søndag 23. august 2009

Fasinerande!

Har vore på hytta i helga og slappa av. Det har ikkje vore mykje folk på dei andre hyttene, så det var ganske stille rundt oss.
Stort sett har vi vel gjort det vi bruker...... Ingen store sprell:)
Gårdagens uteaktivitet var fotball. Med brukbart vèr var det moro å vere på "Herøysletta" med ein ivrig unge. Einar si deltaking avgrensa seg til dei første minuttane. For ein som ikkje trener kan det vere lett å forstrekkje seg. Gøy var det uansett!

Men ingenting av dette kan vel kallast fasinerande!??! Eg burde kanskje nærme meg litt meir det som overskrifta skal gje eit hint om:)
Dagen i dag!! Vèret var langt frå det beste. Det har regna stort sett heile dagen. Medan dei einaste hyttenaboane som var tilstades i området denne helga, valde å reise heim tidleg pga vèret, valde vi å få mest mogleg ut av dagen på hytta.
Vi tok oss ein spasertur i regnet mot "Dokkarstranda". Det var då vi oppdaga fleire hundre ender i flokk på havet. Eg, i mitt framleis så korte liv, har aldri sett eit slikt syn før. Då ser eg bort frå Lundefuglane eg såg på Lovund i si tid. Vi gjekk litt lengre og så såg vi ein ny flokk, like stor som den første. Det virka på meg som om dei ga ut signal til alle endene om at dei måtte komme. Det blei berre fleire og fleire.
Det første som slo meg var at no gjer dei seg klar til å reise sørover. Sannsynlegvis har eg rett på det området..... Vi avventa ei stund i håp om å få sjå dei ta fatt på reisa. Så heldige var vi nok ikkje. Hadde det ikkje vore for regnet, ville vi nok venta ei stund til.
Uansett, fasinerande. Det er langt frå kvar dag at vi ser fleire hundre fugler samlar seg på denne måten.
Dumme meg hadde sjølvsagt lagt att fotoapparatet på hytta. Typisk kan eg kalle det!
Alt i alt ein bra dag! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar