torsdag 6. august 2009

Musikk som kommunikasjon.(2).

Dagens ungdom, og dei eldre for den saks skuld, lytter mykje til både pop og rock. Få av dei tenker vel eigentleg over kor musikken stammer frå. Musikken har mange uttrykksformer og mange bruker den i fleire høve. Kva musikk ein lytter til kan ofte samsvare med stemninga og dagsformen. Det er vel heller få som kan skilte med at dersom dei ikkje høyrer musikk ein dag så vil dei døy...
Om vi går hundre år attende i tid er stoda ei anna. Då kan ein trygt snakke om musikk både som kommunikasjonsmiddel og som overlevelsesmetode. Dagens pop og rock har sitt utspring frå slavemarkene og den form for musikk slavene i si tid brukte. På den tida var musikken viktig. Slavene arbeidde lange og harde dagar, og for mange var det nesten uuthaldeleg der ute på markene. For mange vart utveien å byrje med sang. Nokon sang og etterkvart byrja dei andre med å syngje med på "call and response" (nokon syng og nokon svarer). Dette gjorde kvardagen litt enklare for dei. Dei klarte å arbeide meir når dei song. Songen hadde ein positiv energi.... Det blei enklare å leve.
Det gale var at dei som hadde slaver på markedene plutselig blei redde for at slavene skulle bruke songen som kommunikasjonsmiddel. Då dei høyrde denne spesielle formen for song, trudde dei at slavane kom til å bruke det som middel for å avtale opprør seg i mellom. Derfor blei slavane nekta å syngje.
Etterkvart kom gitaren og musikken blei utvikla ut frå gospel og i retning blues. Det var forresten ei dame som var den første riktig gode bluesartisten!! (Sjølvsagt:) Har gløymt namnet på ho - så det får eg leite opp seinare).
Det var vel heller ingen som trudde at ungdommen skulle gjere fullstendig opprør mot foreldra på slutten av 50-talet. (Rock)..... Men det skjedde! I kva grad ungdommen brukte musikken som kommunikasjonsmiddel kan sikkert diskuterast, men det blei til ein viss grad spelt på det seksuelle.
Så kom elektronikken og musikken fekk eit heilt nytt aspekt. 60-talet står vel for dei fleste som det største tiåret innen musikken. Aldri meir får vi vel eit slikt tiår!?! Heldig er dei som var i Amerika og fekk oppleve "The Beatles" og deira anlegg. Det er godt vi er kommet lengre på akkurat det området i dag. Frå den dagen og fram til nå har dei aller fleste gått og nynna på ein eller annan ballade og tenkt på ein eller ei.
Musikken gjer mykje med både kropp og sjel.
Forts. følger.

torsdag 30. juli 2009

Fantastisk!




Det er snart august og hausten nærmar seg..... Heldigvis er det enno tid att av sommaren. Dei siste dagane har vore heilt fantastiske! Eg har vore på Grunnvoll og hadde vel eigentleg ikkje noko ønske om å dra ut derifrå enno.


Kan ikkje skryte om at vèret på havet var så fantastisk då vi for inn, men heilt inni fjorden var det faktisk vindstille! I alle høve var det deilig å komme inn på hytta til pappa og berre nyte utsikten ut over fjorden.


Grunnvoll er i seg sjølv eit eldorado. Det samme har hytta blitt! Med stor plen bak hytta ligger det vel til rette for aktivitetar for store og små.

Etter at vi kom inn slo godvèret til og har gleda oss desse dagane. I dag var vi på fisketur og la båten rett i utløpet av Mølnelva. Det var eit yrande fiskeliv og det var nesten umogleg å få dorga litt før det var fullt av fisk på krokane. Det passa for så vidt veldig bra sidan minstemann hadde lyst på fisk til middag.
Fasinerande har det vore når vi har fulgt med på nisa. Ho har stort sett lagt og vaka i skorpa heile tida.
Eg trur det er viktig at born lærer seg tidleg å bli glad i å dra på hyttetur. Får dei eit forhold til det som små born, er sjansen stor for at dei vil bruke det i vaksen alder også! Eg er vant med å vere heile somrar inne i fjorden frå då eg var lita, og med ein gong eg setter foten på kaia no kjenner eg at det synker inn ei slags ro. Det kjennest veldig trygt!
Eg trur nok at eg med tid og stunder må sjå meg om etter ein annan båt. Slik det er no er ein avhengig av båt for å komme dit, og det er det samme som om at ein er avhengig av vèret. Då treng ein ein litt meir solid båt.....ikkje berre ein liten fjortenfoting med 10 hestar. (Sjølv om pappa trimma hestane godt så dei går for femten)... :)
Ingenting kan vel slå den kule grillen vår!! Trur ikkje det er så mange som hadde kommen på at ein kan bruke ein oppvaskmaskin til grill... Tru det eller ei, men den gamle oppvaskmaskinen til kroa fungerer strålande som grill på hytta! Utroleg bra:) (Øverste bildet heilt til venstre - sølvfarge).
Det blir nok ikkje lenge til eg skal inn att. Tenker då at det blir bærplukking i hagen. (Bringebær og rips).

mandag 27. juli 2009

Pause.

Dersom alt går etter planen blir det ingen blogging før tidlegast torsdag kveld. I måro (tysdag) er det meininga at eg skal til Grunnvoll og vere der anten til torsdags ettermiddag eller fredags formiddag. (Alt etter vèret)... Har ikkje internett der, men plenty av mobildekning!! :) Så det er berre å ringe!

Eller kom på besøk!! :)

søndag 26. juli 2009

Musikk som kommunikasjon.

Av og til kan det vere vanskeleg å finne dei rette orda som skal seiast. Det er mange livssituasjoner som kan oppstå der ord er fattige. Men det er ikkje berre når ting er håplaust at det er vanskeleg å finne dei rette orda. Det kan vere like vanskeleg å fortelje ein person kor mykje han betyr for deg. Ein skal vere bra "tøff" for å tørre å utlevere seg sjølv når ein ikkje veit utfallet av reaksjonen. Det er derfor eg har valgt "Musikk som kommunikasjon" som tittel.
Det fins tusenvis av fine songar. Det fins nok ein song for kvar anledning.

Når ein vil uttrykke seg for ein annan person, gjeld det å finne den rette songen. Det er nok ikkje lett å finne ein song der 100 % klaffer, men det er nok av songar å velgje mellom. Eg har leita lenge og eg leitar enno etter den rette songen.
Eg trur det er lettare å fortelje gjennom ein song. Dersom mottakaren ikkje skjønner at teksten er mynta på han, treng ein ikkje uroe seg for at ein har "feila". Ein er berre ikkje komen noko lenger.
Eg er grimm på å tolke tekstar. Det er eigentleg litt synd, for ein burde kanskje ikkje bruke så mykje energi på det. Sjansen er vel stor for at det i utgangspunktet berre er ein song der eg er den einaste som høyrer på innhaldet i teksten og at det eigentleg ikkje er noko anna meining bak den enn at det er ein fin song... Men det er vel ikkje noko galt i å ha sine draumer. (Så lenge dei ikkje tar nattesøvnen). :)

Min favorittsong er eigentleg "You`re the inspiration" med Chicago. Hadde det berre ikkje vore for at eg som 19 åring ba dei spele den på nattradioen til verdens beste pappa. Det var nok ein annan type kjærleik som blei uttrykt då...... Uansett, den blir kanskje litt for valdsam i ordvalget til å kunne vere den songen eg "leiter" etter. Det er nok den finaste songen eg veit om.

For meg er det kanskje lettast å utrykke seg gjennom eigne songtekstar. Den siste eg skreiv går slik:

"Sorry".

I think of you a lot.
I think of you every day.
Now I`ve been unfair to you.
And I regret it from my heart.....How could I?

Now I`m scared cause I like you.
I don`t know what to do.
What if you say that I will loose you?
What if you say that we are through?..... How could I?

Refr:
I feel so unsecure.
And I need to know the truth.
Where do I got you now?....... How could I?

A simple life got hard.
And I have lost control.
My dad is gone forever now.
But I can`t face it yet, oh no...
It`s to much pain.

But I know that something must be done.
I need to tell you before you`re gone.
You got a special place in my heart.
That`s how it`s been since the start....... That`s the truth.

Refr:
I feel so unsecure.
And I need to know the truth.
Where do I got you know?....... How could I?

Det er kanskje feigt å skylde på ein som ligg i grava, men sorg kan vere med og påverke oppførsel.

Det er sol!!!

For ein deilig dag å vakne opp til!! Eg er ganske trøytt med tanke på at det blei seint i går og at eg var tidlig oppe i dag. Steffen har søvd borte i natt, og sidan det er første gongen, var eg veldig spent på korleis det hadde gått. Eg stod opp og såg den blåe himmelen og tenkte: Dette blir ein flott dag!
Helga i sin heilskap har eigentleg vore veldig bra. Sjølv om det har regna litt, har det ikkje lagt noko dempar på stemninga. I går var det nok eit bra trykk med folk på torget heilt ifrå då vi byrja å spele og til seine natta. Då kan ein vel kanskje seie at det har vore vellukka.
Vi som er i Nye Dynamites spelte i går i teltet. Sjølv syns eg det gjekk bra. Eg elsker å spele og koste meg under heile konserten! Det er ikkje ofte ein har sjansen til å spele med så bra lyd, det var ei positiv oppleving. Vokalisten hadde nervene under kontroll og sang bra for eit publikum som ga mange positive tilbakemeldinger! Nå er den konserten unnagjort, men eg håper dei andre får lyst til å øve litt innimellom.
Eg skulle ønske eg kunne kose meg i går kveld, men eg jobba som vakt i teltet. Det er greit nok det, men eg har aldri før opplevd å kunne gå ut for å kose meg når det har vore tilstelninger her i bygda. Når ein har ei familiebedrift i familien er det ein "selvfølge" at ein stiller opp og hjelper til når det er noko som skjer. Nytt av året er at eg har ingen eg må ta hensyn til lenger.... så eg hadde sjansen i år. Vel....eg har ikkje tenkt å dvele med det. Eg er i alle fall ikkje i selskap med dei som i dag har ein dårleg dag. Det er nok mange som ønsker dei ikkje hadde drukke den siste øla i går:) Eg kan nyte denne dagen i fulle åndedrag!
Det står respekt av den innsatsen blueslubber her legger ned i arbeid med festivalen. Det er mangen som gler seg kvar gong det skal vere blueshelg, men ein er avhengig at det er nokon som kan dra det i gang. Så takk til dei eldsjelene som har stått på og gjort noko som er kjempepositivt for bygda og kjempegod reklame for oss ut av kommunen! Vi suger til oss alt som er positivt!
No skal eg ut og nyte dagen i fri luft. Borna skal bade i "Dammen", men eg trur eg blir ivrig tilskodar i dag. Eg er ikkje heilt i bademodus no. Uansett. Det er ein fantastisk fin dag!!!

Hasta luego.

lørdag 25. juli 2009

Godt vi er ulike! :)

Ja, ein kan trygt seie vi alle er ulike. Godt er det......Det er vel nokon eg ikkje ville følt meg konfortabel med å vere lik. (Hehe..).
Kommer akkurat heim frå åpninga av bluesfestivalen. Det er mykje bra musikk, men volumet er vel høgt til tider. Kan vere ein føremon om det er mulig å høyre seg sjølv når ein roper. Uansett, triveleg var det.
Då eg entra teltet litt over ni, var det ikkje mange sjelene der. Følte meg litt åleine der eg stod. For det meste var det berre ukjente folk. Det kom jo sjølvsagt nokre "artige" Pedersener etterkvart. Når ein er høveleg edru, så spørs det om det var dei rette som kom. :)
Det viste seg at dei fleste var på kroa. Det var nesten berre ukjente der også. Heldigvis dukka det opp nokon eg og kjente.
Så var det det med at vi alle er ulike. Alkohol gjere så mangt med dei fleste. I dag var det helst at det fanst tilfeller av glade dansarar. (Ikkje på dansegolvet)..... Men det tyder jo heldigvis på at det er nokon som har det skøy når dei er ute. Dei får ingen sympati av meg i måro om dei er i dårleg form. Eg skal i alle fall opp tidleg og eg gler meg til det!
Eigentleg er der merkeleg når ein tenker på kva ein blir flau av. I kveld var ikkje mi grense så vid og eg var litt "flau". Det var vel mest av di eg sjølv ikkje var i festmodus. Eg kan ikkje lyge og sei at eg aldri har vore på det stadiet sjølv før. Heldigvis er det ikkje mange tilfellene, men..... Eg får håpe resten av kvelden blir like bra for dei då.

Eg burde leggje meg med tanke på mårodagen, men det er så deilig å sitte her akkurat nå. Det er heilt stille. Eg er heilt åleine. Minstemann søv og resten er ute og koser seg (håper eg). I bakgrunnen høyrer eg tonene frå "Theme for young lovers".

I løpet av neste uke skal eg prøve å skrive litt om korleis ein kan bruke musikken til å kommunisere med kvarandre. Det handler om å finne dei rette songane og at mottakaren skjønner at det ligger noko bak. Eg leiter ennå etter den rette songen.

torsdag 23. juli 2009

Livet.

Det er mykje som kan seiast om livet. Det er i alle fall verdt å leve. Dei aller fleste har mykje å glede seg over. Det kjem sjølvsagt an på kor mykje som skal til for å glede eit menneske. Vi har alle våre forskjellige krav. For nokon er det nok at dei har nokon dei veit bryr seg. For andre kan eit smil vere nok for å gjere dagen god for andre. Så har ein dei som ein verkeleg må leggje ned ein innsats for å glede. Dei som ikkje lar seg glede så lett sjølv om dei har det meste dei treng. Eg veit ikkje kva som er best, men eg veit kva som gleder meg. Å vite at eg har mangen som bryr seg om meg, å sjå sonen min springe rundt frisk og raskt med sitt gode humør, naturen rundt meg, arbeidet mitt, familien, små kvardagslege ting. Det å stå opp og sjå sola gjer også godt. Eg kunne sikkert ha fylt heile sida med gledelege ting....... Sjølvsagt skal eg ikkje utelate musikken. Den er vel ein av dei viktigaste faktorane i eit bra liv. Det er berre så synd at ein ikkje får praktisert det meir enn ein allereie gjer.
Kanskje burde ein vore flinkare til å tørre å ta viktige samtaler. Ein er ikkje feilfri... og alle har vel ein eller annan gong gjort noko dei burde ha ordna opp i. Eg er inga untak. Det er ikkje alltid like lett å vite kva ein skal seie eller korleis ein skal innlede ein samtale. I stadenfor blir mykje anna sagt og ein går utan å ha sagt det ein eigentleg ville. Det meste handler vel om tillit og usikkerhet. Om ein ikkje heilt veit kor ein har ein annan person, kan ein føle det vanskeleg å utlevere seg. Kva er best? Å halde tankane for seg sjølv eller få dei ut? Kva tid er det rette tidspunktet? Det handler om livet, det handler glede. Om ein ikkje tør ta dei viktige samtalane er vel sjansen stor for at gleda ikkje er komplett.
Eg har eit rikt liv på mange måtar, men eg har samtalar eg burde ha tatt....eller rettare sagt bør ta. Så får ein sjå kva prisen er.

Smil til verden og verden smiler til deg!