Dagen i dag byrja med at eg berre låg i senga som eit slakt og visste at eg eigentleg ikkje var nøydd til å gjere noko som helst. Ergo kunne eg liggje akkurat så lenge eg ville. Deileg!!
Herleg frukost med fint oppdekka bord og dei gamle og tradisjonelle julesongane kom svakt ut av høgtalarane i bakgrunnen. Ute var det pittelitt skumring, så det var heilt på sin plass med litt stearinlys.
Det var med andre ord ein flott start på denne sundagen.
Det beste med julesongane i bakgrunnen, er at minstemann lærer seg songane han også. Det er altfor mange av dagens born som knapt nok har høyrt fleire av dei kjente og kjære julesongane.
Etter frukost var eg ein aldri så liten kjapp tur innom nettet for å sjekke noko. I same slengen gløtta eg innom for å sjå om det var noko nyhende........ Eg beit meg merke i at det var diskusjonar om temaet juleavslutning. Skulen og juleavslutning i kyrkja.
Eg tok meg tida til å lese eindel av argumenta fleire brukte, både for og imot, og eg må seie at eg innimellom blei litt rysta over kva vaksne folk kan få seg til å seie.
Eg trur det heile byrja med at regjeringa har tatt opp dette temaet, om det skal vere skulegudsteneste eller ikkje. Ein eller annan har reagert på dette og sagt at no må det antireligiøse stoppe litt opp før det går for langt.
Det var til dels sterke meiningar om temaet, enkelte av dei fornuftige og enkelte heilt bak mål.
Eg trur at når det kjem til eit slikt tema, skal ein vere litt forsiktig. Ein bør trø varsomt av di religion er ganske viktig for mange.
Alle har vi lov til å ha våre meiningar, men vi må samtidig hugse å vise respekt. Ingen tvil om at vi mangla det, stundom.........
Eg tenker at eg har lyst til å kome med mi meining i forhold til temaet her. Eg har mi meining som sikkert mange støttar, men det er nok fleire som er ueinig også. Likevel, eg skal prøve å vere sakleg og ikkje kome med teite argument, hverken for eller imot.
Det er lov å vere ueinige med kvarandre, men ein må i det minste vere konstruktiv og ikkje så einspora at ein ikkje klarar å sjå begge sidene av ei sak.
Eg syns det er heilt flott at det er juleavslutning i kyrkja. Kjempeflott! Det gjer eg av fleire årsaker. For det første handlar det litt om tradisjonar. Eg syns at fleire og fleire tradisjonar blir borte. Tradisjonar er viktig!! Samtidig at eg syns det er kjempekoseleg.
I alle fall om den blir gjennomført slik den blir gjort her.
Julesongar, elevar som les juleevangeliet, innslag av enkelte klassar og sjølvsagt litt frå presten. Likevel ei litt annerledes gudsteneste.
Dessutan er det mykje lærdom i det også. Blant anna det at ein tar av seg lua........... I tillegg syns eg det er viktig at ein lærer korleis ein oppfører seg i ei kyrkje. Enkelte vil påstå at det får vere opp til dei enkelte foreldra å gjere det, men når vi samtidig veit at det sviktar på det området hos mange, syns eg ikkje at det gjer så mykje om skulane gjer det.
For at dette ikkje skal vere noko som blir pressa ned på elevane, så er det faktisk slik at det er frivillig. Skulen har alltid eit anna alternativ til dei som absolutt ikkje vil i kyrkja. Dei kan vere att på skulen og gjere noko anna hyggeleg.
Likevel ser vi år etter år at nesten alle vel å gå i kyrkja. Ikkje av di dei er religiøse, men av di det er koseleg og at det er ein tradisjon.
Fleire elevar har sagt at det har føltes litt spesielt når dei har vore i kyrkja som tiendeklassingar. Dei har visst at det er siste juleavslutninga dei har vore med på og det har virka litt rart å tenke på at dei ikkje skulle attende året etter.
Dette med at ein har sjansen til å velje noko anna, er viktig. Nettopp for å ta hensyn til dei som er "motstandarar" av kyrkja eller av ein eller annan grunn ikkje ønsker å delta. Ein må sjølvsagt ha respekt for at enkelte ikkje ønsker det også.
Ein har jo fleire gonger lest om foreldre som kjempar mot kyrkja og seier at deira born ikkje skal setje sin for i ei kyrkje. Ikkje av di bornet ikkje vil, men av di foreldra ikkje vil det. Så kan ein spørreseg om det er rett??
Eg veit ikkje svaret på det, men eg har ei meining om det! EG meiner at vi er alle frie individar og at det er noko vi sjølv må få ta stilling til. Vi "eig" ikkje borna våre. Vi har ansvaret for dei. Det er ein vesentleg forskjell i det. Difor syns eg at det er å gå litt langt om ein nektar sitt eige born å gå i kyrkja (dersom bornet ønsker det) berre av di dei sjølv ikkje har eit forhold til kyrkja.
Så kan ein spørre seg.......Kven har ansvaret for å lære bornet om den kristne trua?
Enkelte vil svare samfunnet, medan andre vil seie foreldra. Problemet er berre at dersom ikkje foreldra vil fortelle borna sine om kristendomen, ja då får dei heller ikkje sjansen til å ta eit eige standpunkt i forhold til det.
Det er slik at det er reglar for bruken av faget i skulen. Faget skal ikkje vere forkynnande. Det skal vere meir "I følge historia........." "I følge dei kristne........" osv..... Eg går ut ifrå at dåke skjønner kva eg meiner. I tillegg er det eit \fag som tar for seg alle hovudreligionane i verda. Faget heiter ikkje kristendom lenger.
Samtidig veit eg at det er fleire som meiner at det er ok å besøke ein synagoge eller ein moskè. Det er kyrkjer det også! Berre frå ein annan religion.
Uavhengig av mitt eige livssyn, om eg trur eller ikkje, så meiner eg at det er viktig å lære historia. Eg meiner det er viktig å følgje dei få tradisjonane vi har (spesielt dei som virkar samlande).
Dessutan er jula ei kristen høgtid.
Viss det er slik at ein er så absolutt imot kyrkja, ja då bør ein vel heller ikkje feire jul. Då bør julefridagane tilhøyre dei som trur?!
Eg las blant anna eit innlegg der ein mann påstod at det var rett og rimeleg at vi feira jul sjølv om han var imot kyrkja. Jula handlar om å samle familien og gjere koselege ting ilag. Vel, det speler inga rolle det. Bakgrunnen for at vi har julefeiringa, er kristen. Det er religion som gjer at vi har tradisjonen med å kose oss i jula, ha fritt for å gå i påskefjellet på ski, reise på slalomferie med "afterski"i påska, sørger for at ein ikkje må ta så mange dagar fritt frå arbeid for å dra til syden om ein drar i jula eller påske, osv osv osv Lista kan bli uendeleg lang om eg prøver.
Det blir litt feil at dei som angriper kristendomen mest samtidig meiner at desse fridagane skal behaldast. (For det finst fleire av dei med den haldninga).
Eg er rimeleg sikker på at det ikkje er lenge til Kristi himmelfartsdag blir avskaffa som fridag. Den neste dagen som forsvinn blir skjærtorsdag. Eg er ganske sikker i mi sak. Få folk i arbeid i fleire dagar, for det er pengar i det. Etterkvart vil nok denne trenden balle på seg........trur eg.
Eg har ingen problem med at son min skal lære om religion eller å lære korleis ein oppfører seg i kyrkja. Det er så mange ulike forum ein skal forhalde seg til og kyrkja er berre eit av dei.
Å sende dei i kyrkja er ikkje det same som å be dei om å bli religiøs. Det får bli opp til eitkvart individ å ta stilling til sjølv. Eg meiner likevel det blir feil om ein nektar dei sjansen til å få dette valet ved å utelukke dei frå dette forumet.
Ha ein fortsatt fin kveld!!
Hasta luego:=)
IWALY
søndag 9. desember 2012
Jomfrua er litt sentimental............Ikkje bli for vane med det!!
Jomfrua sit og ser på "The backup plan" på tv. Ein litt romantisk komedie og eigentleg ganske herleg......... Akkurat no er den inne i ein litt meir "trist" tone og då blir jomfrua litt påverka og sit her og syns frykteleg synd på hovudpersonane og ho slit litt med å halde tårene borte. (Berre så det er sagt, så har det foreløpig ikkje trilla ein einaste tåre..........enno). At det berre er film, går ikkje heilt inn ¨på ho. Det verkelege liv eller film.......What's the difference??
Lenge leve sentimentaliteten!!
Eg var ein snartur innom "Facebook" tidleg i formiddag. Eg var ikkje heilt i fjesbok-modus, men eg rakk å få med meg at ein eller annan har publisert eit eller anna om gårdagens finale i "Norske talenter". Sånn bunn i grunn handla det om at det var frykteleg gale at det var ein songar som vann heile greia.
Å syngje er medfødt og krev lite arbeid. Altså inga talent. Talent har ein om ein har klart å byggje seg opp til å bli flink.
Noko er fundamentalt gale når det er ein songar som vinn kvart år.
No trur eg ikkje vedkommande er heilt på stasjon...... Han meinte at det heller burde vere ein dansar som skulle vinne. Vel......... Dette var femte sesongen. Av dei fire gongane det tidlegare har vore arrangert dette konseptet, så har det vore dansarar som har vunne to av gongane. Ergo er det ikkje ein songar som har vunne kvar gong. Men, men....Ikkje lett å forstå seg på argumenteringa til enkelte.
Mange klaga på at det er ein songar som har vunne. Spesielt med tanke på at ho som songar kunne ha meldt seg på idol.
Hmmm......... Eg ser ikkje heilt poenget i argumentet. Idol?? Ho har verkeleg eit songtalent, men konseptet "Idol" har heilt andre målk enn å finne ei som syng den type musikk som vinnaren av "Norske talenter" gjer.
Når DET er sagt, så fins det opptil fleire danseprogram her til lands. Så viss ein på grunn av "Idol" skal utelate songarar, så må ein jo på same viset utelate dansarar. Noko anna ville vore urettmessig??!!!
Tar eg ikkje mykje feil, har sikkert over halvparten av dei som har sterke meiningar om saka, latt vere å stemme sjølv. Vinnaren er faktisk kåra på bakgrunn av at det var ho som fekk flest stemmer av folket.
Så å seie at ho ikkje er eit talent, er det same som å seie at store delar av innbyggjarane i dette landet er idiotar berre av di dei syns ho er eit talent. Akkurat det vil eg påstå at er å opphøye seg sjølv til noko ein slett ikkje er.
Berre av di ein ikkje deler den same oppfatninga, så er ein ikkje på stasjon?? Då er det visst enkelte som har misoppfatta eindel fundamentale ting.
Uansett kven som hadde vunne av dei tre som stod der i går kveld, ville det ha vore eit talent. Dei var alle kjempedyktige på det dei gjorde. Denne gongen var det stemmen til Stine som gjekk rett heim.
Sjølv syns eg det var på sin plass at ho vann, for ho har verkeleg ei stemme som er praktfull.
Ho er nok født med ei bra stemme, ja, men eg trur eg kan påstå at det likevel ligg mange, mange timar med hardt arbeid bak den stemmen. Ho har nok trena vanvittig mykje og eg reknar med at store delar av tida hennar har gått med til song.
Mykje av det ho gjer treng ein mykje teknikk for å gjere. Teknikk er ikkje medfødt!! Nei, ho har talent så det held i massevis!!
Berre så synd at mange ikkje klarar å glede seg på andre sine vegne. Dersom ikkje deira favoritt vinn, så er det noko gale med systemet........... og ein må for all del på nettet og spre "galle og eder". Ein skulle nesten tru at dei har satsa mykje pengar i veddemål og tapt og av den grunn surmuler......... Som at "nederlaget" er deira.
Når ein blir ein av dei tre beste i landet, har ein uansett vunne noko. Det var tre vinnarar, men ein trona øverst. "Samtalen" på fjesboka blei berre rett og slett heilt teit.
Dei fleste var vel sikkert "fjortiser"............utan at eg eigentleg har grunnlag for å seie det. Eg nemner det berre i forbifarta av di det kan virke sånn..........
Jaja....................
Eg har i alle høve ikkje brukt dagen min på å ergre meg over kven som vann i går kveld. Eg treng då vitterleg energien min til noko anna. I dag blei den brukt til å dra kortet. Kan vere skøy det også?! I alle fall medan det står på...... Så får ein jo vurdere kor gøy det var når ein sjekkar sluttbeløpet etterpå. :=)
No skal unge Knutsen ta å leggje seg om litt. I alle fall er det nett det som er planen. Planar er sjølvsagt til for å brytast, men å kjempe mot augelokka er det vel inga vits i?? Eller...............
Uansett, ha ei god natt og sov godt!! Håper dåke alle har hatt ein kjempefin laurdagskveld med mykje latter, kjærleik, god mat, avslappande.............jaja...........Berre vrøvl!! Hahahahaha.......... I ei ideell verd er det vel slik?? Sov godt!!
Hasta mañana......
EEDE

fredag 7. desember 2012
Nonstop.......
Bitt av kobraslange på fly. Viss eg no skulle vere så gal at eg først skulle smugle noko med meg på flyet, ja då kan eg vitterleg garantere at det ikkje er ein kobraslange. (Eller meir korrekt, ingen som helst slange!!!)
Det er nett det som skjedd. Ein som skulle fly frå Kairo til Kuwait, hadde tatt med seg ein kobraslange i handbagasjen. Heilt normalt!!!
Litt meir hyggeleg blei det då det blei oppdaga at slangen ikkje lenger var i handbagasjen, men laus i flyet.
Var det nokon med flyskrekk ombord, trur eg at eg ganske sikkert kan slå fast at det ikkje hjalp noko særleg på skrekken å få vite at det er ein slange laus ombord.
Om eg ikkje tar mykje feil, var det "smuglaren" sjølv som blei biten. Statistisk sett kan gifta frå ein slik slange ta livet av eit menneske på 15 min. Eg trur nok eg ville ha blit rimeleg stressa om eg hadde blitt biten høgt oppe i lufta utan sjanse til å få rett hjelp.
Flyet måtte naudlande og sjølvsagt blei både slange og eigar "kasta" av.
At han hadde blitt bitt, brydde han seg visst ikkje så veldig om (han artigkaren som ikkje hadde betre vit). Så då dei blei satt på bakken, nekta mannen å ta imot hjelp. Han skulda på at det berre var eit overflate sår........ Joda.......Eit overflatesår frå ein kobraslange hadde heeeeeilt sikkert roa nervene til denne jomfrua! Heilt klart!!
Då eg las at flyet gjekk frå Kairo til Kuwait, tenkte eg først "at det går an". Det er jo ganske teit å seie at flyet gjekk frå ein by til eit land. Heilt til dei små geograficellene fann ut at det er lov til å tenke litt til trass for at det er fredagskveld....... Viss dei hadde vakna pittelitt tidlegare, ja då hadde dei jo kopla med ein gong at Kuwait har ein hovudstad som heiter nett det, Kuwait. Allmenn kunnskap, liksom.
Jaja...........:=)
Musehode i ferdigpasta. Eehhhhhh.............Fisj!!!! Eg som brukar å kose meg pasta mange kveldar....... Vel, no er det i Danmark den fatale feilen er oppdaga, men likevel..... Tanken er rett og slett ekkel!!! Ikkje rart dei ber danskane om å sjekke matskapet sitt!
Ville du kledd babyen din i dette?? Høge helar og bikini........ Tja, eg veit ikkje. Eller....... Høge helar hadde eg nok definitivt ikkje gått med på. Bikini?? Den må eg nok gruble litt meir på.
No er det vel eingong slik at som regel så spradar små born naken rundt på stranda. Då er ein jo lett offer for snikfotografering og anna ulumskskit. Sånn sett kan det jo vere greit å kle på ein bikini. Kombinasjonen høge helar og bikini blir litt drastisk........
Så spørs det kva ein definerer som baby?! Når eg høyrer ordet baby, ser eg for meg sånne herlege små nurk som enno er heilt avhengig av "mamma" for å overleve (for å setje det litt på spissen). Grøt og liknande har enno ikkje gjort sitt inntog........... Når den tid kjem, tenker eg at eg brukar ordet unge. (Kanskje baby ei stund til, men ikkje så lenge).
Baby er eigentleg definert som born fram til 12-13 mnd.......
På biletet i nettavisa er det definitivt ikkje ein baby som er avbileta. Babyar kan ikkje gå av seg sjølv!!
Eg skal ikkje å så langt som å seie at høge helar på små born er bornemishandling, men at det er skadeleg?? Ja, det er ikkje i tvil om. Det er slett ikkje bra for born å gå i slike skor.
No skal det seiast at det aldri er bra å gå for mykje med høge helar for nokon som helst. "Babyar" burde i alle høve slippe!
No kjenner eg mange "høge helar-wanna be". Altså at det har eit ønske om å ta seg bra ut og så ser det berre teit ut der dei kjem haltande på sine høge stilettar. Eigentleg så er det få forunt å ha skikkeleg stilig gange i desse tynne og høge skorne.
Eg høyrer sjølv til i kategorien "talentløs gange" når det kjem til høge helar. Eg skal ikkje skryte på meg at eg viser meg så ofte i slike skor. Eg sparer helle omgjevnadane for synet!! Hahaha........
Det er fredag og kveld. Norske talenter er akkurat avslutta for i år og ei herleg fin stemme stakk av med førstepremien.
Ute har vinden byrja å leike seg litt og då er det ekstra godt å vite at ein ikkje treng å bevege seg så mykje som ein millimeter frå sofaen, med mindre ein har lyst til det sjølv. Ei varm og god stove lokkar litt meir enn kulda på utsida av veggene.
Eg håper dåke alle har ein fin kveld og at adventstida er ei hyggeleg tid. Når ein går og ventar på jula, bør ein vel vere litt ekstra merksam på det å lage god stemning i heimen og kose seg litt ekstra. Adventstida og jula skal jo vere ei gledeleg tid, sjølv om det er mange som også slit av ulike årsaker når jula nærmar seg. Kanskje nettopp difor bør ein gjere det ein kan for å kose seg og sørge for å sette pris på det som er rundt oss. Rett og slett vere takknemmeleg for at vi faktisk er så heldig stilla at vi ikkje treng å grue oss til desembermånaden. At vi er så heldige at vi har det "bra" og kan stappe i oss masse god mat og anna. Det er trass alt inga sjølvsagtheit for alle.
Joda......Det er mykje eg ønsker hadde vore annleis. Ein har alltid sine ønsker som ein går rundt og ber på..................men i det store og det heile er ein heldig stilla som har gode vener, venleg familie, arbeid, nok av mat, straum, osv osv osv......... Dette er kanskje tida for å tenke på nett det!!
Ha ein fortreffeleg kveld!! :=)
Hasta luego!
EDFB

torsdag 6. desember 2012
Ting skjer..........
Jomfrua har satt seg godt til rette i sofaen og er klar for å sjekke om det har skjedd noko spanande ute i den store verda id et siste.
Sånn heilt ærleg, tvilar eg på dei store overraskingane...............
No såg ikkje eg gårdagens handballkamp mellom Serbia og Noreg. Det eg derimot har fått fortalt frå kampen av fleire idag, gjer at eg skjønner at "verda" fungerer ikkje heilt på same måte overalt.
Serbia er nok "skada" i lang tid framover........Eg tenker då på dei konfliktane som har vore i det tidlegare Jugoslavia og dei blodige kampane som herja der nede på 90-talet. Sjølv i dag er det ikkje 100% fred. Dei kallar det for fred, men den er ikkje så sikker som ein skulle ha ønska.
Det kan nesten virke som om at Serbia trur at alle er ondskapsfulle. At dei tok ifrå alle normenna bjellene sine av di dei var redd dei skulle kaste dei på bana??!! Hallo........... No veit eg ikkje korleis serbiske tilskodarar oppfører seg, men eg er rimeleg sikker på at det aldri har vore noko problem at nordmenn kastar bjellene sine ned på bana!!
Kamp er kamp, liksom.......Det er om å avvepne motstandarane!! Juhuu.......
Då dei til og med tok trompeten til han der artigkaren som alltid drassar den med på kamp, ja då viser det berre kva lavmål dei har tenkt å leggje seg på.
At trenaren til Serbia hindra Sulland fleire gonger ved å dra ho i skjorta........Eg trur eg skal la vere å kommentere det!
Intim kontakt med alle på fylkestinget. May Valle var vel ikkje akkurat den skarpaste kniven i skuffa då ho uttalte dette på talarstolen til Fylkestinget. Ikkje eingong då ho blei klubba, stansa ho. Ho berre dura fram med det ho ville seie og det med null respekt for systemet ho er ein del av.
Då ho blei irettesatt, kunne ho ikkje skjønne kva som var så galt med det ho sa. Eg vil påstå at det seier litt, det..........
Her har Ingebrigtsen stått fram og tilstått intim kontakt med ei yngre kvinne. Plutseleg så eskalerer det heile til å finne "syndebukkar" overalt.
Eg lurar verkeleg på kor mange vi til slutt endar opp med i antal om dei ikkje prøver å roe ballen.
No er det visst "sexpress" og mannsjåvinisme overalt...... Stakkars, det må vere hardt å vere mann!!
Valle påstår at Odd Eriksen skal ha uttalt det som står i denne overskrifta (om intimkontakt). No seier han sjølv at han ikkje kan erindre å ha sagt det. Vel, viss han no skal ha sagt det, så kan eg ikkje i min villaste fantasi sjå for meg at nokon har trudd på det og det må anten ha vore meint som fleip eller kanskje berre litt "fylleprat"??
Så då måtte sjølvsagt Valle gå fram på talarstolen for å nagle han for det. På talatstolen i Fylkestinget. Utan forvarsel. Ho tok nok både Eriksen og alle dei andre på senga der!
No har ikkje eg, med det eg har skrive her, sagt at May Valle ikkje er skarp, berre så det er sagt. Til det veit eg for lite om ho....... Det eg "sa" var at akkurat i DENNE saka var ho ikkje den skarpaste kniven. Eg vil tru at mange er einige i det?! I alle fall er fylkesordføraren det.
Ellers vil eg no berre ønske alle saman ei god natt! :=)
Hasta luego!
Waiting for a sunny day.......

onsdag 5. desember 2012
Både og..........:=)
Sofaen har innretta seg etter ræva mi og eg har ei fantastisk avslappande stund her akkurat no!! Eg er "åleine" heime og har sørga for å ordne det slik at det berre skal vere deileg.
Kvelden starta med ei herleg stund full av kvalitetstid med min lille skjønne. Eg fann ut at eg skulle gå ned i kjellaren og øve litt. Like etterpå stod det ein liten gut i døra og smilte så fint medan han spurte om han ikkje kunne få vere så snill og øve i lag med meg.
Klart det!! Så då gjekk det i julesongar og liknande. Vi kopla på mikrofon og ut av høgtalarane ljoma det både "Glade jul" og "Nordnorsk julesalme".
Det var så koseleg og så var stemninga så ufatteleg god. (Det er vel slikt ein burde gjere oftare?!)
No er han komen seg under dyna og forhåpentlegvis er han langt inni draumeland og eg har funne mi stilling i sofaen. All alone.............. Give peace a chance. :=)
Eg må vel kanskje nenme at herleg fin julemusikk ljomar ut høgtalarane medan eg ligg her og skriv. Eller........ljomar og ljomar. Det er ikkje akkurat så høgt at det gjer noko, men akkurat passe høgt til å skape den rette stemninga hos Jomfru Knutsen!
Hahahaha........Lærer katten å gå på do. Det er kanskje ikkje det mest normale biletet eg har sett, men det avbileter i alle høve ei katte som sit på do, på ordentleg! Ei genial løysing kanskje? Eg veit ikkje heilt.............
Det er matmora som har sett seg lei av lukta frå kattesanda og i den samanhengen har funne ut at ho skal lære katta å gå på do på menneskeleg vis.
Til å byrje med er det fleire ringar på toalettet. Etterkvart fjernes ein og ein ring heilt til det ikkje er fleire att. Då har liksom katta lært seg korleis ein gjer det på vanleg vis og matmor har eitt problem mindre.
Skal katta lære seg å opne lokket på eigenhand også?? Eg berre spør.......... Viss ikkje må det jo stå opent til eikvar tid.
Det kan vere at eg er litt sær på det området, men sjølve lokket skal då vel vitterleg vere att?!!!
Eg veit ikkje kor mange gonger eg har irritert meg over at ikkje "dasslokket" blir lagt ned etter bruk. Det trengs vel ikkje så store kunnskapen for å forstå at det veltar opp ein heil masse bakteriar kvar gong ein skyller ned?
Eg hugsar eg las noko om det på nettet tidlegare og det var berre ekkelt!
Eg går sterkt ut ifrå at ein ikkje investerer ein masse pengar i eit lokk av di det skal stå der til pynt. Lokket har vel sin misjon. Det er rett og slett ei årsak til at det følgjer med eit lokk til setet!!
Ellers kan ein jo påpeike lukta som vil fylle eit bad om lokket til eikvar tid står opent.
Skitlukta til andre er vel ille nok i frå før enn at den treng å forverrast ved at den ikkje kan stengast inne under lokket til den forsvinn.
Nei, la katta skite der det er meint at ho skal gjere det!! :=)
Jada, eg veit eg er sær, men så har eg dog også ei meining om kva veg toalettpapiret skal hengje!!
(Det trur eg det er veldig mange som har, så kanskje ikkje det er så sært likevel?)
"Englene synger høyt i kor.......". Oslo gospelkor........Vakkert!! Det får i alle høve tankane vekk frå skitlukt og liknande. Eg skal ta og nyte musikken litt no. Berre liggje her og slappe av og kanskje, men dog berre kanskje eg skal bry hjernecellene etterkvart med litt lesing.
Eg held på med boka "Tilståelsen" av John Grisham. Eg har ikkje komen så djupt inn i boka enno, så eg håpar det er ei bra bok eg har starta på.
Må du ha ein fin kveld! Husk å nyte "dagen" medan du kan..........
Hasta luego :=)

tirsdag 4. desember 2012
Tysdag 4.desember
Kjært born har mange namn!! No er det gått ein 12-13 år sidan eg stod på inspektøren sitt kontor og såg så "uskuldsrein" ut at eg blei døypt til Jomfru Knutsen. Eg er sjølvsagt like "uskuldsrein" i dag!!! Hahahahahahaha............
Uansett..........Jomfru Knutsen har fått tildelt eit nytt namn i kveld. Eg veit ikkje heilt om det er kyrkjebesøket på sundagen som gjorde utslaget eller ei, men namnet er i alle fall Milde Jesus!! Så jomfru og mild!! Hahahahahaha........Pefekt skildring av dette kvinnemennesket!! Thihihihi ..:=)
Noel Gallagher syns det er greit om barna bruker narkotika. Han seier følgjande: Jeg er ikke i en posisjon hvor jeg kan moralisere. (I følge dagbladet.no).
Tja, kva kan ein seie til det?? Kva syns du? Er det slik at dersom ein brukar eller har brukt noko sjølv, så er ein utelukka frå det å moralisere overfor andre når det gjeld same problemet?
I enkelte saker kan vi nok seie at vi kan moralisere "til ein viss grad", i andre saker "for fullt", men eg trur enkelte vil påstå at det også fins saker der ein absolutt ikkje bør blande seg uansett kva ein meiner eller ikkje.
Vel, når det kjem til narkotika, meiner eg bastant at ein kan moralisere sjølv om ein sjølv ikkje har vore noko dydsmønster på det området. Kanskje nett difor?! Då veit ein jo kva ein snakkar om.
Eg vil tru at dersom ein foresatt brukar narkotika, ønsker han/ho sikkert ikkje det same for sitt eige born.
No skal ikkje eg vere nokre "betrevitar" her i denne saka, men eg vil likevel påstå at eg meiner at godeste Gallagher tar fullstendig feil. Sjølv om han har sine "svin på skogen", er det ikkje gjeve at han ikkje skal bry seg om dei som kjem etter han i den biologiske rekka. Langt ifrå! Han bør i stor grad moralisere overfor dei. Han bør i alle fall ikkje gå ut offentleg og seie at han syns det er greit.
Nadya gjorde alt for å brødfø sine 14 barn. Eit klassisk eksempel på at vi menneske i stor grad er ulike og har langt frå same moral i livet.
Om den eines moral er betre enn den andres, ja, det er vel opp til kvar enkelt å vurdere kva ein meiner.
I mitt hovud seier "Nominert til fire pornopriser" litt når det kjem til hensynet av sine etterkommarar.
Eg ville vel "døydd" om sonen min skulle fått greie på at eg var med i pornofilmar eller liknande. Det ville ikkje berre bli ubehageleg for meg, men i stor grad han også.
Om noko slikt kjem ut, risikerer ein at bornet blir skadelidande i form av mobbing osv osv........
No skal ikkje eg vere moralens høge voktar og seie at som 14-bornsmamma har ein eit visst ansvar (sjølv om det er det eg eigentleg meiner innerst inne).
Å vere 35 år og ha heile 14 born, er nok alt anna enn lett. Det skal ein del pengar til for å brødfø så mange og ha tak over hovudet på dei. Likevel, eg syns det er ganske drastisk å ta steget inn i pornobransjen av di ein treng pengar. MEN, som eg sa, kva veit vel eg om kva som er rett?
Det eg lurar mest på (sånn eigentleg), er kva som røyrer seg i hovudet på menneske som vurderer å ta steget? Kva tankar er det dei gjer seg rett før dei hoppar i det?
Eg nektar å tru at det er noko dei gjer med lett hjarte......... Kor langt nede er ein eigentleg og kor desperat er ein etter pengar for å gå så langt som i dette tilfellet? Gjorde alt for å brødfø borna sine". Ja, det vil eg påstå når ein vel ein så utradisjonell metode for å skaffe pengar.
No er det slik at i akkurat dette tilfellet så trur eg ikkje at kvinnfolket var så langt nede og at ho slit så veldig med metodane sine. Årsaka til at eg kan påstå det, er at det står på nettet at ho ser på det som ei stor ære å vere nominert til fire pornoprisar. Då stiller saka seg litt annleis.
Eg trur aldri at eg kunne ha gleda meg over slikt!!
Eg trur eg i same slengen sender meg sjølv attende til setningen om at kvar enkelt får definere sjølv kva moral som passer best til seg sjølv eller ikkje.
Sjølv blir eg "sveitt" berre ved tanken..........men vi er alle ulike!!
Jomfru Knutsen (eller Milde Jesus som dukka opp som eit alternativ i kveld) kjenner at augelokka held på å sige litt. Det er vel på tide å finne dyna (sikkert ei iskald ei!!!) og krype under den og finne den djupaste svevnen som er å oppdrive. Eg kjenner at berre tanken på at "stellerommet" skal ha sine minuttar først, er tung å fordøye, men må ein så må ein!!
Det blir nok heller lite med lesing på senga i kveld...............
Håper dåke alle har hatt ein kjempefin kveld i desse førjulstider! Det er jo tida for glede og kos........
Alle har vi vel mykje å vere takksam for?!
Sov godt når den tid kjem!! :=)
Hasta luego!!
Forever.........

mandag 3. desember 2012
Jaja......Ingenting sjokkerer.
Skolens ansatte ga autistisk 18-åring strømsjokk. Fikk 60 volt mot dårlig oppførsel på skolen. What's happening??
Eg sit og les på nettet, nærare bestemt vg.no. Det er i den samanhengen eg kjem over denne overskrifta som for meg virkar litt i drøyaste laget. Ein ting er at det er snakk om ein gut som har diagnosen autisme, men eg syns no uansett det er for drøyt uansett kven det var mot.
Ein gjer ikkje elevar straumsjokk (i alle fall ikkje om det ikkje er snakk om at det er så farleg at det står om liv).
No er det ikkje første gong at "USA" sjokkerer. Vi har jo tidlegare lest om at selgarar av microbølgjeomnar må lage ei bruksanvisning som dekker det meste. Til dømes kan eg jo nemne at det ikkje er så lurt å putte ein pus inn i ein slik omn om du ønsker å tørke ho.
Om det ikkje står noko om det i innstruksen, tja, då er det fritt fram for å saksøke produsenten.
Superteit, men USA i eit nøtteskal!!
Denne gongen dreiar det seg om at eleven nekta å ta av seg jakka si. Kjempefarleg!!!!!! Her er det verkeleg viktig å vise kven det er som bestemmer. Litt straumsjokk gjer vel ingenting?? Eller.................?? Hmm......!!
Det var faktisk ikkje nok med straumsjokket. Dei måtte rett og slett ydmyke guten litt meir. Sånn for å vere sikker på at han skulle bli nok ydmyka.
Litt tau rundt hender og føter (med andletet ned). Å bli bundet er vel berre rett og rimeleg??
(Eg håpar du som les skjønnar at eg er litt ironisk innimellom......).
Det er ikkje ei nylig hendig det er snakk om. Vi må ti år attende i tid, til 2002.
Eg vil tru at ein gut med autisme i 2002 stort sett er det same som ein gut med autisme i 2012.
"Alle" som arbeider med born og unge som har denne diagnosen, veit i stor grad (bør i alle fall vite) at ting ikkje alltid fungerer slik dei ønsker at det skal om alt er optimalt.
Eg ser ikkje heilt det med at det ikkje er naturleg at ein person med ein slik diagnose kan finne på å nekte å ta av seg jakka.
Det er nok mange stadium av ein slik diagnose, men eg vil tru at ein ikkje berre stiller ein autismediagnose utan at det er grunnlag for det.
Har ein først fått ein diagnose som seier at ein har autisme, så må ein vel i det minste kunne forvente at ein får den respekten ein fortener på lik line med andre.
Det siste ein treng, er å bli ydmyka på det sterkaste for ein så liten bagatell som jakkeepisoden er i dette tilfellet.
Eg seier ikkje at ein ikkje skal forvente at jakken skal av og at dei berre skal la han ha den på. Han skal sjølvsagt lære seg å følgje reglane på lik line med dei andre. Metodane som blir brukt, derimot, er forkastelege. '
Viss dei verkeleg ikkje kjem på noko betre metode å lære han "ting" på, ja då må eg vitterleg påstå at dei er lite fantasifulle!!
Slike straffemetodar skaper vel heller frykt og usikkerheit, framfor det å lære at ein må ta av seg jakken. Slik kan det ikkje vere. Det viktigaste må jo vere å skape så trygge rammer som "over hodet" mogleg"??!! Gjennom tryggleiken kjem også tilliten og evnen til å samarbeide.
Samarbeidsvilje kan ta tid å byggje opp og det vil naturlegvis vere dagar der det ikkje fungerer sjølv om ein har klart å byggje eit godt grunnlag. Slik vil det alltid vere og eg håper verkeleg at dei som brukte denne metoden får "passet sitt påskriven" no.
Dei bør heller aldri få lov til å arbeide med born som har spesielle behov.
Ellers vil eg berre påpeike at det ikkje heiter autistar, men born med diagnosen autisme. Vi kallar ikkje dei som er kreftsjuke for kreft eller liknande........ Autisme er ein diagnose og ikkje noko ein er. Difor nedverdigar ein eigentleg eit born om ein kallar bornet for autist.
Eg har sikkert brukt ordet sjølv, fleire gonger, ubevisst. Eg trur ikkje folk meiner noko negativt med det når dei snakkar om "autistar". Dei tenker berre ikkje over det, at det er feil bruk av ordet. Born med autisme.........
Det er måndag og om få minuttar er det "Farmen" på tv. Jomfru Knutsen har tenkt å gløtte litt på det, så då må eg vel nesten avslutte her.
Eg håper dåke alle får ein fin måndagskveld!! :=)
Hasta luego!
MY!

Abonner på:
Innlegg (Atom)