onsdag 19. august 2009

Litt av kvart... :)




Har Arja Saionmaa karisma? Har ein mann som blei blodig fornærma då han sa at ho hadde karisma og eg berre flirte til han. Hehe.... Ikkje at det svara for kva eg eigentleg meinte, men det var berre så uventa frå det haldet. Det var på tur heim frå Senja i helga at Arja sång "Jag vil takka livet" på radioen og at det kom så spontant fram. Spørs om det er så lurt å storflire når ein sitter bak rattet, men det gjekk i alle høve bra!


Etter å ha hilst på senjatrollet og kjærringa hans høyrer det med til storyen at vi dro til Hamn. Der har dei forresten rorbuleiligheter til salgs. Anbefales....... Uansett, det er middagen eg har tenkt å vie dei neste linjene til. Prisen på mat var ganske høy. Då vi fekk servert maten skjønna vi kvifor! Pappa meinte at det var viktig at folk fikk nok mat. Her fikk vi endå meir!! Etter å ha ete meg rimeleg mett, hadde eg like mykje att på tallerken som eg hadde i magen. (Sjå biletet). Så heile staden stod for kvalitet!


Ellers gjekk store delar av helga med til at ein liten gutt skulle ha "mommo" med i klatrekonkurranser av fleire slag. For ei kvinne i sekstiåra var det ei utfordring! Men ein ting skal ho ha.....Ho tok utfordringa!!


I dag tok ho fatt på turen heimover (lite stopp i Bodø først). Steffen syns det er litt dumt at ho ikkje er her meire, for det er ikkje alle som tar slike utfordringer som han gjer på strak arm:)




I dag er det ikkje ferie lenger som hovudfokus. Måndagen byrja vi på arbeid att. Vi har hatt tre planleggingsdagar, og i måro kjeme elevane attende. I dag hadde vi besøk av vår alles kjære "Portveien 2"- Eli Rygg. Ho er flink til å halde foredrag og tida flaug avgarde.


Det er mykje som må planleggjast og eg rekner med lange arbeidsdagar no i byrjinga. Likevel trur eg dei fleste syns det er godt å komme igang att. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar