torsdag 27. februar 2014

Krever at Apple beskytter barna mot dyre app-kjøp. Joda, eg er forsåvidt einig der, men heller meir til at det får jaggu meg dei foresatte sørge for også. Å fortvile over at det plutseleg blir rådyrt for dei av di borna har brukt masse pengar på å komme seg fram i spela osv osv…..blir litt for dumt. Det er faktisk inga sak å hindre at du blir trekt for penger. Dette veit eg av di eg sjølv har ein som som bruker ipad´n min og eg har aldri blitt trekt ei krone eg ikkje har hatt kontroll på. Ipad´n har eg hatt i fleire år, så det er ikkje tilfeldig.
Årsaka til at eg har full kontroll, er at kvar gong det skal "kjøpast" noko, må ein taste inn både apple-id og passord. Mi sikkerheit ligg i at det er kun eg som kan den kombinasjonen. Eg gjer den sjølvsagt ikkje ifrå meg til han. Ergo kan han ikkje gjere noko utan tillatelse av meg.
Lastes det ned noko som kostar noko, får eg beskjed om det via e-post like etterpå. Ganske greit………

Eg er forsåvidt einig i det moralske…..at apple ikkje treng å lage det slik at born skal bli lokka til å laste ned ting i løpet av spillet, men konsekvensen blir då at alle gratisspela heller må koste noko. I dag er det slik at ein faktisk kan laste ned "eit tonn" med spel utan å betale eit raudt øre, så då må ein velje. Kva er best? Berre betalspel, eller ha tilgang til gratisspel?

Årsaka til at eg reagerer på denne saka er enkel. Den er berre ei lita sak på ei liste med mange hundre ulike andre saker. Samfunnet har blitt slik at no skal foreldre slutte å tenke. Samfunet skal ta alle hensyn slik at ein ikkje treng å tenke sjølv. Alle som kjem med nytenkning no må passe seg og tenke på det meste. Viss ikkje vil det alltid vere ein eller annan som kritiserer dei av di dei har gått i ei eller anna felle av di dei gløymte å tenke.

No kan det hende du syns eg er litt frekk her, men det er ikkje meininga. Likevel føler eg at det er blitt slik på mange områder. Det er så mange ting som foreldre før var flinke til å følge opp, som no er blitt slik at vi faktisk forventar at andre skal ta seg av. Alt skal liksom leggast så mykje til rette for oss for at vi skal få ein mindre stressande kvardag.
Vel, vi har sjølv valgt å bli foreldre, ei egosentrisk handling, og ja…….det innebærer litt. Ønsker vi å vere ein del av internettkvardagen, ja då må vi også skjønne at vi må følge litt med. Lage forholdsreglar.
Sørge for at borna ikkje kan laste ned for fleire tusen kroner utan at foreldra veit det før det er for seint.
For eg veit nemleg av fleire som har gjeve frå seg passordet til borna sine og det er ikkje alltid like lett å skulle måtte vise seg tilliten verdig når det gjeld slikt. Det kan vere ganske så vanskeleg.

Skulle saka vore seriøs i mine auge, måtte den heller ha blitt vinkla rundt aspektet som seier at borna blir påverka negativt ved at dei kan kjøpe seg fram i spelsystemet. Dei blir hekta på eit spel og berre MÅ kjøpe seg ut av problemet som gjer at dei ikkje kjem seg vidare.
Mange born forstår seg ikkje nok på pengar at dei forstår at dei ikkje veks på tre og at det faktisk er snakk om ekte pengar.  Eg har sjølv fått spørsmål om "oppgradering" heime, men seier konsekvent nei når spørsmålet dukkar opp.
Akkurat det med å seie nei, er det fleire som syns er vanskeleg. Nei, det er ikkje det. Samfunnet skal ikkje seie nei for deg. Du skal sjølv seie nei til ditt eiga born. Det er ikkje vanskeleg. Ein treng ikkje få dårleg samvit av di ein har sagt nei til slikt, og joda……..ein risikerer kanskje litt masing frå dei borna som ikkje aksepterer eit nei med det same. Då må ein heller lage seg speleregler som seier at dersom du vil spele, må du la vere å mase.

At born blir avhengige av spel er aldri bra. Vi ser idag at det er nett det som skjer. Borna er for mykje foran skjermen istadenfor at dei er ute og leikar. Det blir ei anna problemstilling.

Heile poenget mitt er at det kan diskuterast om det er nødvendig med desse "fellene" som kjem i løpet av spela, eller ikkje. Det kan ein meine mangt om. Det eg har tatt stilling til her, er kor vidt det er apple eller dei foresatte som skal følge med på kva borna gjer. Apple har allereie eit system som sørger for at du slepp å få overraskingar.
Så det er den økonomiske biten eg eigentleg har tatt stilling til her.

Kvifor har sebraen striper? Eit spørsmål som berre heilt sånn utan vidare ploppa opp blant dei små grå. Det fins sikkert eit eller anna svar på spørsmålet, noko eg forsåvidt har fått bekrefta ved å google det heile. Det fins fleire forslag, enkelte betre enn andre. Likevel kan ein ikkje vere eitt hundre prosent sikker.

For å halde blodsugande insekter unna! Kanskje då mest sannsynleg klegg. Tja, det gjeld forsåvidt oss menneske også. Vi er nok ikkje så glad i kleggen, vi heller. Eg kan ikkje hugse å ha sett nokre medmennesker med striper?! Eller……..
Stripene reflekterer lyset….Jaja, då veit eg kva eg skal gjere til sommaren. I alle fall om det blir varmt og godt rundt meg. Eg skal male striper over heile kroppen. Det kjem til å bli riktig så lekkert!

For å kamuflere seg……. Tja, svart-kvit striper skiller seg jo ikkje ut i mengden av natur?! Eg skal teste det ut på måndag. På arbeid skal eg troppe opp i svart-kvitstripa heildrakt og så skal eg sjå kor mange det er som legger meir merke til meg enn dei andre.
Hovudsakleg er det for at dei skal sleppe å bli eit lett bytte, så då skal eg prøve det for å sleppe unna alle menna rundt meg. Det er jo ikkje akkurat noko tvil om det er mange jegrar rundt om i kommunen.
Så ei rype som eg…… Hahahahahahahahah…..

For at dei skal gjenkjenne kvarandre. Hahahahaha….. Då er det jo ikkje vanskeleg å skjønne at vår Herre var supertsmart og skapte oss menneske så totalt ulike i form og farge.
Som om eg skal klare å sjå forskjellen på to sebraer??? Hallo……. Men så ser vel sebraen bra! Se bra!! (Dårleg latter her…..hahahahaaaaa….)

Regulering av temperaturen. Det blir som solkrem! Meire hahahaha……hahha….. Det slår jo i hel viktigheita med å smøre seg godt på heile kroppen. Det er berre å smøre seg i striper! Det er berre om å finne ut om det er på plassen til dei kvite eller dei svarte stripene ein skal smøre seg. Kneet eller leggen, liksom. Her treng eg nokon som kan stille opp som prøvekaninar! (Eller prøvesebraer, for å vere meir korrekt.)

Nei, ha ein fortsatt fin kveld! Sei no ifrå om du vil vere prøvesebra…..:=)
Hasta mañana!

IWALY!!




Det eksploderer på nettet i desse dagane når det kjem til Stetind og nasjonalfjell. Han der "turmannen" som vil ha Snøhetta til å vere det, skal motgang finne.
Sjølv har eg køyrt mange gonger over Dovre, og Snøhetta har eg sett like mange gonger. Det fins ikkje ein einaste ting som er spesielt med det fjellet. Ikkje anna enn at det har ei viss historie bak seg. Det har jaggu meg Stetind også.

Det fins ikkje noko spektakulært med Snøhetta. Når ein køyrer forbi, ser ein ikkje noko anna enn det ein ser elles i landet. Formmessig er Snøhetta lik "alle" andre fjell. STETIND derimot…..WOW!!! Det er spektakulært, det!! Og for eit flott fjell! 
Han der såkalla "turmannen" påstår at fjellet ikkje er familievenleg. Hahahahahaha….. Då ler eg godt. Veit du kvifor?? Jo, for der drit han seg sjølv rett på leggen! 
Min son var ved Svartvannet som femåring. Han gjekk på eigne bein (viss han ikkje var berre fire). Vi har hatt heile småskolen der oppe tidlegare, og vi overnatta under Stetind i lavvoar. 
Det er kjempefin natur i heile området og ei fantastisk utsikt når du kjem litt opp. Fantastisk utsikt over fjell, fjordar, havet i vest…….you name it. 
Viss alle bileta som blir publisert på Stetind-sida no blir vist til alle rundt om i landet, trur eg alle vil få seg ei oppleving berre ved å sjå dei fantastisk bileta. 
Biletet eg har rett over her, tok eg i helga som gjekk. Det er berre eit fillebilete i forhold til mange av dei andre bileta som ligg på sida som er oppretta. Enkelte er så utroleg flotte at ein nesten får frysningar. 

Stetind er like kjent blant klatrarar ute i verda som Mount Everest. Det er det høgaste fjellet vi har med foten rett i havet. Det er "Gudenes ambolt". Det er kjente sagn som følger med fjellet. Eg kan sikkert nemne fleire hundre gode poeng med fjellet.
Eit av dei som verkeleg burde bety noko, er at utanlandsturistane kjenner til fjellet. Dei syns det er mykje meir spanande med Stetind enn Snøhetta. Det har i alle fall dei vi har møtt på sagt. 
Så i forhold til Noreg og turisme, er Stetind ein betre turistmagnet enn Snøhetta. He det snakk om store tal som stoppar opp for å få tatt bilete av dette flotte fjellet. 
Folk parkerer under fjellet for å få oppleve det. Det er sjeldan du finn parkeringa tom i sommarhalvåret. 

Det er ikkje utan grunn at 71 grader nord valgte å legge delar av programmet til Stetind. (OG) Neste mandag får vi sjå Dag-Otto Lauritzen og Kristian Ødegård realisere ein av sine draumar, nettopp Stetind. Kvifor er det slik at fleir og fleir får opp augene for dette fjellet?
Det er jaggu meg på tide. 

Heile landet hadde sjansen til å stemme den gongen det var ei avstemming i forhold til dette temaet. Det blir for teit å seie at nordlendingane mobiliserte seg. Vel, det gjorde jo søringane også, det, utan at det strakk til. 
Slik er det alltid. Er det snakk om Nord-Noreg, så nei………… Akkurat som OL. Tromsø kunne ikkje få OL. Like etter er det greit ar Oslo skal få det. Dobbeltmoral deluxe. 
At IOC står for det dei gjer og alt det negative som har fulgt med heile OL i det siste, er vel ikkje nok til å trekke søknaden. Det er jo snakk om OSLO!!! 
Det er på tide at også søringar kan unne nordlendingane noko. (For all del…..Misforstå meg rett. Det er mange "ålreite" søringer som talar vår sak, Så takk til dei. MEN det er alt for mange som gjer det motsatte. Det er dei eg vil til livs.) 

Det fins mange fine fjell i dette lange landet vårt. Det er sikkert fleire som kunne ønske at "deira" fjell var aktuell. Vågakallen i Lofoten, sånn berre for å ta eit døme. Flotte fjell fins det mange av. 
Likevel, Stetind fekk tittelen, det er komen med i lærebøker som nasjonalfjell, Børge Brende anerkjente det som nasjonalfjell, Arne Ness sjølv var einig(!), det er reklamert mykje for det……….. 
Vi vil berre bli latterleggjort utad om vi no skulle dukke opp med eit anna nasjonalfjell enn det vi allereie har. Tyskerane (spesielt dei) vil le av oss, i lag med mange andre nasjonalitetar som årleg besøker oss og Stetind av di dei "elskar" det. 

Eg har sett Snøhetta "live" ørtiførti gonger og det har gjeve meg null og niks. Eg har aldri tenkt "wow" kor flott". Tru meg…….DET gjer du om du ser Stetind "live" ein soldag uavhengig av om du ser det frå botnen eller toppen. Er du så lur at du følger turstien opp, er du solgt!! 
Unnskyld at eg seier det, men eg har problem med å ta "turmannen" seriøst. Og så håper eg at eg ikkje fornærmer han med å berre kalle han "turmannen". Det er no eit begrep eg har laga på han ut frå kor teit eg syns det heile blir. Så det så……..

Ha ei god natt og sov godt. Det kjem eg til å gjere. Kven gjer ikkje det etter å ha sett så mange supre bilete av NASJONALFJELLET VÅRT!! (Det har gått såmange år no, så la det vere som det er! Bitre andreplasseringsmenn fins det nok av i denne verda om dei ikkje skal finnes blant fjellelskarar også. Hallo…….Grow up!!!)
Smask!!

IWALY!

tirsdag 25. februar 2014

I koma i Thailand i sju måneder - UD vil ikke dekke hjemtransport. Ei klassisk sak som provoserer mange, medan andre har full forståing for det heile. Ei sak der det moralske står i sentrum. Kva har vi ansvar for sjølv og kva kan vi forvente av den norske stat. Det som er sikkert, er at det fins mange betrevitarar rundtomkring. (Kanskje ikkje noko nytt, det??)

Det er ein nordmann som har råka ut for ei ulykke i Thailand. Han har no vore i koma i sju månadar og sjukehuset ønsker at den norske stat skal ta ansvaret for mannen. Det er ikkje gratis å ligge på sjukehus, og sjukehuset er ikkje interessert i at mannen skal bli liggande der lenger.
Poenget er at det er ingen som tar dette ansvaret.
Så kan ein spørre seg…..Har denne mannen rett på hjelp frå Noreg?

Kva er det vi alle saman er "forplikta" til å ha når vi skal ut og reise? Jo, ha ei reiseforsikring. Akkurat på dette området er det mange som "sviktar". Forplikta og sviktar er kanskje to ord som ikkje er heilt korrekte, men om eg set det litt på spissen, er det vel slik det er. I alle fall bør ein stå registrert i den norske folketrygden.
Når vi då får ei slik sak, der ein mann flyttar til Thailand for å bu der, ikkje vel å stå i folketrygden, ikkje har noko form for forsikring…….. Kva er rett og gale då?

Det er skremmande mange nordmenn som er ganske så likegyldige når det kjem til reiseforsikring. Viss du råker ut for noko, er det ei billig forsikring. Viss ingen hadde hatt reiseforsikring, ville det blitt enormt dyrt for den norske stat å få alle som trenger det heim.
Det er klart det er trist at denne mannen ikkje får hjelp, men viss han får hjelp, betyr det at alle kan gje blaffen i å ha ei slik forsikring (dersom det å halde seg i live, eller frykta for å bli sjuk utanlands er det som ligg til grunn for forsikringa). Er det frykta for tap av av mobilen eller liknande, ja……..

No kan det heile virke litt kynisk frå mi side, men det er i såfall ikkje meininga. Eg syns det heile er tragisk og på ein eller annan måte burde "vi" kanskje få han heim. Det er berre det at ein eller annan stad å det gå ei grense. Vi har sjølv eindel ansvar i livet vårt. Blant anna gjorde mannen eit dårleg valg då han entra motorsykkelen utan hjelm.
Når han vel å ikkje vere forsikra, ikkje stå i den norkse folketrygda, har han forsåvidt tatt eit valg på eigenhand. Og ja, mange tenker ikkje nøye nok gjennoom ting og mange tar dårlege/uheldige valg. Likevel, dette er noko vi alle må tenke gjennom, og vi veit faktisk om det. Vi veit at vi må vere forsikra.

Mannen har ingen nære slektningar her i Noreg og han valgte å flytte til Thailand. Utan å ta sine forholdsreglar har han satt seg i ei slik stilling at han faktisk ikkje har krav på noko hjelp……..
Kynisk? Ja……, men……..

Sånn litt på sida, såg eg at fleire har samanlikna det heile med dei to i Kongo og at Noreg har pøsa på med pengar i den saka. Joda, eg ser poenget……., men dei to har heile tida stått i folketrygda, den gjenlevande kan enno kome heim i live (noko mannen i Thailand ikkje kan - det er ein respirator som held han igong). Saka i Kongo har heilt klart preg av korrupsjon, lite er prova når det gjeld skuld. Eg vil påstå at dette er to saker som ikkje er samaliknbare. (Vel vitande om at mange vil vere ueinige med meg der.)

Så det medmenneskelge ved meg meiner at vi bør hjelpe, men viss eg set tilsides alt som har med medmenneskelegheit å gjere og kun ser kynisk på rettigheiter og val mannen sjølv har gjort, stiller saka seg annleis. Trist, men realiteten…..

Opplagsras for avisene. Jaujau….Er det så rart då? I helga las eg papirutgåva til VG og det første som slo meg medan eg las i ho, var at dette er ikkje kva eg kallar vis, men rett og slett eit sladreblad. Det var så "Se og hør"-prega at det var skummelt.
No var det VG eg lasi, men dette er nok istor grad treffande for bra mange aviser. Aftenposten klarer enno å produsere stoff på ein slik måte at ein kan seie at det er ei seriøs avis…….Resten slit i stor grad.
Berre la meg få poengtere at eg snakkar om dei største avisene. Det fins sikkert mange lokalaviser som er bra, men eg har nok ikkje lest alle av dei, på langt nær.

Det er kanskje frekt å seie det, men eg gjer det likevel. Det kan virke som om at dagens unge ikkje evnar å lage avis. Dei veit ikkje kva dei skal "sjå" etter (les skrive om). Det blir for teit når majoriteten av ei avis ein dag kan omhandle temaet sex, samliv, mote og kjendisstoff. Enkelte tema er rett og slett utdebbatert. "Slik blir du ein betre elskar"…… Eg kjøp då vitterleg ikkje ei avis for å finne ut av nett det. Det er vel ingen andre enn ein eventuell partnar som kan fortelle kva ein gjer feil eller ikkje. Fasitsvar fins ikkje blant utanforståande.
"Difor går det galt i ekteskapet"……. Der skal dei jaggu meg ta æra for at dei veit svaret på det også. Eit ekteskap fungerer på same måte for alle, kan det virke som. Gjer slik og slik og du får det perfekte liv.
"Terningkast 5"….. Oi, så gøy! Det er skikkeleg kult å lese kva terningkast Jan Thomas har gjeve Mia Gundersen, Jennifer Aniston eller Sandra Bullock.
For ikkje å snakke om at det ikkje er noko seksuelt bak det å amme!! Fantastisk! Avisa blir jo komplett når ein legg alle desse temaene ilag.
Ser du poenget? E snakkar AVIS. Ei avis som i utgongspunktet skal spreie nyheiter i inn-og utland. Gjerne då av eit anna kaliber enn kva stjernene har funne på i dag. Saker som kanskje gjer litt meining.
At kjendisane fyller kinna, leppene og deler av panna med botox, ja det får andre ta seg av. Det blir for useriøst av hovudstadsavisene å bruke tid på det.
Som sagt……Eg trur det er dagens unge journalistar som har vore med på å legge bana i den retninga. Kanskje tar eg feil, men det er no uansett det eg trur.
Så då kan ein stille spørsmålet….. Er det rart at opplagstala rasar?
Viss eg kan lese mykje av det same i Se og hør som i VG (eller andre aviser), ja då held det vel at eg kjøper ei av dei. Eg gidd ikkje betale dobbelt opp for same "kunnskapen".
(No skal det seiast at Se og hør ikkje gjer seg rik på denne knetta. Eg kjøper bladet om eg skal ut og fly, eller for å få programoversikta til jul og påske.)

Nei, få eit betre begrep på kva nyheiter og aviser har til felles, så kanskje…………
Berre for å gni det litt meir inn…….. Du kan jo lese nettutgåver også. For å få tilgong til dei "beste" sakene, må du abonnere på VG+ (for å ta eit døme. Når "Dette savner vi i sexlivet" er ei av sakene dei lokkar med for å få folk til å abonnere på VG+, tja………Treng eg å seie meir??? Avis?!

Det er tysdag og jomfrua har vore for mykje i ro dei siste dagane at det gjer seg utslag i at ho blir litt kverulant. Sånn kan det gå…….
Uansett, ha ein fortsatt fin tysdag. Denne knetta skal no halde seg i ro litt til før ho kan finne på nye sprell.
God ettermiddag/kveld!

Hasta luego!

IWALY!!

søndag 23. februar 2014

Det har vore ei roleg hyttehelg der radioen har fått gå seg rimeleg "varm". Det vil seie i mykje større grad enn vanleg. Det er vel neppe vanskeleg å skjønne at det er snakk om at OL har ein del av skulda der.
Det har vore interessant å vurdere kommentatorane opp mot einannan, enkelte hakket betre enn andre. Det er stor forskjell på å vere "heilt vanleg" (nesten til grensa av upåvirka) og det å vere nesten overivrig. Sjølv syns eg dei som var ivrig var hakket betre å høyre på. Det skapte liksom litt meir glede. Det var lett å flire til dei når dei blei litt for ivrige og sa eindel "teite" ting.
Så med radioen på var det ikkje heilt feil med det ustabile vèret (sjølv om det var enkelte kroppsdelar som ikkje var så happy for det).
Alt i alt ei fin helg, men eg skal ikkje skryte på meg for mykje utetid.

Her om kvelden såg vi sånn aller hurtigst på "American Idol", eit program vi aldri ser på elles, men akkurat denne kvelden blei det no berre slik.
Fleire gonger når dei har sendt den norske versjonen, har eg tenkt "hjelpes meg, kva i alle dagar gjer dei på audition" og har sjølvsagt samtidig forstått at det har med gleda av å eksponere seg sjølv å gjere. Andre gonger er det mest eit resultat av eit eller anna veddemål.
Så kan ein spørre seg kva som gjer at det blir slik. Eg tenker at svaret er enkelt. Det er enkelt etter å ha sett den amerikanske versjonen.
Her heime i Noreg har TV2 minst like stort fokus på dei elendige som dei som faktisk kan synge. Rølp og anna tull blir i stor grad promotert av tv-selskapet, og folk flest veit at om dei finn på noko sprell så er sjansen stor for at dei kjem med. Slik er det ikkje i den amerikanske versjonen. Dei vel å ha fokuset på songarar som har noko ekstra å kome med.
Dei har sjølvsagt nokre få innslag av dn galne sorten, men hovudvekta av sendinga er forbeholdt dei som er flink, eller dei som nesten er flinke nok.

Denne kvelden då vi sat og såg på programmet, viste dei 90 % med dyktige songarar og dei resterande 10 % veit eg ikkje heilt kva eg skal seie om. DET var verkeleg ei oppleving (om den er negativ eller positiv skal vere usagt, men noko var det).
Ein "mann" som kom inn sa følgjande: Jeg har noe verden må høre. Wow……Det vitnar om eit sjølvbilete som talar stort. Så då tenkte eg at no kjem det noko bra.
Han starta og eg tenkte at han var god på gitaren sin, så det lova bra. Heilt til han byrja å synge!
Kva er det dei brukar å seie…? Holy crap (eller noko i den dur)? Det var totalt meiningslaust med den stemmen til det fine gitarspelet og setningen "Jeg har noe verden må høre" blei berre så latterleg.
Berre så det er sagt, så er det ikkje meininga å vere ekkel mot nokon, men har ein først valgt å vere med i eit offentleg program, har ein også valgt at det er greit at ein får meininger om seg.
Dommaren var ganske knusande i dommen sin. Han snakka om både den subjektive og den objektive delen av dømminga. Den objektive vinkelen fastlo ganske tydeleg at synginga rett og slett ikkje var god nok.
Greit nok det. Det veit ein jo på førehand at dommen kan bli. Likevel, når dommen kjem så ufatteleg "plums" på deltakaren……. Han forstod ingenting. Han braut heilt ihop og kunne ikkje skjønne kvifor han ikkje skulle vidare til Hollywood.
Då han kom ut av lokalet, sa han Jeg kommer hvert år til det slår til. Stemmen min runget!!!
Og jomfru Knutsen blei berre sittande heilt paff og heller ikkje skjønne bæret. Berre at bæret ho ikkje skjønna var korleis han kunne tru at han kom til å gå vidare.
I tillegg til denne deltakaren, var det ein til som var ganske overmodig. Han sa etterpå Jeg var litt for nervøs. Akkurat der og då måtte eg berre flire. Om han hadde hatt full kontroll på nervane sine, ville det ikkje vore noko å hente.
Heldigvis blei det med desse to hankjønna. Resten var kjempegode songarar som ga dommarane litt av ei utfordring med tanke på at dei har x antal bilettar å gje ut.

Kva tid skal vi bry oss, og kva tid er det greit å blande seg inn? Og kva er forskjellen på desse to spørsmåla? Kva betyr å bry oss? Bryr ein seg om ein blandar seg inn og har meininger om ting og tang og syns det er greit at folk får høyre alt ein veit om andre? Har vi då brydd oss og er det greit? Kva tid trør vi over den grensa for kva som høyrer privatlivet til og ikkje?

Alle desse spørsmåla er vanskelege, men gudane skal vite at dei er gjeldande i særs stor grad både titt og ofte. Det er slik ein ser kven ein kan stole på, eller ikkje. Det er då ein ser kven ein kan titulere som ven, eller ikkje. Eg trur det kan bli ganske mange "eller ikkje".
Kva glede har vi eigentleg av å strø salt i andre sine sår? Svaret burde vore enkelt, men er nok ikkje det. Svaret burde vore inga glede, men likevel viser fleire at det faktisk gjer glede om ein spreier antakingar ein sit på ut til andre. Dei skjønnar ikkje kva det er dei faktisk gjer.

Då eg var russ, kjente eg ei som fann seg ny "partnar" 6-7 helger på rad. Eg tenkte mitt kvar gong ho sa  ho angra seg, men dømte ho aldri og sa heller aldri noko om det til andre. Kvifor eg holdt kjeft? Svaret er veldig enkelt. Eg har ikkje noko med kva andre vel å gjere med livet sitt.
Sjølv smakte eg ikkje alkohol i løpet av heile russetida, noko eg er glad for i dag. Likevel, det gjorde ikkje meg til noko betre menneske av den grunn.
Det er mange "høge hestar" rundt omkring, Så alt for mange. Då er det eit ordtak som passar bra…… Den kan kaste den første steinen den som er skuldfri. Den som aldri har gjort noko gale i livet sitt….. Det er mange som allereie har kasta den første steinen….og den andre og den tredje…….utan å vere totalt skuldfri. Kva seier det om dei?
Det er lett å anta, men det er også lett å anta noko som er heilt feil. Slikt blir det rykter av og rykter er farleg. Dei kan skade mykje og etterpå kan det vere særs vanskeleg å "rydde opp". Då er det ikkje kult å vere ein av dei som har spreidd rykter og delvis har skuld.
Det er lett å vere etterpåklok, men då kan det ofte vere for seint.

For all del…..No må ikkje nokon analysere det eg skriv og grubbelure seg frykteleg halvt i hel for kva det er EG har rota meg inn i. Eg lev mitt liv stille og roleg utan dei store sprella, så denne jomfrua har ikkje hamna ut for noko som helst.
Eg har berre høyrt rykter………Rykter om andre og lurar på kva glede andre har av å spreie desse ryktene. Rykter som krenker privatlivets fred for enkelte og som alle burde halde seg for gode til å snakke laust om med andre. Ting som ikkje angår dei, som samtidig er med på å skade fleire enn ein kanskje tenker over i "iverens snakkesalige" stund.

Når ting er vanskeleg, er det ikkje greitt å forholde seg til at alle andre trur dei veit. Ein har gjerne nok med seg sjølv og burde få lov til å forbeholde seg retten til å ikkje trenge å tenke på kva andre seier.
Eg veit kva mitt svar blir om nokon spør om eg har høyrt……….. Eg kjem til å svare at det har vi ingenting med og at det bør vi halde oss for gode til å slarve om.

Å slarve er å blande seg. Å forvente å få vite er å blande seg.  Å bry seg er å vere der og vise omtanke og la den som slit skjønne at du forstår og er der om det trengs. Er der utan fordømming. Utan krav om svar. Ein lar vere å kaste den første steinen av di ein veit at ein sjølv ikkje er feilfri. Ingen er det!

Eg prøver så godt eg kan å ikkje kaste den første steinen. Det er ikkje alltid lett, men eg prøver i alle fall å vere litt bevisst på det.
Har eg høyrt eit rykte eg syns er "verdt" å nemne, seier eg at et er eit rykte og at eg ikkje kan gå god for det.

Det er så lett å dømme……..

Uansett…….Ha ein fortsatt fin kveld. Det er enno litt att av den. Sov godt til natta og drøym søtt!

Hasta mañana!

IWALY!!!

fredag 21. februar 2014

Dyr er skapt ulike, men på mange områder har dei fleire ting til felles. Det vere seg antall føter, auge, munn (gap), at dei har tenner og så vidare i det uendelege. Joda.......Vi har dei dyra som skil seg ut på mange områder også. Kenguruen til dømes. Det er vel inga tvil om at den ikkje er heilt som "ale andre".
Jaja......attende til poenget. No kan du lure på kva poenget mitt er! :)

Elefanten! Kva skil elefanten frå dei andre dyra som no er sånn høveleg likt skapt med tanke på kva dei er utrusta med? Då tenker eg ikkje på storleik og slikt.
Viss eg no seier at du skal bruke fem minuttar på å tenke deg om for å finne ut kva som er så spesielt med elefanten kontra ein tiger, eller ein sjiraff for den del, trur eg du kjem attende utan å ha blitt så mykje kolkare. Ergo lar eg vere å be deg om det. Berre les vidare.

Som eg skreiv har dyra mykje felles, men elefanten har ein ulikskap i forhold til dei andre, og denne "feilen" omhandlar føtene.
Dei fleste dyr har fire føter, og det har jo sjølvsagt elefanten også (med mindre det har skjedd ei revolusjonering det siste døgeret). Likevel.....der er eit lite MEN, eller kanskje det burde stå "stort" MEN.
Elefanten er det einaste dyret som har knær på bakføtene sine! HAha-.......... Kven er det som tenker på det, liksom. Det er ikkje akkurat noko ein berre kjem på av seg sjølv.
Det stemmer faktisk!
Det er berre å ta ei katte. eller ein hund som eksempel. Bakføtene der har ikkje noko knær. Dei har kun hofteleddet og så går det rett ned. Elefanten har altså knær der!!
Giraffen "manglar" knær bak, sebraen likeså........ Eg kan ramse opp heile lista, men gidd ikkje.

Så no har du forhåpentlegvis lært noko nytt i dag også. Elefanten har knær på bakføtene, det har ingen andre dyr!
Ha ei fantastisk fin helg!! :)

Hasta luego!

IWALY!!

onsdag 19. februar 2014

Gutt tjuvlånte bil igjen! Jaujau……..Det er visst ikkje greitt å vere 10 år.
Sist gong blei det sagt at det var første gong han køyrde bil. Då kom han seg 1 mil før det gjek galt. Denne gongen kom han seg 3-4 mil. Ein distanse som er ganske lang til aldri å ha køyrt bil før.
Eg skal ikkje påstå at det ikkje stemmer, men eg syns no verkeleg det høyres rart ut, og akkurat det må eg no berre få lov til. Det er sikkert fleire enn eg som tenker tanken.

No spørs det……. Det er snakk om to vidt forskjellige bilar. Dersom dei begge er automatgir, så kanskje…..men er det vanleg gir-bil, så spør eg meg sjølv om det er paktisk mogleg for ein tiåring å få til å køyre med tanke på giring, kløtsj osv osv…..

Derfor bør du smile oftere. Det er vel ikkje akkurat noko røyndom at å smile har mange positive effektar. Ikkje berre gjer det deg meir attraktiv, men det hjelper deg til å sjå yngre ut. Kven er det ikkje som vil nett det?
Vil du ha ein mann på kroken, kan det vere ein føremon for deg om du smiler. Det vil garantert appelere meir positivt på han enn om du har surtrut….. Då er vel sjansen heller større for at han ignorerer deg. (Eg trur ikkje menn syns det er så superkult med sure kvinnfolk.)

Smil reduserer stress og er bra for hjartet. Berre dei to årsakene åleine er verdt sjansen. Ta sjansen og gje verda eit lite smil, så vil du kjapt sjå effekten av det.
Kva er vel betre enn å forlenge livet sitt på bakgrunn av noko så enkelt som eit smil? Det blir jo berre teit å la vere (om ein set det litt på spissen.)

Standard smil, eller ekte smil…..That´s the question. Smilet må på ein måte gå inn i deg for at det ska fungere som medisin. Du må på ein måte kjenne på gleden det gjer deg av å gje andre eit smil.
Det løyser opp mange positive hormonar. I tillegg blir dei du omgås i betre humør istadenfor at dei skal irritere seg over at du er sur så alt for ofte. Det skaper berre dårleg miljø, og det er ingen tent med.
I tillegg er det kostbart for samfunnet dersom ein brukar arbeidsdagen sin på å vere sur.
Ein som er så mykje sur, skapar drleg miljø, og dårleg miljø skaper såvisst ikkje noko effektivisering. Det sørger berre for at fok gruar seg for å gå på arbeid. Gruar seg for å møte på den som går rundt og forpurrar dagen deira ved å ikkje evne å kunne gje eit smil (som er ekte).
Eg meiner verkeleg at det er noko å tenke over. Alle burde tenke over om dei smiler nok.
Gjer du i det heile tatt eit forsøk på å gjere det?
Eg smiler kvar dag, eg! Også til framande……….. Eg hugser då eg var ti år gamal og kom gåande ned ein bakke. Då kom det eit kvinnfolk imot meg, og av rein høflegheit sa eg "hei" då eg passerte ho.
Ho stoppa opp og snudde seg etter meg og sa "Kjenner eg deg?". Eg svarte sjølvsagt nei til det og då fulgte ho opp med følgjande strofe som eg aldri kjem til å gløyme. "Kvifor i all verda sa du hei til meg viss du ikkje kjenner meg." 
Den dag i dag tenker eg "sure drittkjerring". Kva er vitsen med å seie det til eit born? Sjølv som tiåring skjønte eg at dette var ei kvinne som ikkje skjønna mykje.
Hadde det vore midt på Karl-Johan……..men ikkje i ei bygd der folk stort sett kjenner kvarandre og det er langt mellom dei menneska du faktisk treff på.
Så det var takka for at eg ga ho eit smil og eit lite "hei". I dag veit eg at fleire liv har blitt berga av eit slikt smil og ein slik liten kommentar. Berre det at ein har "sett" eit anna menneske kan utgjere forskjellen for den som blir sett.
Kvinna har brent seg fast på hjernen min og er som eit skrekkeksempel for meg på korleis EG ikkje vil bli.
Eg var blid som unge og eg er blid som vaksen. Det er eg glad for.

Smil smittar! Så mi oppfordring er kjem gjennom ei utfordring. Smil til dei du har rundt deg og legg merke til effekten det garantert vil gje.
Har du slitt med å vere sur lenge, kan det hende at det vil ta litt tid før effekten gjer utslag, men det er verdt det. Viss folk er vant til at du konstant er sur, tar det litt tid før dei faktisk oppdagar at smilet er ekte. Så byrj i dag…..smil og gjer verda til ein betre stad å vere!

Ha ein super kveld!
Hasta mañana!

IWALY!!!

tirsdag 18. februar 2014

Dei hundre viktigaste nordmenna! Jaja, så spørs det no nett om denne knetta er einig i alternativa eller ikkje. Joda, enkelte av dei er nok viktige, historisk sett, men enkelte er eg ikkje heilt sikker på at fortener ein plass på nett denne lista. Det attstår å sjå kven folk vel å stemme på. Sjølv kjem eg ikkje til å avgje ei einaste stemme, for eg ser ikkje heilt vitsen med denne avstemminga. Hadde det vore 100 "gode" alternativ, så kanskje, men no kan gud og kvar mann stemme kva som helst og det er slettes ikkje sikkert at alle er like seriøse når dei stemmer. Det blir litt ekstremt å sette Henrik Ibsen opp mot Elise Ottesen-Jensen eller i motsatt veg mot Kirsten Flagstad.
Hadde det vore ei form for kategorisering, ja då hadde det kanskje gjeve ei form for meining, men desse tre alternativa er langt frå samanliknbare.

Juryen har nominert Henrik Ibsen som nummer ein. Henrik Ibsen er heilt klart viktig og bør stå på topp 100. Akkurat det er eg slett ikkje ueinig i. Likevel, det er langt i mellom det å ville ha han på lista og det å plassere han øverst. Hovudårsaka er det moderne dramaet, medan Ottesen-Jensen kjempa for å avkriminalisere abort og for at det skulle bli lovleg å informere om seksualitet i skulen.
Når ein då tenker på det samfunnet som var før i tida opp mot kvinnesynet, er det hakket viktigare.
Med viktigare, meiner eg ikkje at ho burde stå øverst. Eg berre plukka ut eitt døme av mange.
Kirsten Flagstad er kjent som sopran. Med andre ord ho syng.

På mange måtar er alle på lista perosnar som har vore forbilete for andre på kvar sine måtar. Så kan ein spørre seg……..Kva kriterier ligg til grunn for å kome på ei "topp 100-liste"? Når første kvinnelege statsminister, ei kvinneleg løpelegende, ein forfattar, ein songar, ein seksualopplysar, ein statsvitar, ein skodespelar og ei matmor hamnar på same lista, blir det vanskeleg å stemme. Kva er viktigast?
Dei kunne heller h alaga denne lista vilkårleg og latt vere å ha noko avstemming.

Reisene du kan skryte av, og så viser dei eit bilete av ein hai med open kjeft!! Hallo…..Eg har då vitterleg ikkje tenkt å svømme med superfarlege haiar berre for å ha noko å skryte av. Då tar eg heller ein svipptur over til han Clonney og avlegger han eit besøk. DÅ hadde eg hatt noko å skryte av. Dessutan er han jo singel, så………

15 romantiske hoteller for en SKIKKELIG voksentur. Korleis definerer vi ein vaksentur? (Eg tør vel spørre om det?) Ein treng vel ikkje dra lenger enn til Grand i Narvik for å kalle det vaksentur og om det hotellet er så ufatteleg romantisk kan jo diskuterast.
Mørk og mystisk romantikk…….. Kven i alle dagar vil ha mystisk romantikk? "Ha bind for augene, så veit du ikkje kven som dukkar opp?"
Par-spa…….Hahahahaha…….. Eg skulle vel aldri ha tid til å gå på noko spa i ein slik samanheng. Nei, åleinetur og spa……ja, men om ein ikkje er åleine, så held det med nokre jordbær for min del.

Det er visst nokre bileter av store rom med gode stoler og liknande. Kva i alle dager skal ein med stoler om det er vaksentur? Er det meininga at vi skal sitte i kvar vår stol og spørre "Ka syns du om den nye presten vår?" eller "Ka du trur vi får slags vær i mårra?" Viss ikkje det fungerer som forspill, så veit ikkje eg! Hahaha…….

Buddha, Barcelona, Roma, Lyon, Venezia, Madrid……..Det er då farsken at ein må så langt unna for å få ei vaksenhelg. Då går jo mykje av tida bort i venting/reising. Bortkasta tid! (Seier eg som meir enn gjerne kan tenke meg å dra ti alle desse stadene, men berr ehugs at det har eg aldri sagt!)

Dessutan fins det ein stad i verda der det er påbudt å vere naken. Eg trur eg skal la vere å opne sida og sjå kor det er. Kan vere litt farleg med tanke på at det då lett kan bestillast billettar. Ikkje verdt å utsette seg sjølv for det! :=)))))

Ha ein fantastisk slutt på kvelden. Eg er på tur i seng og håpar på ei litt betre natt enn den som nett var. (Ein liten kar med øyreverk.) Sov godt når du legg deg!

Hasta luego!

IWALY!!!