det er sjølvsagt berre mine tankar og meininger om temaet.

Nå har eg faktisk konsentrert meg over bra lang tid, berre for å formulere desse orda. Det tyder vel på at eg er på bedringens veg! :) MEN sidan eg ikkje kan erklære meg heilt frisk enno, grip eg sjansen til å få med meg deagens episode av "Home and away" - ein såpeserie av dei mange!!

Hasta luego!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar