mandag 10. februar 2014

Denne arbeidsdagen har vore "gøy"! Eg skal ikkje avsløre innhaldet i den, for det kjem seinare, men eg kan trygt seie at den har vore litt utanom det uvanlege. Uvanleg på ein positiv måte, og det trur eg både små og store er einige i. (Dei "små" det gjeld…..)
Det er herleg når ein dag startar slik!

Vi kan alle bli drapsmenn. Skarsgård har uttalt seg om dette og eg tenker at det har han vel heilt rett i.
Eg har ikkje tenkt å sette meg inn i saka han er omtalt i, men eg tenker som så at overskrifta "funker" Vi kan alle bli drapsmenn…………

Eg trur ikkje at det fins noko menneske som er fødd utan evne til å drepe. Det er vel heller meir slik at vi lærer oss ulike regler og normer for korleis vi skal leve i det samfunnet vi har og så skjer det ting som kan vere med på å velte heile den grunnmuren av moral i har bygd rundt oss.
Som oftast dreier det seg om hemn. Hemn………Eit ord som dekker ganske mykje. Hemn er ikkje til å spøke med. I alle fall ikkje om det triggar til drap. Då er sikkert ugjerninga som er begått i forkant rimeleg fæl.

Om vi mistar nokon som står oss svært nær, er det ein ganske stor prosentvis sjanse for at verda fell i grus. Kjem det heile av at det har vore utført ei ugjerning, er det ikkje sikkert at "fornuften" klarar å styre oss lenger og då kan mykje skje. Sinne………..
Blir vi pressa hardt nok, ja då er leidninga til den sunne moralen lett å kutte over. Plutseleg har ein blitt drapsmann/kvinne utan at ein klarte å sjå opp underveis og tenkte tanken "er det verdt det?".

Kor mange fedre er det ikkje som har sagt at dersom nokon krummer eit hår på bornet deira, ja då skal dei slå gjerningsmannen i hel?
Fonuften rømmer hinsides alt anna. For det er det som skjer! Det fins ikkje noko fornuftig bak det å hemne seg på ein slik måte. Hemne ved bruk av vald. Kor blir det då av rettferda? Rettferda for det bornet det gjeld……
Om ein far skulle finne på å banke livskiten ut av ein gjerningsmann, risikerer han å hamne i fengsel. Då er det ikkje berre gjerningsmannen som blir straffa. I verste fall går han fri………
Korleis kan ein klare å vere tilstades og hjelpe bornet sitt dersom ein sit bak lås og slå i ein murbygning ein eller annan stad? Korleis skal ein klare å få bornet til å føle seg trygg?
Hmne er ikkje alltid svaret. Uansett kor grusom årsaka bak er……. …..Hemn er stort sett aldri bra, men likevel kan ein forstå den (somme gonger). Ein kan forstå at enkelte tørner "gal" for ei stakket lita stund. Forstå det, men ikkje støtte det……..

Ikke glem kamera når du reiser hit! (Etterfulgt av eit flott bilete..) Kva by det er snakk om, veit eg faktisk ikkje. Ikkje har eg tenkt å finne det ut heller. Eg hengte meg berre opp i overskrifta.
Hallo???? Kven er det som er blitt menneskets beste ven? Kva er det ein ikkje reiser på ferie utan?
Svaret er ganske enkelt………mobiltelefonen!
Då kan eg jo følgje opp med eit spørsmål som seier "Kven er det, i dag, som har ein mobiltelefon som ein ikkje kan ta bilete med?". Når ein veit at blant nordmenn, så har sikkert 99,5% av den vaksne folkemassen mobiltelefon (i alle fall av dei som er rik nok til å reise). Dei færraste gløymer den heime…… Den er alt for god kompis til det…..Ergo gløymer ein aldri "kameraet" heime når ein reiser.

Fem ting vi lærte om kvinnen denne uken. Visste du at penisen din kan holdes som gissel?
Wow…… Dette trur eg at eg må lese meir om… Det står jo "lærte om kvinnen"……….. Kvinner har ikkje penis! I alle fall ikkje som eg veit om. (Viss ikkje alle andre har noko heilt anna enn eg sjølv.)

Det er greit nok at det ikkje er lett å forstå seg på kvinner, men……….. av og til kan du faktisk lære noko av dei. Kor fornuftig det er, eller ikkje, skal vere usagt.
Det er no ikkje alltid så lett å forstå menn heller…….

Uansett……Kva har vi lært om kvinner denne uka? (No er "vi" ganske relativt.) Jo, blant anna at kvinner ikkje drøymer om det same som menn. Då snakkar vi litt "på kanten". Det er vel ikkje ein så sjokkarta beskjed at det gjer noko når eg seier at menn drøymer om sex. Ulike partnarar - fiktive…….. Er det mangelen på hypppigheit som har skulda, eller er det berre slik det er å vere mann? (Eg berre spør…..)
No trudde du vel at vi kvinner er nokre dydsmønster som drøymer om små lam på beitet, fisketurar og blomar!??! Hahahahaha…….. Neida, vi drøymer nok mykje det same som menn…..berre det at vi faktisk drøymer om bekjente. Vi treng ikkje å lage oss fiktive personar for å få det til. Thihihi……
Når det kjem til mareritt, er nok menna hakket betre enn oss til å finne tema. Naturkatastrofer som tsunamiar og orkanar. Joda…..Vi kvinner drøymer konfliktane vi har med ektemannen. Skikkeleg spanande! (Som om tsunamiar er det……..)

Kvinner bruker meir sminke enn du trur! Ei kvinne bruker større del av livet sitt med sminke enn utan sminke. (Sånn alle saman bortsett frå meg!! Hahaha….) Mange maktar eingong ikkje å opneytterdøra, om det ringer på, dersom dei ikkje har sminke på seg. Creepy……..(men sikkert heilt normalt. Det er sikkert berre denne jomfrua som ikkje er på normalen.)

Hmmmm…. Det stod noko om FEM ting vi lærte om kvinna…… Eg har dotte ut for lenge sidan. Eg er i alle fall ikkje komen til fem, men det er no ikkje så nøye. Tre og fem er to av det same i kveld!
Om eg lærte så mykje av informasjone kan jo diskuterast.

Nei, ikkje skjønner eg at denne klokka ikkje kan spele litt meir på lag. Ho er allereie halv tolv og då er det vel like før støvet blir dryssa over augene mine. Jon Blund har mange han skal besøke i kveld, så då må ein berre ta til takke med litt støv. Tjohooo…..
Uansett, ha ein fortsatt fin kveld og god natt!!

Hasta luego!

IWALY!!

søndag 9. februar 2014

Ei triveleg helg er over. Ei helg med mykje musisering, og det var ikkje fritt for at ein følte seg litt "sliten" då vi slutta av i to-tida i dag. Då var det godt å kome heim og legge seg nokre minuttar på sofaen.
Det er no eingong slik at sjølv om det er morsdag, så er det enkelte ting som ikkje gjer seg sjølv. For å ta eit eksempel, så er sying av gardinar ein slik ting. Ergo har eg gjort nett det i dag. Vil ein ha nye gardiner, må ein berre hive seg rundt og sørge for at det blir gjort.
Eg rakk heldigvis akkurat å bli ferdig før masinnåla knakk. Då ville den rett og slett ikkje meir, og med ei jomfru som eigentleg var passe lei av heile syinga, var "timinga" heilt perfekt………..Enkelt og greitt av di eg ikkje gadd å skifte nål. (Det skjer vel kanskje i løpet av det neste halvåret, med tanke på kor ofte det er at eg gidd å sy. Hahaha……)

Eg kjem ikkje heilt på settinga, men idag var det ein "fugl" som kviskra meg i øyret at i England er det fleire som et morkaka!
Heldigvis var det ikkje rett før middagen i dag, for då trureg at eg hadde latt vere å spise.
Noko så ekkel tanke som det å spise morkake, skal ein leite lenge etter. Fysj og fy!
Eg er sjølvsagt klar over at morkaka liknar ein stor rundbiff (som vi brukar å skjære opp i mange biffar). Eg har då vitterleg sett mi eiga "kake"………For av ein eller annan grunn var det ein som trudde at eg hadde interesse av å sjå den, så då blei den foreviga på heile 20 bilete (sånn bortimot i alle fall).
For å seie det enkelt……. Fpr å sleppe å miste lysta på biff for resten av mi tid……hamna bileta glatt i vedomnen. Jaggu skal eg seie at dei brann godt!

Eg tenkte (berre nokre få sekund før eg fann meg sjølv att) at eg skulle google det heile for å finne ut kva som eigentleg har stått på nett om dette i dag. Så fann eg ut at det blir for ekkelt og fornuften sa la vere! Og fornuften køddar ein ikkje med!

Hvis man vil leve fredelig, bør man uttale seg om sex og ikke sport. Fabian Sang har den siste uka vore ute i hardt vèr. Bakgrunnen er ikkje noko verre enn at han har uttalt seg om noko innanfor pmrådet sport. Sport……….er visst helligare enn mykje anna her i verda.
Så kan ein spørre seg…..Kva er det med sport som gjer at folk nesten blir gal? (For gudane skal vite at enkelte blir det.) Kva er det med sport som gjer den så inn i hampen attraktiv å sjå på?

Fabian Stang ville berre kome osloenserane i forkjøpet og advare mot at alle skal sette seg ned og bruke arbeidstida si på OL. Ganske forståeleg om ein tenker seg litt om.
Dersom alle skulle satt seg ned og sjå på tv heile dagen, er det ikkje tvil om at det vil koste dyrt for Oslo som arbeidsgjevar.
Så var det dette me at OL er livsnødvendig for enkelte. Ergo er det mange som har heva stemmen til harnisk og ønsker han dit pepparen gror. (Kor no enn det er…….)

OL er OL……… Eg trur at dersom ein er litt oppegåande, så blir ikkje dette noko stort problem.
Problemet ligg i om du sit deg ned i fleire timar i strekk for å sjå OL når det er haugevis med arbeid som ligg der og ventar på deg.
Litt smidigheit, så kan ein sørge for å legge pausane sine til tidspunkt som er "viktige". (Dei som har sjansen til det.) Ein kan ha radioen på medan ein arbeider………osv…… Det fins nok ei lang rekke moglegheiter om ein berre tenker etter.

Fotball, handball og vintersport i form av OL/VM……….Enkelte tar heilt av. Den neste døgeret er øydelagt om det ikkje går den vegen ein ønsker. Leppene er nesten nede på knerne (surleppa - vel å merke), augene går nesten i fistel og er riktig så fargerike når det raude nesten tenner på resten av kroppen, alle andre er idiotar og for all del……Er det nokon som er så toskåt at dei fleipar med det…….Tja, "om blikk kunne drepe".
Enkelte går i borndomen att og blir rett og slett uleveleg med på slike dagar.
Dette siste er vel kanskej mest spesielt for fotball. Skientusiasmen er nok størst medan rennet pågår. Det er ikkje såååååå mange år sidan eg høyrte at kommentatoren som kommenterte Marit Bjørgen sitt gulløp på radioen, nesten fekk ein svær orgasme av at ho gjorde det så spanande på slutten. Ja, nei, ja, nei…… om einannan i delvis pustebesvær og sjølvsagt med eit avsluttande brøl som ikkje likna grisen på nokon som helst område.
Slik er det nok i enkelte stover også rundt om i dette lange landet vårt. (Noko anna vil vere rart.)
Så lenge det ikkje smadres tv-skjermar, så går det nok stort sett greit. Det ville i så fall bli ei dyr sending for dei som har så lite sjølvkontroll at dei lar slikt hende. (Joda, det skjer….)

Som eg skreiv aller først, har det vore ei musierande helg. Musiserande til trass for skidamene, brettmannen og dagnes menn…… Menna i korpset overlevde det (sjølvsagt av di dei kunne sjekke resultat og liknande underveis, i og med at vi har noko som kalles Internett). Kvinnene var litt rastlause, dei også, men hakket mindre enn menna.
Uansett…….Desse menna er nok leveleg med i desse OL-tider. Ellers hadde dei ikkje møtt opp på øving. EG kjenner likevel andre som har eit heilt anna kaliber og DET er ikkje bra.
Så spørs det……..Kva er mest verdt? Å leike seg med ass-ar, ess-ar, fiss-ar ………….. eller sjå Northug kives med Cologna og Hellner……..(når ein sjølvsagt ikkje er klar over resultatet)…….
Eg vil påstå "fiss-ane & co", men det er vel aller helst tvilsamt at den vanlege mann i gata syns den prioriteringa er så rett.

Hmmmm……Kva var det eigentleg eg starta med? Var det ikkje noko om fred på jord og sex? (Kanskje ikkje heilt slik, men nesten…..)
I alle fall var det at sex var meir fredeleg enn sport. Jada, Fabian Stang, det har du heilt rett i. (I alle fall i stor grad…….unntak finnes alltid.)
Så er det no eingong slik at sex er eit tema mange faktisk kranglar om, året rundt, medan OL-sporten berre varar i to uker. Så spørs det……..(igjen!) kva du foretrekker……. Heile året eller dei stakkars to ukene……..

No er det straks kveld for jomfru Knutsen. Rettare vil det vel vere å seie natt, men jaja…..du skjønner.
Ei ny uke står klar og ventar og eg trur det kan bli ei spanande ei.
Så sov godt til natta og tell geitebukkar om nødvendig! Eg trur ikkje det gjer det lettare å sove, men kan vere eit irriterande moment, så verdt å prøve. Kan jo hende eg tar feil!
God natt!

Hasta luego!

IWALY!!!

torsdag 6. februar 2014

Fyret.nu har måtte stenge nettsida si. Ikkje eit sekund for tidleg, spør du meg. For ei så useriøs side som det skal ein leite lenge etter.
Kor mange er det ikkje som har gått i fella og delt innhald frå nett den nettstaden? Innhald som får folk til nesten å gå i fistel. Tema som provoserer i stor grad.
For å ta eit døme, kan ein vise til saka om at ein skule ikkje skulle ha det norske flagget med i 17.mai-toget. Ei sak dei fleste burde ha skjønna ikkje var tilfelle, men likevel ikkje gjorde det. Eg har ikkje talet på kor mange iltre og negative kommentarar som verserte på nettet i den saka. Slike saker fins det uttallige av. Og folk bit på…………. Noko som eigentleg forundrar meg litt. Forundrar meg av di det no byrjer å bli ganske kjent at dette er ei side som ikkje heilt stemmer overeins med røyndomen.
No har dei, i følge seg sjølv. etter press frå eksterne krefter, stengt nettstaden.

Det som er litt teit (syns eg), er at fleire skriv kommentarar om dette og går heller til angrip på at alle det venstrevridde osv osv…. Det er jo ikkje det som er kluet. I eit demokrati må ein få lov til å ytre sine meininger, men akkurat denne nettstaden fungerer ikkje heilt slik
Det er forskjell på å seie si meining om noko og det å faktisk berre dikte opp noko for å skape provokasjon.
Viss ein ikkje klarar å sjå akkurat det skillet………
Ein kan vere så radikal ein berre vil, men ein må i alle høve halde seg til røyndomen.

De er ikke folk i mine øyne. Sterke ord frå ein horekunde! Ottar Stangeland gjer seg sjølv til offer for nettdebatt ved å offentleg kome med utsagn som han veit vil provosere mange.
Sjølv gjer han det for å gje dei som kjøper sex eit anna andlet enn det som til no er blitt vist gjennom media.

Heile 13%(!) av det norske folk (menn)  oppgjer at dei kjøper sex. DET er eit høgt tal! I alle fall oppi mitt hovud som litt lettare desperat prøver å anslå kor mange menn det vil bety. Eg kjenner eg blir sveitt berre ved tanken.
Når Stangeland no står fram på denne måten gløymer han ein liten (stor!!!!) vesentleg ting……..Han er tobornspappa! Tobornspappa, ja!! Ein pappa som faktisk ikkje berre kan tenke på seg sjølv.
Ved å vise andletet sitt i denne saka i full openheit for alle, kan i stor grad vere med på å "skade" borna på mange måter. Spesielt tenker eg på at det er mange av dei som les om han som kjenner han og borna hans.

Å harve over ei som "alle" andre har harva over, berre for å få tømt seg, er då vitterleg ikkje noko å vere stolt over. Noko han forsåvidt ikkje er. Ifølge han sjølv blir det, for ein slump pengar, litt "dunk-dunk", elendig sex og tømming. Då sjølvsagt med eit menneske han ikkje kjenner til frå før og heller ikkje kjem til å treffe fleire gonger.
Han seier at det kanskje er snakk om 200 gonger til no. Og ein ting er sikkert…..Eg hadde ikkje syntes det hadde vore kult om eg hadde lest på nettet at ein av mine har kjøpt sex over 200 gonger.
Eg hadde blitt flau og ville kanskje ungått å vise meg ute.

Uansett, det er jo på ein måte litt tøft at han står fram. Det betyr jo at han har ryggrad. Det er berre det at  det kan gå ut over andre.
Det verste med denne saka er ikkje at han har kjøpt sex. Det er det at han seier at "De er ikke folk i mine øyne". Det er på ein måte greit å handsame dei på den måten dei gjer av den enkle grunn at dei ikkje er "folk".
At dei fleste av kvinnene ikkje har lyst å gjere det dei gjer, at dei er menneske som slit psykisk av di dei må ty til slike handlingar…….tja, det betyr ingenting.
"Det er ikke mitt ansvar å sørge for at mennesker jeg ikke kjenner har det bra." 
Jaja, det er godt at ikkje alle tenker slik.

Personleg syns eg det er "teit"at han står fram på denne måten. Eg meiner at han burde halde seg for god til det og eg gjer meg mine tankar rundt det heile. Slike haldningar som kjem fram syns eg er forkastelege. Likevel må eg rette litt kritikk til dei som er inne og kommenterer og skriv si meining om det heile. Det er eingong slik at enkelte har litt problemar med å legge band på seg sjølv og då kan det lett kome eindel ytringar som ikkje er bra.
Eit døme på det er: "Æ forstår koffor han må kjøpe." Ein kommentar som går direkte på utsjånaden hans, og det er mobbing. Mobbing som faktisk er definert som ulovleg i paragrafen som omhandlar ytringsfridomen.
Det fins mange slike kommetarar,noko som berre blir teit. EIn kan heller få fram kva ein meiner ved å seie kva ein meiner om haldningane hans og temaet. Korleis han ser ut er likegyldig for alle.
I tillegg er det mange som tenker på borna hans…….. Korleis kan dei påstå at dei tenker på borna når dei skriv slike kommentarar?
Ikkje veit eg kor gamle borna hans er, men er dei gamle nok til å lese, kan det jo hende at dei faktisk får med seg kva folk kommenterer om saka.
Det kan forsåvidt klassifiserast som dobbeltmoral?!

Nei, jomfrua er litt trøytt og sliten og skal legge seg om litt. Kvelden starta med ein joggetur og då syns eg det fekk halde for i dag, så då har resten av kvelden vore lagt til sofaen og rein avslapping.
I morgon er det helg att, så tida går rimeleg fort.
Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!
Hasta mañana!

IWALY!!

onsdag 5. februar 2014

Studie: Menn glemmer mest. Hahahah….. Skjønte eg det ikkje? Det er nemleg slik at menn gløymer soleklart meir enn kvinner. (Med tanke på alle dei gongene eg skriv til alt anna enn føremon for menna, skulle ein nesten tru at eg har manne-fobi……Thihihihihi……….Det har eg nok ikkje. Langt ifrå!!)
Om ein er ung eller gamal, har det ikkje så veldig mykje å seie. Det er ikkje alderen som avgjer. (No meiner eg sjølvsagt at vi utelet dei over 70 år….. Då speler nok alderen ei stor rolle.)

Ein stor studie viser heilt klart at menn gløymer meir enn oss kvinnfolk. Kvifor? Tja, det er det ingen som kan svare oss på. I alle fall ikkje menna!
Det kan jo hende at det er av di dei vil spare hjernen litt. Sånn for å hindre at hjernen blir brukt for mykje…… For det er jo litt synd om hjernefunksjonen plutseleg skulle stoppe opp og rett og slett ikkje virke meir.

Så spørs det kva det er dei gløymer…….Datoar og navn er jo to sikre alternativ til svar. Kor mange kjerringer er det ikkje som har vore lynings eller lei seg av di mannen har gløymt av at det er bryllaupsdag, geburtsdag osv………
Det verste er vel om dei seier feil namn når dei er midt under ei akt som kalles hyrdestund.
Ellers så er det vel ganske kjent at menn som gløymer dagen til kjerringa eit år, neppe gjer det året etter. Eg treng vel ikkje kommentere kvifor?! Det er vel ingen som tviler på den årsaka…….
I tillegg er det ikkje til å stikke under ein stol at enkelte menn er ganske einspora og då gløymer dei lett alt som ikkje er av særleg interesse. (Kjerringa sin dag bør vere av interesse!!)

Kynisk spill med bruk av barn. På ny er det å frata foreldre ansvaret for eigne born. Det er jo akkurat slik det er blitt i samfunnet i dag. Skulda legges alltid på andre enn dei foresatte, også denne gongen.
Norske talenter…………..Det er TV2 som blir "slakta", dei foresatte "går fri".

Det er laga eit konsept som slett ikkje er nytt for det norske folk med tanke på at det har gått nokre sesongar. "Alle" veit kva det dreiar seg om og "alle" veit at faren for å bli x-a ut er tilstades. Likevel får kanalen kritikk når born blir x-a ut.
Det er jo det som er poenget. Er du ikkje god nok, blir du x-a. Og ja, det er hjarterått enkelte gonger, men spelereglane ligg der og deltakarane er klar over kva reglar som gjeld.
Ikkje berre deltakarane, men også dei foresatte til dei minste.

Kva er det eigentleg som driv dei som melder seg på? Ønsket om å bli stjerne? Det fins mange av dei som ønsker seg nett det og enkelte ser på dette programmet som deira sjanse til å nå opp.
Vel, der bør dei foresatte vere litt vakne. Dei veit at det skal konkurrerast med mange dyktige menneske og difor bør ein samstundes vere klar over at sjansen for å ryke ut er særs stor.
Difor må også dei foresatte tenke seg nøye om før dei melder på borna sine.
Viss ikkje, blir det slik at ingen kan lage noko som helst program………… Det må jo tas hensyn til alt.

Realityprogram der du skal vise deg fram, er noko vi har hatt her til lands i mange år. Dette er noko som berre aukar og aukar i popularitet. Eg trur nok også at dette er med på å skape mange "popstar-wannabe"-ar rundt om i landet. Altfor mange kjenner ikkje si eiga begrensing og trur faktisk at dei kan bli stjerner.
Joda…… Det er viktig å ha draumar, men dei vaksne må i alle fall ha beina planta på jorda.
Ein kan ikkje la borna sine tru at dei er blant dei beste i landet når dei syng heilt greit. Og det er jo nett det dette programmet går ut på. Å finne de/den beste i landet……..
Ergo må dei foresatte(!) ta stilling til om dei trur at deira born vil takle den påkjenninga det er å vere med i eit  slikt program. At dei minste ikkje skjønner det sjølv, er heilt forståeleg, men vi vaksne skjønner meir.

Det kan kanskje virke litt kynisk å skrive dette, men det er no eingong slik at det er dei foresatte som tar avgjerdsla om at dei minste får lov til å delta. Ein 10-åring kan ikkje berre melde seg på sånn utan vidare utan foreldra sitt samtykke. I det augeblikket foreldra seier ja og melder bornet på, har dei samtidig samtykka til at bornet kan utsetjast for dei "tinga" som dei faktisk blir utsatt for gjennom eit slikt program.
Likevel er det TV-kanalen som får kulene mot seg………. Joda, ein kan sikkert diskutere i det uendelege om moralen kanalen har som vel å legge opp til slikt, men til sjuande og sist peiker det meste attende på foreldra.

Eg er ganske sikker på at desse meiningane som eg har i denne saka vil bli slakta av fleire. Eg veit det er fleire som er einige med at det er kynisk bruk av born frå TV2 si side. Javel, så ære være dei for at dei har den meininga. Det er det ytringsfridomen handlar om. Eg syns likevel berre at det blir heilt feil å legge all skulda på ein kanal som ønsker å skape god uderhaldning (noko eg antar mange syns dette programmet er, med tanke på seertal osv…).
Vel, foreldra har valgt å melde dei på, valgt at dei skal stå foran heile Noreg å synge, valgt at dei skal kunne x-ast ut eller ikkje, …………lista kan bli lang.

Joda, eg syns det var teit av TV2 å vise det lange innslaget med den 11 år gamle jenta som stod bak scena og gret. Ho kunne ha blitt spart for det. Dei kunne vist at ho gjekk av scena og så kunne dei ha stoppa filminga av ho der.
Det er fleire områder TV-kanalen kan skjerpe seg på…….heilt klart, men rett for all del like stor kritikk til dei foresatte. For det er ofte dei vaksne som har ambisjonar på bornas vegne. Synd, men sant.
Etter heile åtte sesongar med programmet, burde ei fleste kjenne til konseptet og dei fleste har sett korleis TV-kanalen jobbar i forhold til nett dette.

For all del…….Eg tar i utgongspunktet ikkje TV-2 i forsvar og seier at eg syns at reglane er greie. Eg vil berre få fram poenget med at hovudansvaret ligg på dei foresatte.
Hadde eg fått bestemt, vill eg nok ha satt ei nedre aldersgrense på rundt 15-16 år. I den alderen har ein fått eit meir realistisk syn på kva ein er god til og ikkje sjølv. (Dog ikkje alle….)
Så sjølve konseptet er nødvendigvis ikkje supert. Det er ikkje det eg har sagt. Eg har berre sagt at ansvaret ligg på forledra og hovudtyngda av kritikken må rettast mot dei.

Ha ein fortsatt fin kveld!
Hasta luego!

IWALY!!

tirsdag 4. februar 2014

Facebook feirer at dei er ti år. Det har dei tenkt å gjere i lag med "medlemmane". Del ditt dummeste facebook-øyeblikk med oss dersom du ikke syns det er for flaut. Hahahaha……. Eg kan nesten garantere at det er fleire som kjem til å hive seg på den bølgja. Eg er rett og slett ikkje i tvil. Høyr berre på denne statusen (som faktisk er reell!): Dusten jeg hadde et forhold til på si, fortalte kjæresten min at jeg var utro, og da ble kjæresten min forbanna på meg. Men det hadde han ingen grunn til, for den dusten jeg lå med har verdens minste p**k.
Jaja, eg vil tru at sidan dette er ein reell status, ja då er det vel også kjent kven som har skrive den. Så kor smart vedkommande er, eller ikkje, kan diskuterast. I alle fall ifølge mitt hovud, er dette å henge ut både "dusten" og seg sjølv!

Det seies jo også at Facebook er skuld i ein av fem skilsmisser. Det blir på ein måte samanlikna med eit leppestiftmerke på skjorta……..og leppestiftmerker er vel ikkje akkurat det som fell best i jorda til den betre halvdelen din?! Kanskje noko å tenke på?!
Ellers kan det jo virke som om at enkelte faktisk ikkje har forstått at "alle andre" faktisk kan sjå kva du skriv i statusane dine. Forklaringa til det ligg nok i det at dei ikkje har skjønna bæret av internett.
Så spørs det……….Kva har det å seie om andre les dei teite statusane?
Vel, det har vel skjedd meir enn ein gong at folk har mista jobben sin etter at dei har skjelt ut sjefen sin, eller dei har komen med rasistiske uttrykk osv……

Facebook er ein stad kor det er populært å legge ut bileter. Det er berre det at det er så mange som ikkje skjønner (eller faktisk ikkje bryr seg om det) at det ikkje er lov til å legge ut bilete av kven som helst. Dei taggar i veg……….
I og med at dei taggar deg, betyr det at du blir informert om det og samtidig har sjansen til å fjerne det om du ikkje likar det. Likevel, problemet er at det allereie er komen på nettet og kan ha blitt fanga opp at enkelte det aldri skulle ha blitt fanga opp av. Dessutan er rettigheitene til bileta plutseleg overtatt av Facebook.
Dette er nok noko ikkje  alle tenker på.

Så fins det dei som er så smart at dei sjukemeld seg og samtidig publiserer bileter av at dei pussar opp huset. Supersmart……….
At NAV brukar Facebook til å avsløre folk, er visst ikkje noko mange bekymrer seg for.
Det er nok ikkje så lurt å legge ut klinebileter av deg sjølv og bornefaren om du har overbevist NAV om at du er åleinemor.

Line var aldri den smarteste i sin ungdom, hun vil alltid bli husket for å ha trodd at mus blir til rotter når de blir stor. Hahahaha……….. Kanskje ikkje noko ein bør flire av, men det er nok ikkje så lett å la vere.
Denne statusen er jo eigentleg litt morosam, men samtidig er det jo litt håning bak den.

Det er som sagt opna for at ein kan dele sine mest dumme statusar no under markeringa av fylte ti år. Eg ser for meg at det kjem mange innslag, men kva eg syns om det….skal eg la vere å kommentere.
Det som er sikkert er at det vil dukke opp mykje "rart"!!!

Ha ein fin kveld!!

Hasta luego! :=)

IWALY!!



mandag 3. februar 2014

Ein niåring med autisme og som er psykisk utviklingshemma har blitt borte i Oslo. Så er det såklart lagt opp til at ein skal kunne kommentere under saka. Kjenner då at eg blir provosert av enkelte som kommenterer.
At guten er borte, blir ikkje nemnt, men dei har fokus på ein skrivefeil i teksten. Det står tydelegvis ein å istadenfor o ein stad……… Forstå det den som kan.
Eg tenker på den stakkars guten og håper han kjem til rette rimeleg kjapt. Slik er det visst fleire som ikkje tenker. Det seier litt…………..Kva verd er det vi eigentleg lever i?
Joda, eg er også av den meininga at ei avis skal vere utan skrivefeil, men eg kommenterer det ikkje under ei så alvorleg sak.

Rare dyr! Eit interessant spørsmål å stille, må vere om dyra blir smartare og smartare, eller er det slik at det er vi som lærer meir om dei?
Er det noko som er sikkert, er det at mange dyr er ganske høgintelligente. Meir intelligente enn kva vi trudde for 30 år sidan. Ergo er det naturleg å stille spørsmålet.
Eg håpar svaret er at det er vi som veit meir om dei no enn tidlegare, for elles kan vi risikere at dei til slutt går forbi oss når det kjem til intellekt! Hahahaha……..

Ei nøtteskrike kan planlegge sitt neste måltid. Vi har fisk som hopper unan bølgene. I tillegg fins det ein hund som kan namnet på 1000 ulike leiker. Så……….?
Berre dumt at ikkje nålefisken kan påverke menna våre i det verkelege liv. (Nålefisk er det same som tangsnelle.) Ein nålefisk praktiserer omvendt kjønnsrollefordeling, noko som betyr at hannen er den som går gravid og må bære fram bornet. (Heilt greit å få blant oss også, berre dei ikkje av den grunn prøver å karre til seg heile "mammapermisjonen" vår.)

Det er faktisk slik at alt dyreliv på jorda stammer frå havet! Om ein studerer ein landkrabbe, finn ein kanskje svarte på korleis dei første vente seg til livet på land. Spørs om det er det ein tenker på når ein tiltalar ein mann som ein landkrabbe. Eg vil aller helst ikkje vite svaret.

For tida er det ganske "kjedeleg" å surfe på nettet og lese i dei ulike mediuma som fins. (Og dei er det mange av!) Det kan virke som om at det berre er to tema som gjeld (og ja, eg har sikkert nemnt det tidlegare også), vekt og sex.
Eg trur ikkje det går ein einaste dag utan at begge desse temaene er med. Det einaste som skil det heile frå dag til dag er vinklinga. (Og knapt nok det.)  Så det kan virke som om at livet dreiar seg om mat og sex. "Tja, er det ikkje det det gjer?" Eg syns eg høyrer fleire som garantert ville ha svart nett det.

Kanskje ikkje du er som eg? At når du til slutt blir lei av noko, så får du lyst til berre å gje f………! Eg trur eg skal det. Sånn i rein sympati med mange andre skal eg spise meg halvt ihel og ikkje ha sex dei neste fire åra. Så kan eg svare (når di spør) at nei, det er ikkje tidstjuvane, eller nei, eg gjekk ikkje i noko felle (som dei åtvara mot på ei av hovudstadsavisene si framside i dag). Det er berre eigen og fri vilje.

Ta i dag til dømes…… Eg har pjåta i meg fire brødskiver (heimlaga), ein appelsin, middag, to knekkebrød, ein halv appelsin, eit halvt eple, ein halv banan og no sit eg her med ein tallerken overfull av pasta. (Og kven veit  kva meir eg får tid til før eg entrar soveromsdøra?! Popcorn, kanskje…..)
Noko side der det står kva eg "bør" putte i meg, hoppar eg glatt over.

Nei, eg seier det berre….. Det er ikkje rart folk blir frustrerte når dei ser seg sjølv i spegelen. Samfunnet legg opp til det. Du skal sjå sånn eller sånn ut, men ikkje sånn. Ferdig med det, liksom.
Rett under artiklar for matvrak er det sjølvsagt slengt med ein artikkel om rett trening! Sjølvsagt er det slik. Effekten av samvitet til dei som då faktisk tar seg tida til å lese det, blir jo då maksimal. Ikkje berre et eg feil, men eg trenar for lite også. Dessutan har eg ikkje nok svai i ryggen når eg sit øverst i ei hyrdestund og kor ofte skjer eigentleg det, om eg tør spørre? I følge avisa så er det aaaaaaalt for sjeldan. Eg skulle nok ikkje sett den råbra kinofilmen i går. Sjølv om eg fekk ei knall oppleving, gjekk det jo trass alt ut over gubben som heller ville hygge seg på eit heeeeeilt anna vis. I alle fall om eg skal tru avisene. osv…….

Nei, no blir det sympati med dei som har for liten eigenvilje……… Hahahaha…..4 år er ikkje såååå lenge.

Ha ein fin kveld!
Hasta luego!

IWALY!!!




søndag 2. februar 2014

Derfor tror han du er keen. Venleik og seksuell interesse er gjerne to ord av same meining om du har ein manns hovud. (Thihihii……) Slik er det berre. Kvifor, kan eg ikkje svare på, men det er nok berre slik at det er medfødt.
Venleik er nok ikkje det same som flørt, men kan oppfattast slik av enkelte. (Og der modererer visst jomfrua seg i og med ho ikkje inkluderer alle menn i det lenger, men avgrensar det til å gjelde enkelte. Berre så det er sagt…..enkelte kan også bety mange!)

Alt handlar nok draumar og fantasiar. Ønsket om å bli likt. Dersom vi likar eit menneske, er det jo naturleg at vi ønsker å bli likt attende. Då er det ikkje måte på kor mykje positivt vi kan tolke ut av eit blikk, ei berøring, eit ord…..you name it.
Medan tolkinga pågår, tenker den andre på null og niks. Han/ho er berre vanleg hyggeleg og blir gjenstand for analyse.
At det gjeld menn i større grad enn kvinner, heng nok saman med at det forventes at det er mannen som skal ta initiativ. Ergo er det dei som får den største fallhøgda og så må vere villig til å ta den sjansen. (Vi kvinner elsker å spele kostbar.)
Så i og med at menn er dei som mest tar initiativ, er det nærliggande å tru at mange kvinner ser på menn som innbilske.

No er det eingong slik at det er ikkje vi kvinner som har ansvaret for at det er slik Det får menna stå for sjølv. Det må jo sjølvsagt vere lov til å vere hyggeleg og venleg. Blid og imøtekommande……utan at det skal bli misoppfatta. Og det med klede………
Likevel fins dei menna som skuldar på kvinnene. Skuldar på kleda deira og ellers blikka osv… Dei har seg sjølv å takke.
At menn innbiller seg enkelte ting, er ikkje noko vi kan gjere noko med. Ikkje viss ikkje alle meiner vi skal kle oss som nonnene og rett og slett dekke oss heilt til.
No er det vel ikkje så stor sjanse for at nokon treffer på meg i så veldig lårkort kjørt, eller noko i den retninga……… Det kan jo vere artig å gje det eit forsøk, men eg trur eg står over. (Både for min eigen del og alle andre!) Hahaha……

Nå skal du droppe bh-en. Det er då eg skriv LOL. Kutte ut bh-en? Alt for å vere moteriktig, altså! Jaja, då blir det ikkje fleire joggeturar på denne knetta! Hehe…..
Nei, det er vel aller helst snakk om når ein skal kle seg i finstasen.

Frå hausten av skal kjolane ha v-utringing som går lengre ned. Forbi kløfta og ergo er det ikkje mogleg å ha bh utan at den vises, og då blir jo ikkje kjolen så fin som den skal vere.
Vel, det siste kan diskuterast. Kva er best? Ein bh som vises, eller hengepupper som disser innanfor kjolen så alt for langt nede? Your choice…… Eg trur eg går for bh-en.
For å vere litt meir korrekt……. Eg vel bh-en pluss ein kjole der v-utringinga ikkje er heilt nede på magen. Soory, men moteindustrien er ikkje så "important" for meg, så eg overlever det nok glatt.

En av tjue svidler på trygden. Oi….Det var eit høgt tal! Ein av tjue blir i mitt hovud det same som 5%. Ikkje skjønner eg at dei tør, for blir du oppdaga, reknar eg med at det vankar ei stor bot. Berre i fjor anmeldte NAV heile 1318 personar for svindel. (Og det er berre dei som er blitt ferska.) Så sånn sett kan det jo hende at talet er enno høgare.
Velferdssystemet vårt er basert på tillit, men det kansjå ut som at ikkje alle er tilliten verdig. Økonomisk kriminalitet! Misbruk av fellesskapets midlar! Det er nok snakk om store beløp kvart einaste år.

Det er no eingong slik at dei systema som lar seg svindle, blir svindla.
Når det er såpass mange som svindlar, må det jo bety at mentaliteten i forhold til dette seier at det er greit. Det er greit å lure staten.
Det er nesten som det er allment akseptert. Og, ja, eg veit det er mange som rystes over at enkelte er slu no til å gjere det, men likevel trur eg det er mange som rett og slett ikkje bryr seg. Dei veit at naboen fuskar, men dei blandar seg ikkje inn. Tenker berre at det blir deira problem om dei blitt tatt.

Ein av tjue…….. At dei tør.
Viss eg kjenner nokon som snyltar på den måten, trur eg nesten at eg aller helst ikkje vil vite om det. Så slepp eg å meine noko om det. I og med at talet er så høgt, så er vel faren ganske stor for at eg kjenner fleire.
Det er berre å ta noko så enkelt som dagpengar. Eg veit frå tidlegare at folk var så nøgd med å få dagpengar at dei ikkje ønska å jobbe. Kvifor jobbe når ein kunne ha fritt heile tida og samtidig få pengar inn på kontoen.
Sjølv om reglane seier at du mistar retten til dagpengar om du takkar nei til arbeid, er det fleire som slepp unna.
I tillegg skjer det jo at dersom du blir arbeidsledig, kan du tene meir på å få arbeidsløysetrygd enn å jobbe som ufaglært rundt om. Då vel du jo å la vere å arbeide……..Det er slik systemet er…..Til føremon for enkelte, alt anna for andre. Det er lett å skulde på systemet.

Nei, det er ny arbeidsuke straks……. Då er det vel på tide å ta turen inn på rettrommet for natta. Du får ha ein fortsatt fin kveld, eller god natt om du er på tur i seng.
Denne knetta har vore litt utspekulert i helga og har på bakgrunn av det fått seg nokre gode latrar!! (Ein god latter forlenger livet, og eg har hatt fleire av dei!) Bøllefrø er vel eit rett ord i så måte, men no blir det vel nokre dagar til neste sprell. Kven som kan forvente å bli utsatt for noko…….tja, det attstår å sjå!
Ha ei god natt!

Hasta mañana!

IWALY!!