tirsdag 11. august 2009

Ny uke.

Klokka går mot halv eitt og eg burde vel aller helst ha lukka augane mine....

Eg har tenkt å bruke dei to neste dagane til å vaske hus!! Klarte ikkje heilt å vente til i måro, så no skinner Steffen sitt rom. Det er derfor eg ikkje sover ennå.

I bakgrunnen høyrer eg litt småsnorking frå ein som er i djup svevn. Kanskje like greit at det ikkje er for stille...

Vi som ennå har fritt har benkra oss i storsenga, medan det er ein som er forvist inn på naborommet:) Vi har ikkje noko ønske om å vakne ufrivillig av ei vekkerklokke allereie kl. seks om morgonen når vi kan sove lenge!! Så her sitter eg i senga med eit par små hender som inni mellom leiter etter ei mamma å kose med.

Det er litt rart... Vi har ei stor seng, og når eg legger meg har eg god plass. Etter ei lita stund ligger eg heilt utpå kanten av senga og må passe meg for å ikkje dette ut av ho.... At ein så liten krabat kan klare å okkupere så stor plass.... Eg er sikker på at hadde eg lagt meg i fotenden hadde han vel krypt etter då og.:)


Den siste tida har det vore kanonbra vèr!! Derfor kommer det her eit lite bilete som beskriver den siste tida ganske bra. Ein ser solstrålene
speiler i havet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar