onsdag 16. januar 2013

Ein herleg dag!



Dette "snusket" og mora har hatt ein herleg ettermiddag/kveld i Ballangen. Det er eit utroleg flott område dei har der og så er det verkeleg eit venleg "folkeslag"!!
Det er absolutt sikkert at dette skal gjerast fleire gonger. Ingen tvil om det!
For ein "liten" gut på åtte, var det full tenning på motivasjonssida å få lov til å gå i eit slikt område.
Så som dåke sikkert skjønner, har denne knetta hatt ein kjempefin ettermiddag/kveld. Kvalitetstid!!!
 
Ein stykk sliten gut slukna raskt på puta medan mora slappar av i sofaen med noko så spanande som denne smekre minipc'n i mangel på noko betre å gjere.
Eg lyg sjølvsagt om eg seier at det ikkje er deileg. For det er det. Så her skal eg halde meg til dyna ropar kom.
 
"Slemme-Tor" om idoljuryen: Firehodet kosedyr. Hahahahaha........ Det tok ikkje lange tida før media fekk publisert meininga hans på nettet. Akkurat som om det ikkje var lett å forutsjå?!!
 
Ein kan seie kva ein vil om dommerane, men kveldens episode av Idol var gøy!! (Den delen eg fekk med meg i og med at eg var seint heime frå skituren). Kor mykje songkvalitet det var, kan diskuterast, men eg trur ikkje målet til TV2 kan ha vore det akkurat i kveld. For det var mange "rare" innslag dei viste og på same måte som juryen mora seg, mora vi oss også!
Det heiter at ein kan le av eller med ein person. Kva det var vi gjorde under programmet skal vere usagt. Eg trur kanskje eg ikkje veit det sjølv eingong! :=)
 
Uansett, Tor Milde fryktar at årets Idol blir keisamt!! Dommarane var einige i alt. Noko som slett ikkje er vanleg.
Vel, det har no berre vore sendt ein einaste episode. Det hardnar seg vel til etterkvart.
Kor det der kosedyret kjem inn i biletet, veit eg ikkje.......... Det kjem kanskje av einigheita til dommerane??
Tvilar i alle fall på at dei koser med kvarandre!! :=)
 
Forskerne klør seg i hodet. Fant rar "blomst" på Mars. Tja det er vel ikkje verre at det er ein som har pissa på sin ferd der oppe og at det no har blitt eit resultat av det?? Kven veit??
EG kjem i alle høve ikkje til å klø meg i skolten av den grunn. Blome eller ikkje blome. Eg skal aldri setje moin fot på Mars og ei heller aldri bu der, så det speler inga rolle.
 
Med lita skrift står det: "Hva tror DU at det er?" Nei, sei det?! Eg tvilar på at desse forskarane gidd å bry seg med kva ei ung jomfru skulle meine om temaet. Eg kan jo sjølvsagt driste meg til å kome med eit par eksempel, men eg trur eg lar vere.
 
Skal bruke storebrors truser. Tusen hjarteleg takk for den opplysninga!! Ei opplysning vi verkeleg lengta etter å få høyre.
Det er lillebroren til Didrik Sollie Tangen som skal opptre i MGP på laurdag. No kan det virke som om at han skal bruke trusene til broren.
Eg reknar med at det ligg litt  songstemme gøymt i trusene, så då er dei vel meint til å hjelpe han opp og fram.........
Nei, ei slik setning vil vi aller helst ikkje sjå! For min del må han berre bruke kven som helst sine truser, men alle oss andre treng ikkje å bli informert om det.
Skal han bruke mi truse, kan det vere greit at eg beit om det, men så langt har eg ikkje høyrt eit einaste ord frå "lillebror".
Lykke til med songen!
 
Jeg ble overrasket over hele kroppen da jeg var forelsket. Jaha...? Overrasket over hele kroppen? Kva i alle dagar betyr det, då?? At ho får sine naturlege reaksjonar av å vere med han ho likar??
Jaja, ho var i alle fall rusa då ho skreiv Grand Prix-låta, så då attstår det å sjå om vi kan få eit lite hint ved å lytte til låta!
For min del er det ingenting som overraskar meg........
 
Fra puppeskrekk til kjærlig snikmorder. Kjærleg snikmordar?? Går det an? Hjelpes meg. Kan nokon fortelje meg korleis ein snikmordar kan definerast som kjærleg?
Kanskje han kjem med uttrykket "søta" til offeret før han trekk av? Kven veit??
Rar setning!!!
 
Nei, det mest midnatt og eg kjenner det i augelokka. Det er berre å satse på at all den friske lufta og trimmen gjer sitt til at dette blir ei knakande god natt!
I alle fall......... Sov godt!! :=)
 
Hasta mañana! :=)
 
I dropped a tear in the ocean. The day you find it, will be the day I will stop missing you.
 
 








I skrivande stund er det datoen 15.januar som gjeld. Ergo vil det seie at det er få dagar att til vi ser sola. På ny skal denne herlegheita få skinne opp bygda og gjere oss alle lettare til sinns.
No skal det seiast at dette må ha vore den "lettaste" mørketida på superlenge. Makan til flott vèr som vi hadde i heile desember skal vi leite lenge etter. Dag etter dag...........fantastiske fargar på den svære himmelvelvinga vi har over hovudet.
Nei, vi såg ikkje sola, men vi såg det ho skapte med strålane sine!!
Det blir godt å sjå ho på ordentleg att snart. Eg gler meg!! :=)

Det er kveld og siste episode a Greys er akkurat ferdig. Eg berre seier det...... Det er ein grunn til at eg ikkje har noko ønske om å bli lege. Med risiko til å få blodspruten rett i fjeset, tvilar eg på at eg vil vere rette personen for yrket. I alle høve ikkje kirurg!!
(For ingenting er overdriven på film!! Hahahaha............)
Det er eigentleg litt rart korleis ein blir så påverka av desse seriane. No ser ikkje eg så mange seriar at det gjer noko. Sånn bortimot to seriar, om eg ikkje bommar totalt. Dei er begge i kveld.

Utsultede kyr drevet til kannibalisme. Det blei ein kamp - alle mot alle - blant kyra. Å la dyra sine sulte ihel, burde ha mykje strengare straff enn det som er tilfelle i dagens samfunn. Denne gongen er det ein ung gardsbrukar frå Gjøvik som har oppført seg alt anna enn bra. 75 dagar i fengsel er straffa for å sulte i hel dyra sine.
At han blei fråtatt sjansen til å drive med dyrehushald dei neste ti åra, hjelper litt på, men kva hjelper det når han likevel kan starte på ny etter dette?
Joda, det er sjølvsagt slik at ein kan endre seg og at når ein har sona straffa si, så har ein gjort opp for seg. Likevel....... Skulle det heile skje på ny, kven skal då ta skulda på sine skuldre?
75 dagar...... I mitt hovud er det to og ein halv månad....... Altså ikkje så mykje fridomsberøvelse at det gjer noko.

Når enkelte av dyra døydde av vanskjøtsel, var det fritt fram for dei andre å spise av kadavera. Like "creepy" som at eg skulle spist av eit anna menneske eg kjenner. Fisj!!

Innrømmelsen. Så har innrømmelsen komen. Det er avklara kven som køyrde på den 12-årige guten........
Det er ikkje meir enn eit døger sidan vi var usikre på om at dei sikta ville kome til å gå fri eller om dei kom til å tilstå.
Det er det som er sanninga. At dersom ingen av dei hadde innrømma kven som var sjåfør, kunne ikkje retten ha dømt dei for å ha tatt livet av denne guten.
Det hjelper ikkje om dei kan knytte begge til bilen. Det er føraren som har skulda og utan å kunne prove kven det var, er dei like langt.
Heldigvis er det noko som kallast samvit i denne verda.

Begge påstod at dei hadde vore heime på ulykkestidspunktet. Det at dei laug om det og det at dei kunne knytte bilen deira til hendinga, burde eigentleg vere nok til å felle ein dom, spør du meg.
Dei er jo på ein måte medskuldige begge to. Så lenge begge veit og begge lyg, meiner eg dei begge bærer ein del av skulda.
No slepp vi i alle fall  å meine så mykje i og med at ho har tilstått det heile.

Kjøttmeis ville fly Widerøe. Ja, det skjønner eg godt! Eit større fly ville vel ha vore riktig så uoversiktleg for den vesle fuglen, stakkars.Så eit sete hos Widerøe må ha passa perfekt!
Det spørs berre om dei kabinansatte syns det var så kult å bli betrakta av ein liten kjøttmeis. Kva om den kom til å raportere til sjefen om alt dei slurvar meg? Hmmm.............. Dei trevja vel sikkert heile fuglen ut i fri luft. Dei unna den rett og slett ikkje ei ferd i lufta. Det måtte den pent sørge for sjølv.
Kanskje den hadde gløymt å løyse billett?????

Kjerringa til Stordalen har hatt bursdag og  på nettsida til VG står det at han valgte å ikkje gje henne ei bursdagsgåve. På sida til Dagbladet står følgande overskrift: Stordalen tok en Zlatan da han ga bursdagsgave til kona Gunhild.
Så to aviser, to ulike vinklinger. Så er det rart vi ikkje set vår lit til at det vi les faktisk er sant?
Eg er ikkje så interessert i å sjekke kven av dei som har rett, men det er litt rart at dei begge sender saka samtidig, berre med totalt motsatt påstand.

Så når Vg sender reklamar for flatare magar, så betyr det eigentleg "Slik et du deg smellfeit, Jomfru Knutsen! Stå på og du er snart i mål!!"  Hahahaha........ Eg skjønte det måtte vere noko. Sååååå deileg at eg endeleg har funne fasitsvaret!
Flott!
Tusen takk for tilbodet, men eg takkar diverre nei!

Då eg starta med å skrive, var det enno den 15.januar, no er det bekka over til neste dag. Ergo er det på tide å sove.
Så ha ei god natt, alle saman, og sov megagodt!! :=)

Hasta lueg!!

IWALY

søndag 13. januar 2013

Så er denne uka over. For denne knetta blei den avslutta med ein flott bytur "sørover". Dog ikkje så langt sør...... Det har blitt arrangert KM på Fauske i helga og Steffen og søskenborna har vore ivrige deltakarar under det heile.
Vi vaksne var nok deltakande, vi også, men kan diverre ikkje skryte på oss noko anna enn å vere heiagjeng.
Lykken var at eg ikkje trengte å smøre ei einaste ski! Lykke må vere å ha ein storebror som tar seg av slikt!! :=)

Helga er som sagt over og eg har inntatt mi faste stilling som langflat padde i sofaen, i håp om at andre skal skjønne heilt av seg sjølv at om eg ikkje skal døy av sult eller andre ting som kan true eit menneske, så bør det snart stå litt luksus ved sidan av meg på bordet. Aller helst noko varmt!!
Neida, eg er ikkje storforlangande, berre tenker fornuftig....... Eg veit at eg ikkje kjem til å løfte meg opp av sofaen før eg MÅ og då kan det vere for seint. Så ergo må nokon andre trø til!! Nemlig!! :=)

Hahahahaha.......... Jomfrua berre jåssar! (Men det forstod du sikkert?!) Eg trur likevel eg skal prøve meg. Litt smisking må jo vere lov. Kan jo starte med eggkoking........
Det verste er at eg i dette sekund akkurat har gjennomført spørsmålet og no raslar det i kasserollene. To egg til meg!! Hahahaha........ Det funka, faktisk!!
Lurar på om eg skal driste meg til å utvide spørsmålet endå meir???? Må jo flyte på den gode bølgja!!

Skremmer McDonaldsansatte med "tom" bil. Faktisk noko eg kan vere truande til å delta på om eg hadde fått sjansen. Til å lure, ikkje bli lurt, berre så det er poengtert!!
Eg har no gjort mine sprell opp igjennom tidene, så eg lyg jo visst eg seier at eg ikkje ler når eg les om dei som er blitt lura. Berre så synd det ikkje var min idè!! :=)

Eg vil jo påstå at mannen bak det heile er rimeleg smart som har forstått at han kan kle seg ut som eit bilsete. Det er jo genialt!!
Ikkje veit eg korleis eg hadde reagert om eg hadde sett ein "førarlaus" bil kome køyrande,......... Ein reaksjon ville det nok blitt!!

Tabberanerne låste seg inne. Smart..............

Dette synet kan møte deg på t-banen i dag. Biletet viser ei heil vogn full av lårkorte kvinner.
Med andre ord må det vere ekstra stas å vere konduktør og kontrollør i dag!!
Og så tok jomfrua totalt feil! Eg antok at det var kvinnfolk på biletet. Overkroppane vistes ikkje. (Hmm.......bekymringsverdig at eg ikkje ser forskjell på ein mannelegg og ein kvinnelegg!!)
60 land deltar på "Nå går det på buksa løs-dagen.
Sidan 2002, då det heile starta i New Tork, har det vore ein eigen bukselaus-dag kvart år.
Om det fins ein logikk bak det?? Don't ask me!!

Undertøy og jakke som einaste klede ein vinterkald januardag?? Til og med eg ville sagt nei til det. Då er det ille!!
Då hadde eg berre droppa heile t-baneturen. "Fryse av seg balla", liksom........ Eg er glad eg ikkje er gut!

Eit av krava for å delta er at du må kunne halde deg alvorleg. Du må opptre heilt naturleg som om at du ikkje gjer noko rart i det heile. Jaja......... Det er vel no vi skal rope "Ja til t-bane i Kjøpsvik"!!

Slik får du en flatere mage. Jeeeezes! At dei ikkje gjer meg opp?? Uthaldande er dei! Det skal dei ha........ Flatare mage-reklamar dukkar opp i eininga på skjermen min, men det nyttar visst ikkje å ignorere dei.
Så det er slik Vg tener pengane sine. På magereklamar. Godt å vite! Eg trur eg hoppar like lett over den som sist gong. Kanskje den er borte om nokre månadar. Eller?? Då kjem jo sommarsesongen! Magereklame er komen for å bli, året rundt.........
Eg trur eg går og tar meg ei cola, sånn berre for å protestere litt.

Dessutan har eg sett Kon-Tiki i kveld. Der var det mange flotte(!!!!) magar. Sixpack og greier....... Eg trur kanskje dei må ha studert dei same reklamane som kjem opp hos meg.
Så verst er det heller ikkje at det tidlagare stod følgande på framsida til papirutgåva som Vg har: Få flat mage på 16 minuttar! Hahahahahaha......... Steike, dei er bra godtruande dei som tar det for god fisk. (Og ein ting er sikkert. Eg kan banne på at dei fins dei som gjorde det!)

No skal no berre desse Kon-Tiki-karane ha sine sixpack. Jomfru Knutsen er over hodet ikkje interresert. Dei manglar karisma!! Og det er berre EIN karisma som fungerer.

Anonyme påstander: Berusede sykepleiere beordres på jobb i drosje. Anonyme påstander har vel ofte vist seg å ikkje alltid stemme. Hadde eg blitt beordra berusa på arbeid, hadde eg vel ikkje vore redd for å stått fram om det?! I alle fall ikkej i eit yrke der ein arbeider med medisinar og menneske.
Vel, det i utgongspunktet ingenting som sjokkerer lengre, så eg skal ikkje påstå at det er usannsynleg. Det høyres berre teit ut.
Så spørs det om det er snakk om eitt glas raudvin tidlegare på kvelden det gjeld, eller om berusa faktisk betyr berusa.

Nei, jomfrua er i alle høve alt anna enn rusa. I alle fall ikkje på alkohol. Kanskje på noko anna??
Det er i alle fall på tide å finne dyna. Augene har ikkje så alt for lyst til å halde ut så mykje meire. No vil dei ha ein etterlengta pause! Så då er det vel berre å adlyde?
Jepp........ :=)
Så ha ei god natt, kor enn du er i denne verda. Eller kanskje ikkje...... Er du no så langt unna at det gryr av dag, så får eg vel heller ønske deg ein fortreffeleg dag!
Så håper eg at eg får ein fantastisk fin dag i morgon fylt med............bla, bla, bla..........

Hasta luego! :=)

IWALY!


lørdag 12. januar 2013

Knutsenfrøkena har i dag konstatert ein vesentleg ting i livet. Skismurning er for alle andre enn ho. Definitivt! Glider, sikling, raudt, blått, lilla, varmt, kaldt, hydrokarboner, base, festesmurning, hakk-reparering, rotobørste, hestehårsbørste, blå nylonbørste............og så datt eg ut. Hjernen er rett og slett oppfylt for minst 40 år fram i tid. Smurning må nok stå i kø og vente på tur.

Ski var så uendeleg mange gonger lettare når denne jomfrua var i sine yngre dagar. (Eg skal kome attende til kvifor eg skriv yngre litt lenger ned).
Som 17-åring var det å sjå på gradestokken, finne den fargen som gradene tilsa og klæsje det under skia og sette opp etter fjellet. Medan no............ Når sveittekjertlane under armane byrjer å arbeide berre ved å vere vitne til at andre smører........... Jaudå, då er det på tide å forstå at det ikkje er meininga at eg skulle bli født inn i ei verd med skismurning.
(Eg trur eg må finne meg ein mann som i alle fall kan "litt" om temaet).

Moralen bak det heile er: Skal minstemann gå skirenn, meld han på same konkurransane som søskenborna. Då får han personleg smører!!
Kan du vanskelege ord innan temaet.......Ikkje nemn dei for meg!

I heile dag har eg gått rundt og trudd at eg er 38 år. Det verste er at ingen har reagert på det. Tenk det!! Eit heilt år meir enn det eg faktisk er.......
Hadde eg no trudd at eg var 36, så kunne eg ha forstått det, men eit kvinnfolk legg no vel ikkje til eit ekstra år etter at ho fyller 30?!
Nei, det får bli som naboen kommenterte, at det er på tide å flytte inn i husa på andre sida av vegen.
For dei som ikkje veit kva hus det er snakk om, kan eg hinte litt og gje stikkordea "for gamle".

Det verste var at nokre elevar spurte meg kor gamal eg er. Heilt sånn ute av det blå svara eg 38.
38?? Det er jo gamalt!! (Så ergo burde eg berre ha sagt 25).
Ei gruppe med dei same elevane fekk i oppgåve å stille spørsmål på engelsk der vi andre berre kunne svare "yes" og "no". Ved å tolke spørsmåla, skulle dei finne ut kven dei var. (Namn på ein person).
På ein av dei siste lappane stod det namnet mitt. Spørsmålet som etterkvart dukka opp var Is she old? Svaret kom kjapt, tydeleg og høgt frå dei andre. YES, she is!!
Det er det verste!!
Så ved å vite at det er ei som køyrer Citroèn og er gamal, var det lett å tippe mitt namn, liksom??!! Hmm........
Det må vere det der 8-talet! Noko anna er ikkje mogleg.......... Hadde eg sagt 37, ja då hadde dei heilt klart sagt at eg er ung!!! (Då får eg vel sove godt i natt likevel..........)

Ellers er hovudstadsavisene overfylt av "Idol-minner". Minner som den verste og beste auditionen. Minner som seier at David Pedersen skapte "Bieber-tilstandar" osv osv osv......... Lista er lang!! Nesten så lang at eg berre vurderer å ikkje bla lenger ned på sida av di det kan virke som om at det er berre det avisene har brydd seg om i dag. (Er det snart tid for idol, kanskje?)

Tone Damlie Aaberge skal gifte seg på Sicilia, I Hollywood er det ei på 25 år som ventar born, Lunde Pedersen med personleg rekord. Jaja....... Så er jo avisene fylt med gladsaker også. Så hyggeleg!

Slik skal menn kle seg til høsten.  Og så "spyr" eg!!!!!!! Det er vel ikkje første april i dag??
Det går rett og slett ikkje an. Eg syns eg seg at inspektøren kjem lårkort på arbeid etter sommarferien. Skjørtet har fin "svung" i drivet......... Gammelordføraren som har på seg lårkort kjole og høge stiletthelar, slik at kvar gong eg snur meg mistar all konsentrasjon.......... Naturforskaren som sit rett bak meg........Eg skal ikkje foreslå kva han dukkar opp med sånn medio august..... Jeeeeeezes. Om skismurninga gjorde meg sveitt, så gjorde denne artikkelen meg hakket verre!!! Say no more!!
Eg trur enkelte stylistar har fått drypp. Eit stort eit!!

Eg trur rett og slett at eg legg meg!!!! God natt!!

Hasta luego!

IWALY

onsdag 9. januar 2013

Etter nokre dagar i dvale, er ei viss jomfru vakna til liv att. Utan å vite korleis denne teksten skal ende, er det berre å hive seg rundt.

Ikke la livet fare forbi,
mens du jager etter mere tid.
Ingen vet hvor mye tid vi vil få,
så start med å leve livet ditt NÅ!

No kan det virke som om at dette diktet skal vere utgongspuink for kveldens tema. Det er det nok ikkje. Eg kom over det i stad og så syns eg det er så fint og ikkje minst riktig at eg berre måtte ta det med her.
Det er trass alt ord til ettertanke!! Vi får aldri tida attende og ein dag er det plutseleg for seint av........ Ein må leve medan ein kan.

Milliardærfrue Marte Krogh til norske mødre: Ta dere sammen og tren mer!
Så langt kan eg vere einig med denne rikmannsfrua. Det er vel ikkje nokon som helst tvil om det er for mange som er i for dårleg form. Eller??
Og der stoppa det visst opp for meg............ Å vere einig kan vere så mangt, men eg må ærleg innrømme at eg av og til syns ting fort kan bli litt for teit. Dette er ei slik sak. Les berre denne setningen: Har personlig trener, vaskehjelp og au pair.

Marte seier at mange gjer alt for lett opp når dei får born. Hmm....... Tja, gjer dei det?? Er det av di dei får born at dei plutseleg sluttar å trene? Eller kan det hende at dei faktisk ikkje trena før dei blei gravid heller? Sånn bortsett frå "lage born-trim".
Det er jo kvardagskost for alle å berre få seg ein personleg trenar, vaskehjelp og ein au pair.
Kanskje greit å vere finansfrue då!
Kanskje burde ho som er finansfrue sjekke opp litt i statistikken for korleis den gjennomsnittlege nordmannen har det økonomisk. Ein er ikkje mykje smart om ein trur at alle har råd til desse føremonene som ho har. Viss det kan kallast føremon då?!
Å gå glipp av kvalitetstid med eit lite born som er under året av egoistiske årsaker......Så er det nett det. Egoistisk!!
Eg ville ikkje ha bytta bort tida i lag med Steffen som baby om eg så skulle få fleire millionar for det. Det er jo den herlagaste delen av livet!! (?)

For ei som ikkje treng å arbeide, kan det vere lett å kome med ei slik ytring om at alle burde gjere det same. Eg vil tru dei fleste har behov for å vere i yrke med mindre dei har ein luksusmann som før på seg. Til og med det kan vere riktig risikofylt av fleire årsaker (som eg ikkje skal kome innpå her).

Mange begynner i jobb igjen når permisjonen er over. Det er jeg glad jeg slipper. Jeg hadde ikke vært klar i det hele tatt.
Eg ser ikkje heilt logikken. Eg kan skjønne at ho ikkje vil i arbeid, for det er mange slike......Men eg kan då vitterleg ikkje skjønne at ho ikkje skal vere klar for det pga mammarollen. Ho vel jo å la ein au pair ta seg av bornet av di ho sjølv skal gjere det ho ønsker.
Om ho byrjer å arbeide, er det treningen det vil gå utover, slik eg ser det. Kanskje tar eg heilt feil.....

Med ein mann som ikkje liker å sjå menn som triller bornevogn........ Eg byrjer nesten å flire her eg sit.
Det er kanskje litt frekt av meg å "kritisere" eit anna menneske på denne måten. Vi har alle rett til å vere slik vi sjølv ønsker og vi har rett til å ha eigne meininger. Likevel, det er vanskeleg å ikkje bry seg.
Det er ikkje heilt slik at eg blir provosert, men det er i alle fall nokre antenner ute og går som seier at eg ikkje liker det eg les.
Så Marte Krogh.......... Beklagar om eg trør deg på tærne her, men eg syns du har ein total skivebom!!
Og kva haldning er det i 2013 når ein meiner at menn ikkje skal trille bornet sitt?? Det har jo ingenting med mandigheit å gjere. Ein mann er vel ikkje ein tøffelhelt om han tar vare på sitt eige born på andre måtar enn berre å bidra med pengar.
Godeste Jan, som han heiter - mannen til Marte, tar aldri og skifter bleier eller triller vogna.
Jaja........Det er forsåvidt hans tap!

Å ha vaskehjelp er ikkje noko unikt. Det er mange som har det. Eg har sjølv vore inne på tanken, men så vinn tanken som seier "Hallo, snask deg å vask sjølv!". Behovet er liksom ikkje heilt tilstades. Kvardagen min er ikkje så stressa at eg ikkje har tid til å vaske.

Ho seier at ho er privilegiert som får vere så mykje med dottera si nesten heile tida. Kva skal ho då med ein au pair?
Har ho ansatt ein au pair som berre skal jobbe ein time eller to om dagen? Det er vel ingen som seier ja til det, med mindre dei får betaling for full tid. Åja....... Eg gløymte jo det. Ho er jo styrtrik!!

All den tid eg har hatt ønske om å trene etter at blei mamma, så er det ikkje tida som ikkje har strukke til. Marte treng rett og slett berre ein mann som kan trø til og sjå etter bornet når ho trener. Det er vel ikkje så mykje forlanga? (Berre dersom bornet skiter på seg medan ho trenar.....Det kan jo by på problem!!)

Jaja, så lenge det er krig i verda, er det alltids noko viktigare å la seg provosere av enn at ei rikmannsfrue meiner alle skal gjere som ho.
Del litt av millionane dine med dei som treng det så skal du sjå....... Fleire i trening!!! :=)

Om eg no plutseleg skulle hamne midt i ein storby, med arbeid halve døgeret og mangel på bornehageplass medan eg arbeider, så skal eg vel alltids vurdere å få ein au pair. Det er ikkje det. Berre ikkje når eg er i mammapermisjon!

Hjelpes........ Kva er det jomfrua skriv??? Denne unge jomfrua har visst ikkje skjønna at det må ein baby til i biletet for at det skal vere nødvendig med ein au pair. Evig jomfru blir det ikkje born av, så ................
Nei, ingen born her i garden hverken i morgon eller dei neste 50 åra, så då er eg vel heldig då?? Som slepp å tenke på om eg treng au pair..........

Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt når den tid innhentar dykk alle saman!

Hasta luego :=)

SDHT

onsdag 2. januar 2013

Lykke.......

Lykke må vere å vite at det berre er 2.januar i dag og difor er motet mest sannsynleg på topp enno når det kjem til forsetter. Dei fleste har ikkje sprukke enno, men mange vil nok ikkje halde heile løpet. Det er slikt ein berre veit! Om det er av eiga erfaring eller ikkje, skal vere usagt.
Så spørs det om det er kos eller krav.

Det er ikkje av nyare dato at enkelte tar seg vatn over hovudet når dei inngår veddemål om kva dei skal klare det nye året. I alle fall om dei ikkje får veileiing ettrkvart.
Det er ikkje berre å tru at det er å hive seg på tredemølla og spurte i fem minuttar og løfte eit par vekter, så har kroppen starta nedtelling på fettlagringa si. Det måtte eg sjølv informere ein kar om i dag. At han heller burde gå hurtig og halde ut lenge. Ein halv time hurtig gange har sååååå mykje meir effekt enn 5 minutt med løping.
Ein må jo først venne kroppen til å vere i rørsle og så få opp uthaldenheita etterkvart........Så kan det jo hende at ein etter ikkje så alt for lang tid faktisk klarer å løpe den halvtimen som før var hurtig gange. (Eller at ein klarar å gå i ein heil time).

Sjølv har eg vore på tredemølla i dag. I tillegg til å twiste, sykle og masse andre aktivitetar. Ikke av di at eg har det som nyttårsforsett. Eg gjer det av di eg rett og slett syns det er herleg og no har eg endeleg sjansen til å gjere det. No når vi har fått denne fantastisk hallen!!
Det er det beste som har skjedd her det siste året. Utan tvil!
Berre i dag, den stunda eg var der, var det ti stykk og trena. Eg vil tru at dei fleste faktisk kjem litt seinare enn det eg var og det har sikkert vore fleire der tidlegare i dag.
Med andre ord er det mange som er riktig så motiverte til å trene i desse dagar. Nokon av di dei har nyttårsforsett, andre av di dei er motiverte av nyhallen og sikkert dei som ville ha trena uansett, berre at no kan dei gjere det inne.

Nett av di det er ein unik sjanse vi har fått, er det så synd at det er fleire som er så imot heile hallen. Det er greit at enkelte i utgongspunktet ikkje ønska ein hall, men når den no først er komen, er det berre teit og umodent å nekte å gå dit av prinsipp.
Eg blir berre trist når eg høyrer om dei som seier at dei aldri skal setje sin fot der!
Det blir som om ein er fjorten år att og i trassalder. Av og til er det lov å ta av seg hatten og legge unna stoltheita og rett og slett "nyte" at vi har eit slikt tilbod. Det er komen for å bli og kvifor ikkje utnytte det til det beste.
Eg skal ikkje kommentere det noko meir, men eg håper verkeleg at dei det gjeld kan klare å legge av seg staheita si, for det er ikkje anna enn teit. I alle fall treng ein ikkje gå rundt å rakke ned på det heile. Det blir for dumt. Vaksne folk treng ikkje å vise slike haldningar!!

Eg ønska ikkje straum på hytta, men vi fekk no det..Eg slutta ikkje å bruke hytta av den grunn...... 

Eg skreiv vel uttrykket "kos eller krav" lenger opp på sida. Eg vil tru at den beste effekten kjem om vi kan kose oss med det vi gjer. At treninga ikkje er eit krav, eit "must", men lystbetont.

Dette gir jeg blaffen i. I årets første utgåve av KK er det fleire som uttaler seg om kva dei gjer blaffen i. Ei av dei seier "Jeg stryker ikke skjorter". Det er ein setning som minnar meg om nokre damer eg kjenner som faktisk stryker alle kledene sine kvar gong dei er vaska. Himmel og hav, seier eg!! Den dagen eg orker å bruke energien min på å stryke alle trusene mine, t-skjortene, buksene......"you name it"........ Den dagen har jomfru Knutsen rett og slett fått eit alvorleg tilfelle av illebefinnende og ikkje blitt seg sjølv etterpå. Heilt seriøst!!
Joda, eg stryker. Det er ikkje det! Eg stryker i alle fall tre gonger i året. Kanskje fem om det er eit godt år!
Juleduker og gardiner, bunadsskjorte, kvitkjolen og elles dersom ei skjorte treng det når eg skal bruke ho. (Som regel treng ho ikkje strykes av den enkle grunn at ein treng berre å vite korleis ein tørker ho så ho ikkje blir skrukkete).
Nei, stakkars dei som slit over strykejernet kvar einaste uke. For meg blir det kalla "mani". Hahahaha...........

"Jeg sorterer ikke sokker". Hmm.......... Sikkert greit det om du har førti par likeeinse sokker. Litt verre om du faktisk har lyst å variere litt på korleis du ser ut på foten. Heller mange fargar og legge dei saman enn 40 par svarte sokker. (For svart er vel det einaste som fungerer til alt?)

Er det så galt å ha sex med mange når du er singel? Lene er stolt av sin seksuelle lidenskap. Tja, kva skal ein kommentere til det? Det er jo opp til kvar enkelt å ha ei meining om temaet. Det er sånn sett ingen som sit på noko fasitsvar. Eg vil likevel tru at det er fleire som har sterke meiningar om det og når dei les denne utgåva av bladet, kan det hende at dei føler seg litt provoserte av haldninga til denne kvinna.
Sjølv tenker eg ikkje så mykje over det. Eg ser det står om det i bladet og så skriv eg no berre litt om det.
Det betyr ikkje at eg ikkje har ei meining om spørsmålet som blir stilla. Eg er sjølvsagt klar på at det syns eg ikkje noko om. Singel eller ikkje.......Eg meiner ein ikkje skal legge seg ned og spreie beina i tide og utide. Det tar i såfall bort litt av "magien" i det heile om det er så vanleg at det ikkje blir noko spesielt når den rette dukkar opp.
Det er likevel viktig å poengtere at det er mi private meining og at den ikkje er skiten verdt i den store samanhengen. At eg meiner sex høyrer "kjærleiken" til, betyr absolutt ikkje at eg kan ha haldningar som seier at det motsatte er feil. Heldigvis!! Heldigvis er det ikkje slik som i fleire andre land at kvinnfolk ikkje kan ta den avgjerdsla sjølv. Eg bryr meg katta om kva "naboen" gjer eller ikkje og så håper eg "naboen" gjer seg katta i kva eg gjer.

Det er klart at når denne Lise (om det er det ho heiter - tvilsamt) seier at det sikkert er snakk om over hundre ulike menn,.................. Fire ulike menn på ei og same natt! (Heftig, ja, men dog ikkje ulovleg).
Det einaste spørsmålet eg sit att med etter å ha lest artikkelen er "Vil ho klare å slå seg til ro med ein og berre èin mann nokon gong?"
Eller......... Det blir feil å stille det slikt. Sanninga er at ho allereie har blitt sambuar med ein mann. Nett av den grunn vil ho vere anonym. Spørsmålet hallar kanskje meir mot det om ho vil klare seg med ein mann i lengden.
For all del, det er ikkje mi sak og eg vil ikkje vite det. Eg berre tenker det. Det er heilt ukomplisert!
Det er godt vi alle er ulike. :=)

Nei, no skal denne knetta slappe av før ho rundar av med romanen sin på sengekanten! Så då må alle ha ei god natt og lykke til med treninga i det nye året!

Hasta luego! :=)

MY

2013

Godt nytt år!! Eg håper alle har hatt ein fin nyttårsaften og at dag ein i det nye året er bra. Enkelte har kanskje tatt feiringa litt for langt og sørga for at denne dagen er litt verre enn ønskeleg, men sjølvgjort er velgjort!! Det kjem ein ny dag i morgon.

Sidan det er eit nytt år, kan eg jo starte med ei glad sak. Han godeste Hugh Hefner. Hugh Hefner (86) gift igjen. Fikk ja fra sin 60 år yngre kjæreste. Det er visst ikkje første gong det er gjort forsøk på bryllaup. Sist gong trakk brura seg fem dagar før vielsen. Kalde føter?? Kven kan forstå det? Ein aldersforskjell på 60 år? Ikkje ille det!!
No er dei i alle fall gift og det er ikkje alle forunt å gifte seg i Los Angeles. Kanskje mitt neste bryllaup må foregå der?? Hahhahahahahaha..............

Kva kan vel vere ein betre start på året enn å vakne og vite at nyttårsaftenen blei feira med brask og bram og med løfter om ei herleg framtid? (Spørs kor herleg den blir..........men det er heldigvis ikkje min sak).

Etter å ha lest litt ser eg at årsaka til at første forsøk blei avlyst, var at ho trengte meir tid. (Eitt åt vil det seie......) Dette året har ho brukt effektivt. Blant anna har ho gått ut og sagt at dei nesten ikkje har hatt sex og at dei få gongane det gjeld, så har det ikkje akkurat vore stimulerande!! Det er då eg seier "kor flott at ho har funne andre evner ho kan "elske" hos han då!!"
Eg skal ikkje seie at eg syns det er rart om det er andre årsaker enn pengar som ligg til grunn. Eg vel å vere så naiv at eg trur at det går an å finne kjærleik sjølv om aldersforskjellen er på heile 60 år. (Men syns sjølvsagt at det er litt...........) But, what the hell........ Det er jo første nyttårsdag og alle skal vere lykkeleg og nøgd! Så gratulerer!!(

Troms-mann som tenner på bleieporno tiltalt. Det er no mykje rart ein tenner på. Både i ok retning og i den litt meir bisarre. Akkurat denne karen fell nok under det siste!!

Det er amerikansk politi som slo til imot ein bornepornoring og i same samanhengen blei ein mann frå Balsford arrestert.
I avhør har han innrømma at han har "bleiefetisj", noko som materialet som er beslaglagt, avspeiler.

Det er ikkje kvar dag at FBI er innblanda i ein nordmann (eller? kanskje det faktisk er ganske vanleg?). Kva veit vel ung jomfru om eg?
Jaja, eg er i alle høve glad for at dei klarar å fakke slike som eg vil kalle for "scumbag". (I og med at han har tilstått, vil eg tru at eg ikkje går for langt når eg skriv det?!!)
Borneporno kvalifiserer til verre ord enn det!

Charlie Sheen i hardt vèr! Dere løgnaktige homserasshøl, hvordan går det? Som om at ein ikkje veit at dersom ein er kjendis, så går det ikkje upåakta hen om ein uttalar seg slikt...... Media vil alltids fange opp ein slik setning.

Kva gjer han for å "berge rævo si"?? Joda, han skuldar på talefeil! Hahahaha........Joda!
Det skulle vere "magott" og ikkje "fagott"............ Magott er ein fluelarve, for dei som lurar på det. Fagott kan dåke sikkert tenke dåke til sjølv.........Hint? Det han uttrykka i setningen sin.
Særleg..............

Derfor bør du stønne mer i senga. Det er visst mykje Dagbladet trur dei sit med kunnskapen til og som dei ser som særs viktig å lære oss om! Kanskje det vil bli fleire som "faker" stønninga no etter å ha lese artikkelen (om dei våger å opne den, då).

Er ein stille under samleiet, går ein glipp av mykje god sex! Årsak?? Joda, så enkelt som at om du stønner, skjønner partnaren at det er godt for deg og psykologisk påverker dette positivt.
Tja, partnaren må vel klare å sjå det om du nyter det i det stille også, vil eg tru?!
Går ein til sengs med nokon, trur eg at ein er såpass trygg på kvarandre at ein tør å snakke om det? (Kanskje eg tar feil.......)

Viss ein skal tenke på at ein må stønne under akta, ja då tar det vel bort litt av fokuset? Det må vel vere likare at det kjem av seg sjølv når ein føler seg klar for det?
Eg vil tru at dersom ein partnar oppdagar at kvinna (eller mannen) "faker" stønning, så vil det ikkje føles bra og litt av gnisten blir nok borte. (Trur eg!!)

Nei, eg trur ikkje folket treng avisene til å forklare seg korleis dei skal oppføre seg på det private plan. Eg er sikker på at dei fleste klarar å prate om det og gjere det beste utav det ut ifrå dei ulike ståsteda dei har.

Nei, no beveger jomfrua seg i retning av at ho byrjar å bli overtrøytt og skal tidleg opp i morgon! Så det er berre å ønske alle ei god natt! :=)

Hasta mañana!

IWALY