lørdag 29. august 2009

Helg!

Så er det helg att. Det er deilig å slappe av. Ute bles vinden, så eg og Steffen sitter her med kvar sin maskin. Han speler Josefinespel og eg er her......

På kjøkkenbenken står brøddeigen og venter på å bli rulla ut og klargjort for steiking. Gler meg til dufta kjem i huset! Ser eg det likt, blir det vel kanskje ein bolledeig og etterkvart.

I kveld skal eg berre slappe av og kose meg. Gubben skal på besøk. Hadde i utgangspunktet tenkt å slenge meg med, men fann ut at det vil vere godt å vere heime og berre ta livet med ro. Kanskje finner eg fram litt hobbyutstyr og lager nokre kort. Det er sikkert fleire ein burde ha sendt kort til. Er litt lite flink til det....

Ellers er det godt at skuleåret er byrja att! I går var ein alle tiders dag på arbeid. Trur det er lenge sidan eg har flira så mykje som då. Enkelte av dei vaksne var verkeleg på gli i går, og samtalene gjekk litt for glatt. Då skjer det fort at ein seier litt feil innimellom. Uansett, all den fliringa som oppstod i går skulle alle arbeidsplassar opplevd innimellom. Det gjorde i alle høve at vi var mange som fikk ein knallstart på helga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar