Var ein liten tur innom fjesboka i går. Der skreiv ei studentvenninne av meg, Trude Ervik, eit spørsmål som lød slik: Kva song er denne linja henta frå? " What to do, what to say, shall they carry our treasure away...?". Eg kopla sjølvsagt tvert og svarte at det var frå den største av dei største musikalane, Les Miserables! Eg måtte spørre om ho satt og mimra....
Då vi var studentar sette vi opp denne musikalen med stor braksuksess. Sidan eg var kapellmester føler eg at eg kjenner den ut og inn. Eg blei litt sentimental og leita fram cd`n min og sette den på. Åååååå.......kor eg sakner den tida. Eg kjente det stakk langt inni meg. Heile storyen kom veltandes over meg der eg prøvde å halde fokuset på husvaskinga. Det var jaggu meg ikkje lett.
Musikalen er veldig sterk. Det kan vel alle som har kjennskap til den skrive under på. Det er veldig mange fine songar i løpet av musikalen. Då eg kom til song nr.6 i andre akt var det som om eg plutselig hadde funne den ultimate songen. "A little fall of rain". Ingen songar har vel sterkare tekst enn denne. (Ein burde kjenne storyen bak for å forstå kor sterk den er). Marius har leita lenge etter kvinna som var hans store kjærleik- Når han endeleg finn ho, blir ho skutt under kampen på barrikaden under det franske studentopprøret.
I armene på Marius synger Ephonine ein nydeleg duett med han om at ho ikkje har nokon smerte i det heile tatt. Grunnen til det er at han endeleg er der. Så lenge han er i lag med ho toler ho all smerte.
Kvar gong eg høyrer songen kjem tårene på slutten av songen. Ephonine døyr i armane til Marius der han sit og held rundt ho. Siste ordet må han syngje heilt åleine. ........and rain will make the flowers grow. ¨Ho syng at regnet vil la det vekse blomster over ho.....sukk...nydeleg. Songen må berre opplevast!! Eg får frysningar. Dette er kjærleikssongen nr.1.
Ein slik kjærleik er det mange som går glipp av. Mange velger "feil" livsvei og mange er ikkje så heldige at dei møter på "the one". Har ikkje alle rett til litt lykke? Eg veit mange ikkje trur på den store kjærleiken.... Men eg trur det er av di dei ikkje har opplevd den endå! P.g.a valg ein har gjort tidlegare i livet, går ein glipp av det som kunne vore det mest fantastiske med livet. Fleire kunne ha funne den som verkeleg utfyller seg og som gjer at ein for det meste føler seg glad. Men det er berre mine tankar...Mange vil vel sikkert sei eg er heilt "skrudd".... :)
Don`t you fret dear Marius, I don`t feel any pain. A little fall of rain can hardly hurt me now. You're here, that's all I need to know. And you will keep me safe, you will keep me close, and rain will make the flowers grow.
But you will live Phonine dear God above. If I could close your woms with words of love.
Just hold me now and let it be. Shelter me, comfort me.
You will live a hundred years if I could show you how. I won't dessert you now.
The rain can't hurt me now. This rain will wash away what's past. You will keep me safe and you will keep me close. I sleep in your embrase at last.
The rain that brings you here is heaven blessed. The sky begins to clear and I'm at rest.
A breath away from where you are. I 've come home from so far.
I lag: Don't you fret dear Marius/Ephonine. You/I don't feel any pain. A little fall of rain can hardly hurt you/me now. I'm here. That's all I need to now. I will stay with you till you are sleeping. And rain will make the flowers grow.......
Nest siste linje synger ho anna tekst om han. Siste linje synges i lag, men ho døyr rett før siste ord.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar