mandag 26. juli 2010

Fisketur i varmen:=)

Så var årets første fisketur her nordafor unnagjort. Det er måndag, ny veke, nye sjansar og vèret er bra. Etter å ha sitte i sola heile formiddagen var det godt å komme ut på havet sjølv om det ikkje var mykje til bris der heller.....
Då vi var på Vestlandet tidlegare i sommar, var det visst veldig dårleg med "haill". Eg skal ikkje uttale meg om kor godt "haillet" var denne gongen, men vi fekk i alle høve 24 seiar. (I tillegg til dei vi kasta ut att pga storleik og ein torsk). Trur vi seier oss nøgd med fangsten.
Sjølv om det var sei vi var ute etter, hadde vi også anna fangst med heim....... I huken ved Lappislauta blei det oppdaga ein svær kråkebolle i sjøen. Det blei eit svært prosjekt for å få den opp i båten. Det var ikkje djupare enn at åra rakk til botnen. Med ei åre i kvar si hand var det to som ivrig kjempa for å få den opp...... Ikkje så lett når båten sig unna. Det måtte fleire til, og på eit eller anna vis gjennom godt samarbeid så hamna bollen i båten (like heil og fin). Om det er nokon som har tenkt å koke den for å smake på innhaldet inni, ja, då kan eg trygt seie at eg aldri blir å smake!! Hallo? Berre tanken på det er heilt......

Heile to av oss holdt på å gå rett i havet, men vi slapp heldigvis unna det våte element. Verre var det med minsten om leika ved elva (på nytt) og datt...... Eg hadde ikkje med skifteklede denne gongen heller... Jaja.
No er vi komen heim, vi har vore på butikken og kjøpt oss rømme og fisken er komen på plata. Sei er langt frå det beste eg veit, men eg har lært såpass at eg veit det er nødvendig med fisk. Så då får vi tru det blir eit kongemåltid:=)

Helga har vore ganske innhaldsrik. Musikken eg har høyrt på varierer i så stor grad at det har eit vingespenn på det samme som ho Olga Marie som syng soloreklamen til dei flinke blueskarane som spelte litt for høgt(!). Begge deler var faktisk like gøy:=)
Ellers så har min ellers så høge moral på røyk/snus fått seg ein liten knekk!! Sjølvsagt tar eg full avstand frå begge deler.... Det var berre det at eg blei så "tatt på senga" av ei som kom med snusboks at eg mista vitet:=) Sjokket av at ho hadde snus (som eg aldri kunne ha sett for meg) sørga for at bondevitet forsvann og eg fekk "smake". Ikkje berre ein, men to gonger. Kor ille er ikkje det. (Det var sjølvsagt sånn svak damesnus som dei seier). Sjølv forstod eg ikkje kva dei snakka om då dei spurte om eg blei dårleg av det. Eg kjennte ingenting. Sikkert ikkje ei lur erfaring, med tanke på framtida....... Trur likevel det blir med den eine gongen!! Dei andre får ta seg av slikt.
Det einaste er at no når dei sel så svak snus, så er vel faren større for at fleire vil prøve og faktisk like det??? Trur det var lakrissmak på den eg prøvde. Skjønner då at mange går i fella.
Jaja, ei triveleg helg er over (triveleg sjølv om eg sneik meg tidleg heim begge kveldane) og dagane har vore megaflotte.

Det som er sikkert og visst er at det er mange fine stader i Kjøpsvik og omegn-området. I går var vi mellom Hundholmen og Kjelkvika for å kaste stein i havet. Det var utroleg fint, og Steffen fekk vassa litt i tillegg. Kaldt, ja, men dog skøy. Det var ein slik ro der at det blei ei veldig bra oppleving. Ikkje vind i det heile, og småseien var energisk i havoverflata heile tida. Berre så synd at kameraet låg att heime.........
Når det gjeld flyndrekasting så er ikkje det akkurat det lettaste ein lærer små born:=) Det kjem vel etterkvart!

For tida held eg på med ein song som eg kanskje skal tore å ta med meg til bandet. Den er ikkje heilt ferdig enno, men eg får no sjå..... Det kunne jo vere litt gøy det!

You are always on my mind......

lørdag 24. juli 2010

Laurdag 24.juli i Herrens år 2010!!

Jada jada.......trur det meste er jada, jada i dag. Til og med vèret er jada i dag. Fram med singlet og shorts!!! Delicious:=)
I går var det visst nysnø både i Stetinden og Prestinden! 23.juli for å vere heilt eksakt. Sånn eigentleg passa det litt bra, av di eg kvelden før lærte Steffen om nettopp vann (i væske-, fast- og flytandes form). Då blei det jo også nemnt korleis vannet blei til snø. Med skyane rundt begge fjelltoppane og nysnøen som låg der, ja, då fekk han sjå det heile i praksis. Så aldri så dumt at det ikkje er godt for noko:=)

I går var eg stupe trøtt, mildt sagt. Då er valgets kvaler om ein skal gidde å gå ut eller om ein skal berre gje blaffen og halde seg heime. Det er liksom anten eller. Med meg gjekk det visst rette vegen. Eg vakna då så visst til liv og det må vere lenge sidan eg skravla slik som i går. Trur kanskje eg var litt for ærleg innimellom også......Jaja, det skal ein jo eigentleg vere uansett, så... Det var riktig så koseleg:=) Det er alltid skøy å bli kjent med nye mennesker og treffe att gamle.
Tenk, då eg var tenåring såg eg skikkeleg opp til dei unge musikantane her i Kjøpsvik. Eg syns dei var så flinke og ikkje minst kjekke (enkelte av dei vel og merke....). No klimprar dei såvidt på gitarane sine medan det er eg som spelar:=) Det hadde eg aldri trudd den gong...... Uansett, det er hyggeleg å mimre med dei!!
Det er rart kor tidene endrar seg.

Akkurat no kom Einar inn døra. Ho Susana har vore heime i Barcelona ein tur og så har det seg slik at Steffen er fan av nettopp Barcelona (fotball). Dette syns faren til Susana er veldig kult, så derfor har Steffen fått Barcelonating av han. I fjor fekk han ein stor plakat med laget på. Tidlegare har han fått truser, shorts, skjorte, caps, sekk osv....... Så her i huset har vi masse utstyr frå den fronten (til Steffen si store begeistring).
Som eg sa kom akkurat Einar inn døra. Han har vore innom Susana og faren hadde også denne gongen sendt med noko til Steffen. Denne gongen fekk han ein megastor plakat med det spanske landslaget som vann VM. Det er ein liten gut er som er veldig klar på at den plakaten skal opp på veggen ved sidan av Barcelonaplakaten!!
I dag går han med fotballskjorta til Sør-Afrika, kjøpt i nettopp Sør-Afrika, Barcelonashorts, kjøpt i Spania og fått storplakat. Trur han er rimeleg nøgd, ja!!
Det er nokon som har det:=)

If I should stay.....

torsdag 22. juli 2010

Borte bra men heime best:=)

Så har eg tilgang til internett att!!! Eg har eigentleg hatt det heile tida om eg berre hadde gidda å leite godt nok. Eg har jo mitt lille mobile breibånd, men med det vèret som er no er det så dårlege signaler at det var berre å gje opp med ein gong. Kanskje like godt det..........
Det har i alle høve vore deilig å vere på hytta eit par dagar og tatt livet totalt med ro!!
Min kjære hyttenabo ringte her om dagen og spurte om vi ikkje skulle komme på hytta så ungene fikk leke i lag. Det er alltid mykje gøyare for ungane våre å vere på hytta om det er nokon å leke med. Vi var ikkje tungbedd, så om morgonen heiv vi oss i bilen og dro:=)

Sjølve dagen var ganske fin! Sola titta fram og ein kunne sitte litt meir lettkledd på verandaen og spille litt gitar og synge. Riktig så koseleg syns eg det var. Det er berre at slik idyll det varer aldri evig...... Heilt sånn plutseleg var det berre å berge alt inn under tak. Vår Herre tømte seg verkeleg over oss, noko borna syns var like greit. Då fekk dei vere inne og spele Buzz.

Planen var eigentleg ein tidleg kveld og ein riktig så opplagt nestedag...... Joda, det er det samme som å tru på julenissen. Eg gjer det samme kvar gong. Kryssord og kabal er ikkje så lett å leggje frå seg. Har ein først starta med det........ Det blei nok litt utover midnatt før mine auge kunne kvile seg mot ei god hovudpute i ei stor og god seng.
Minstemann vaknar eigentleg til fine klokkeslett kvar dag, men dog ikkje i dag.... Straffa for å sitte oppe var at han vakna klokka åtte. Tidleg det for ein som er i feriemodus!
Ikkje nok med det.....Den planlagte turen på sletta blei regelrett stoppa av ufine lydar utanfor vindauget. Det tok ikkje lange tida før dei små grå klarte å kople at dei som lova oss opphaldsvèr i dag faktisk hadde tatt feil!! Dei kunne faktisk ikkje tatt meir feil. Det rett og slett bøtta ned. Jaja, då blei det i alle høve raskt avklara at det einaste som ville fungere i dag, var å ha innedag og inneaktvitetar.

Heldigvis aktiviserer born seg sjølv når dei er fleire:=) Det blei heldigvis ikkje noko problem med med at dei ikkje fekk ut energien sin.
Etter mykje kryssordløysing og gitarspeling blei eg heldigvis avløyst frå det einsarta "livet" denne dagen bydde på. Ettermiddagen gjekk til at vi vaksne spelte "Amerikaner" til ganske så varierte resultater. (Det er ganske gøy å spele kort). Sjølve hyttelivet blei avslutta med at vi fekk borna med på ein runde med "Olsen". Eit lett men likevel ok kortspel......(Eg vann ikkje).

Å køyre bil i eit slikt vèr har vel aldri vore hyggeleg. Vindaugsviskarane sprang maraton om kapp heile vegen.
For første gong har eg lege bak ein bil med campingvogn utan å bli hefta av det. Etter å ha sagt at eg er heime om 30 min (medan eg framleis satt på ferga), var det vel ikkje akkurat så optimalt å ligge bak ei slik vogn. Denne vogna svikta ikkje. For ei fart!!! Eg hadde neste problem med å halde følge med ho opp fjellsida. Ho laga definitivt ikkje noko kø, nei..... Takk for det.
Eg kom meg ikkje heim på ein halvtime, men det gjekk no likevel radig unna. Heldigvis at det var eindel tunnelar som skulle passerast, for då slapp vi dei våte vegane!
Eg kom meg heim, og eg kom meg til avtalt stad (sjølv om det berre var for ein liten halvtime). Gøy er det alltid!!

Min øyenstein hadde sjølvsagt ikkje komen seg i seng då eg kom heim att. Han satt enno med kveldsen. Etter å ha inntatt ei stor vaffel på ferga må eg ærleg innrømme at eg trudde at han berre ville ete litt kvelds. Neida, der satt han og spiste på den tredje store brødskiva....... For ei mor som gjennomskuar han lett, var det ei enkel sak å seie ifrå om at han ikkje fekk ete meir. Han hadde visst allereie varskudd faren om at han skulle spise heile ti skiver, men at han først måtte få berre tre sidan det ikkje var plass til fleire på tallerkenene. Særleg......Kven et ti brødskiver når dei er 6 år??? Hallo!?! Nei, det blei satt ein rask stoppar for at ein gut skulle få ete berre for at tida skulle gå. Det var nok lysta til å vere lengre oppe som sørga for hungeren.
Medan vi satt her ved bordet for litt sidan prøvde han seg på ny. "Mamma, æ e så sulten". Ikkje eingong då eg prøvde meg med at hvis han masa om meir mat, må eg ta han til sjukehuset for å få sjekka om han har makk i magen. Nesjdå........ Han sa berre "Ååå, æ har jo ikkje makk, men æ må jo få mat når eg er sulten!!" Eg ga ikkje etter...... Det blei heller senga:=)
Han er vel ikkje det første bornet som har prøvd seg på det "trikset":=)

I morgon er det helg att! Her i bygda betyr det blues på kroa og hotellet. Vi får håpe det er mange som tar seg turen ut desse kveldane når det skjer noko her........
Neste helg er det også tilstelning på hotellet. 100 år sidan Stetindtoppen blei entra krever sitt jubileum. Då blir det spelt opp til dans av seks lokale musikarar. Eg håper det blir masse folk!!
Om ein er riktig heldig, trur eg ein kan utfordre dei mannlege musikarane til å ha megaflotte danse-moves. Dei har det i seg berre nokon etterlyser det:=) Hehe....... Tru meg, eg veit!!!

"Øppna din dør, och sei at du vill ha meg...........".

tirsdag 20. juli 2010

Tysdag 20.juli.

Sommer, sommer og sol..... Hugser ikkje heilt kven det er som har ansvaret for den songen, men det hjelper uansett ikkje å gå og nynne på den. Har prøvd ein heil del gonger, men byrjer å bli meir schizofren av det. Først song, så sjølvsnakking for å få meg til å forstå at det er fånyttes..... Kor smart er ikkje det??
Det er liksom litt meir å finne på om godvèret er på vår side.

Om eg kjedar meg?? Tja, det burde eg vel svare nei på. Kva i alle dagar gjer eg her heime når eg har ferie?? Det er ingen andre enn meg sjølv eg kan takke for det! I utgangspunktet er det mange alternativ å velge imellom.
Har ikkje heilt skjønt det der med at sjølv om den eine arbeider, treng ikkje den andre vere heime. Kanskje av di det er litt meir tiltak å dra på eigenhand?
Jaja, no har eg bestemt meg for å gjere noko med det:=)
Eg har eit ståande tilbod om å dra inn i fjorden i morgon formiddag. Må verkeleg seie at eg har knallyst til det. Problemet er berre å kome seg ut att tidleg nok på fredag. Kanskje eg skal gjere som dei to frå Tsjekkia her om dagen?? Eg kan stille meg opp på kaia med tommelen opp:=) Spørs om det er nok trafikk der inne til at nokon vil oppdage meg.......

Trur likevel eg vel å ikkje vere heime. Dagane blir liksom litt for like. Med tanke på at det står ei hytte på andre sida som ein kjem seg til og frå når ein ønsker det, trur eg at eg tar med meg minstemann og drar på hytta. Så får ein håpe dyna ikkje er altfor varm og god ein onsdags morgon så ein får mesteparten av dagen med seg. Ikkje det at eg trur det blir bading på stranda:=)
Så om det er nokon som har seg ein liten rundttur i kommunen er det berre å stikke innom. Det er alltid koseleg med besøk!

Dagen i dag har eigentleg vore storveis. Når ein får høve til å utøve musikk i fleire timar, kan ein ikkje klage!! Eg for min del syns at det er det beste livet kan by på. (Å utøve musikk!). Eigentleg skulle ein ha øva eit par timar kvar dag, men slik er det ikkje......... For meg ville det ha vore det optimale av lykke!!!

There's a light, certain kind of light that never shone on me.
I want my life to be, to live with you........

mandag 19. juli 2010

Er menn kroppsfiksert??

KK - Igjen!!! Føler meg snart utlærd når det kjem til temaet mannfolk. Lurer på om det kvalifiserer til å søke på yrker som omhandler temaet?? Har jo eindel kunnskaper no, så............. Kanskje eg skal ta å skrive ei doktoravhandling??!! Hehe..:=)

Om eg ikkje tar heilt feil, så er det nok ei som jobber hos KK som rett og slett har dilla på menn! Eg kan ikkje hugse kor mange ukene det er sidan sist eg leste eit blad utan emnet.


Jaja..... Det gjer ikkje meg noko. Satsar på at dei snart har skreve om det meste.

Denne gongen overtalte dei tre nye menn til å stille opp. Atpåtil skulle dei stille opp naken!! (Er det rart eg ikkje syns det gjer noko at dei skriv om menn???)! Tre menn på 35 år utan ein tråd på kroppen! Eller, det kjem an på definisjonen på tråd......Dei var jo nokså hårete alle saman:=)

Overskrifta til innsalget er: Kva tenker menn EIGENTLEG om kroppen sin? Ordet egentlig betyr jo eindel vil eg tru...?.....Prøver dei å skjule noko til vanleg????. Hmm, då kan vi altså ikkje stole på at dei er ærleg om vi spør dei....:=)
Då dei utvalgte sjølv skulle gje seg terningkast, hamna dei alle tre på ca 4 (4+). Altså skorta det ikkje på sjølvkjensla. Kva eg meiner, etter å ha sett bileta, skal vere heilt usagt. Kanskje kan det komme til å skinne gjennom i det eg skriv, men det er slett ikkje sikkert.

Spørsmåla bladet stiller er: Samanlikner dei storleiken? Er dei opptekne av slanking? Vokser dei armhulane sine? Osv...... Svara kjem på rekke og rad:=)
Før eg starta å lese på ordentleg håpa og tippa eg på eindel av svara. Det var eindel svar eg absolutt ikkje såg heilt for meg, og i dagens samfunn tror eg vi kan forvente kva som helst svar. Heldigvis hadde dei plukka ut tre som var innanfor det ein kan kalle normalen.
I tillegg er alle tre innforstått med det peset som kommer til å komme frå kollegaer og andre. At det blir litt "mobbing" på gang........ Ja, det er sikkert og visst.

Menn snakker veldig lite om kroppen sin. Mange har ofte for høge tanker om seg sjølv. (Jatakk, det veit vi eindel om!). Ellers er det ikkje pent å vere for pen!??! Jaha....... Kan kanskje tilbauge meg til å forstå den og samtidig vere litt einig. Eg ser heller ikkje for meg at menn går rundt og tenker "Oi, han der er fin!" (Kanskje det er nettopp det dei gjer?)!
Hovudpoenget til ukas objekter er at det viktigaste er utstråling. Har ein utstråling kjem ein langt. Akkurat der må eg seie meg einig i stor grad!!
Til spørsmål om dei under press kan legge seg under den kirurgiske kniven, ser dei alle ut som store spørreteikn. Eg tror nok menn generelt har meir sperre for det enn kvinnfolk. Store deler av den mannlege folkestyrken vår ser vel på det som uaktuelt?!

Voksing av armhuler er definitivt ut!! (Heldigvis...). Litt lite mandig å vokse seg. Det får heller kvinnfolka ta seg av. Dessutan tror eg ikkje mannfolk hadde klart å vokse seg. Dei ville sytt og klagd heile tida på kor vondt det er. (Menn har eigentleg lav smertegrense! Dei berre prøver å skjule det godt...) Hehe..... Eg ser for meg alle "au'ane osv om ein hårete mann skulle feste voksen i brysthåra for så å dra den av. Oh, my God!!!!! Då hadde eg vel ikkje klart å la vere å flire på minst ei uke..... Nei, la heller vere.

Kva med tida i herregarderoben?? Joda, for dei som lurer: Menn ser på kvarandre!!!! Dei klarer ikkje la vere, men dei prøver å gjere det litt lite åpenlyst. Er det ein eller annan som utmerker seg med veldig stor eller veldig liten, ja, då syns dei det er vanskeleg å ikkje legge merke til det. (Tja, dei er jo alle berre mennesker). Konklusjonen på det er at menn er på utstilling i garderoben anten dei vil eller ikkje.
Dei er litt opptekne av størrelse, men i stor grad har dei kommet over det stadiet og skjønner kva som er viktig:=)
Ellers bør ikkje menn vere altfor opptatt av utseendet sitt og pynte seg når det berre er menn tilstades. Om det gjerest åpenlyst blant menn er det både teit og flaut. Ekselmpel på det kan jo vere at ein mann på Norcem plutseleg byrjer å føne håret sitt foran alle dei andre. Litt creepy og girly!!!!!! Jaja.......

Spørsmålet dei ikkje stilla er: Korleis tror dåke kvinnfolk vil ha dåke?? Vil dei ha kroppsfikserte menn? Vil dei ha ein som vokser armhulane sine, og er det nødvendig med ein stor "lillepetter" for å tilfredsstille?
Dagens samfunn har ofte for stort fokus på kropp som gjer at mange berre blir deprimerte og innadvendte. Kvart einaste ukeblad på seinvåren og om sommaren har masse stoff om slanking, og det kvart einaste år. Du kan ikkje lese eit einaste ukeblad utan at du blir minna på kroppsfiksering. Det viktigaste ein må lære her i livet er at vi er alle født ulike og at det er meininga at vi skal vere det! Ein må lære å like seg sjølv.
Nettopp derfor er eg heilt einig med at det viktigaste momentet er utstråling!!
Utstråling er viktig!!!!!! :=)





Alle tre

søndag 18. juli 2010

Framande i hus.....

I dag, då vi var på tur heim frå hytta, stod det to ungdommar frå Tsjekkia og fraus i busskuret ved Sætran. Vi syntes så synd på dei at vi snudde og tilbaud dei skyss til Kjøpsvik.
Desse to var ordentlege "hitch-haikers" og hadde levd på denne måten i tre veker. No var dei på tur til Oslo. Ganske spenstig å haike og ligge i telt i desse dagar med så ustabilt vèr!
Jaja, uansett, det var ein slik ferie dei ønska, og dei om det:=)

I kveld håpa dei å kome seg til Fauske. Eg trur ikkje det er ofte at folk plukkar opp haikarar langs vegen......Så eg håpar dei er heldige.
Dei blei med oss til Kjøpsvik, og sidan det var over ein time til ferga skulle gå tok vi dei inn i varmen heime! Dei må nok ha truffe meg på ein riktig så god dag!! Det er ikkje kvar dag eg hadde turt å tatt framande, utanlandske mennesker inn i heimen min.......Eg veit ikkje, men dei verka heilt harmlause og var kjempetrivelege.
Eg køyrde dei ned til ferga, og samtidig sjekka eg om det var kjenningar som skulle sørover mot Fauske. Det var ingen, men ein kollega av meg skulle sørge for at dei kom seg opp til E6 slik at dei kunne haike derifrå. Så i dag føler eg at eg har gjort ei riktig så god gjerning!! :=) Dei kom seg i alle høve 70-80 km lengre sør enn dei var i utgangspunktet. Om dei ikkje får haik?? Ja, då ligg dei vel i eit telt langs E6 og prøver å få seg litt søvn til morgondagen.......

mandag 12. juli 2010

Endeleg!!

Til alle kvinnfolk!! Eg har lese det nye "KK" nettopp, og no sit eg på FASITEN til kva menn føler innerst inne!! "Alle" kvinnfolk har til alle tider lurt på akkurat dette, og då føles det litt kult å sitte med svaret. Sidan dei har intervjua heile tre menn om akkurat dette, ja, då må det jo tilsvare det dei fleste "meiner". No treng eg ikkje lenger vere redd for å gå i nokon som helst felle. Akkurat det er jo heilt fantastisk:=)

Kjærleik er som å vere godtesjuk! Knallgod samanlikning spør du meg. Det kunne jo vore deilig om våre betre halvdelar smaka litt karamell og kanskje litt salt innimellom..... Då ville det nok vore fleire kvinnfolk som hadde sakna mannen sin til einkvar tid. Er det ikkje slik at mange er godtesjuk veldig ofte??? Godtesjuk etter kvinnfolk betyr "noko du vil ha heile tida utan å få skuldkjensle". Slå den!!

Vi kvinner liker han kjekk, smart, nevenyttig, muskulaus, kløktig og ikkje minst beskyttande! Puh......... Det er ikkje måte på kva som skal til for at vi blir nøgd:=) Aller helst skal ha ha ein tredagersstubb som rasper akkurat passe! Sukk......

Halve artikkelen er unnagjort og enno kan eg ikkje heilt påstå at eg veit kva menn føler innerst inne. Jaja.... Det kommer kanskje nokre poeng snart?

Kvinner er meir emosjonell. Jo mindre emosjonell ein situasjon er, jo enklare er det for menn å forholde seg til den. Så kvinnfolk.......La oss bli mindre emosjonell!! (Emosjonelle situasjoner går lett i ball for menn!).

I tillegg er menn ukomplisert!! Slå den..... Ei verd utan ukompliserte menn. Menn er rett fram og utvetydig medan vi kvinner har ein tendens til å gå rundt grauten. (Trur kanskje det er eit poeng i det).

Menn liker ikkje å krangle. I utgangspunktet er jo det veldig greit då?? Problemet er vel at så lenge det fins kvinnfolk slipper dei aldri unna..... Stakkars menn! Hehe.....

Å krangle er som å uredigert slippe fram dei mørke kjenslene. Samanlikninga som blir trekt er at det er som å spise masse sjokolade. Etterpå blir ein overraska over at ein får kviser... Altså, det får ein konsekvens. Så ut frå det tolker eg det slik at krangling ikkje er sunt og at vi burde bli flinkere til å la vere.

Menn føler at dei må blidgjere. I frykt for å bli åleine prøver dei å forklare kvifor dei gjorde feil. Dei jobbar med å sjå ting frå kvinners perspektiv. Tendensen er at dei alltid er 5-10 sekunder for seint ute....

Kvinner ser lykken av venninneprat, eit sovande bornehovud på puta, kjæresten som raust slår ein strek over gårdagens diskusjon osv. Menn derimot...... Det er to måtar å bli veldi glad på. Det å fysisk meistre noko og når dei blir forstått. Ikkje akkurat store krava til lykke der, nei.

Menn ønsker også å bli satt pris på (forståeleg nok).

Kven vel ein mann om han må sjå for seg ei aude øy og må velje kven han vil ha med seg. Kvinnfolket eller vennen?? Det er tydlegvis ei veldig vanskeleg problemstilling. Eit grusomt valg blir det sagt. Veit ikkje heilt om eg liker det utsagnet.....:=) Vel, forklaringa er veldig enkel. Ein kompis held deg ikkje ansvarleg for noko du har sagt. Kjæresten derimot....Ja, ho kan gjerne kome med utsagn som "Nå tuller du! Du følte jo sånn og sånn i forrige uke!" Følelsesmessig vil nok ein mann bli smartare av nettopp det! Så kvinnfolk er eigentleg ei kjelde til sjølvutvikling blant menn. (Eg visste det måtte vere noko positivt med oss.....).

Når ein mann gret, då er det verkeleg alvor. Å gråte blir kalla for Hitlerkortet. Det er det som legger lokk på videre krangel, sjølv om mannen eigentleg hadde mykje meir på hjartet.

Utrogrensa?? Vel, der må det vere mange som sviktar!! Å vere utro gjeld både om det er emosjonelt, tillitsmessig eller fysisk. Så om vi tenker på ein annan mann så er vi faktisk utro! Jaja....... Ingen kommentar frå meg om det!!
Eigentleg kan mannen "nusse" og ha lideskapelege tungekyss. Dersom ei kvinne gjer det samme, vil mannen føle seg temmeleg verdilaus. Hmm.....Veit ikkje heilt om eg likar at det skal vere forskjell på kva ein har lov til eller ikkje.

Artikkelen avsluttar eigentleg med noko bra. Den avsluttar rett og slett med spørsmålet om kva menn eigentleg tenker om kvinner. Eg må innrømme eg var litt nysgjerrig på kva svara var. Eg beli ikkje skuffa! Vi er flinke til å få menn til å føle seg bra. Vi er rause med komplimenter og ros og vi skjønner når det er nødvendig. Kvinner har gode sympatiske sider og er det beste som har hendt mannen.
Artikkel ferdig!!

Så etter å ha lest desse sidene i bladet, føler eg no at eg kan forstå menn på ein mykje betre måte. No når eg sit på fasiten, skal eg gjere mitt beste for at menn skal føle seg vel ved å ikkje gå i dei fellene som menn påstår om oss kvinnfolk....... Om eg kommer til å klare det????? Hehehe.... Aldri i verda! Eg er jo kvinne!!!! :=)