mandag 4. april 2011

Måndag 4.april anno 2011.

Det er mykje rart ein klarer å få lyrt utav seg.... I alle høve i kveld. Eg har nett gått meg ein lang og deileg tur i "finvèret". Energidagen.no. Det gjer seg utspring også i det verbale! Snakkesalig?? JA! Det er ikkje måte på kor gøy det kan vere å mimre litt atende i tid. Vi flira i alle høve mykje.
Spesielt var Huldra eit artig samtaleemne........ Det har seg slik at i berget mellom Grunnvoll og Sørfjorden sit Huldra med rokken sin. Jada....Det er sant! Eg har sjølv sett det med eigne auge. Pappa viste meg ho då eg var unge:=)
No er det jo sjølvsagt ikkje Huldra på ordentleg. Det er tilfeldigvis berre naturen som har laga det slik. Likevel......I dag er det så overgrodd der at eg trur det vil vere håplaust å sjå ho. Uansett, poenget er at då eg hadde med meg klassen til Grunnvoll, fortalte eg dei om dette. (Planen var eigentleg å ordne det slik at dei også skule få sjå det). Om kvelden då vi lekte gøymsel i mørkret, var det ein av elevane som på tull sa "Oi! Sjå, der e Huldra". Alle 8-9 stk blei lettere nervøs og då slo eg og Gøril til. Opp av gresset røyste vi oss og skremte livskiten av dei alle. Med vissheita om at det var Huldra som kom for å ta dei la dei på sprang i vill galopp. (Ropte gjorde dei også). Eg har vel aldri ledd så hjerteleg så då. Optimal lykke akkurat der og då........ Thihihihihi:=)  Eg har mange likeeinse minner frå fortida, og i dag ploppa dei opp i hovudet, det eine etter det andre. Med andre ord......det har vore ein riktig så gøy kveld. Basta!!

I tillegg er det ein kollega som har vore borte ei stund. No er han attende...... Ikkje tenkte eg over at aprilspøken min framleis lå i hylla hans. (Tenkte jo ikkje på at han var borte på fredag). Resultat? Han gjekk fem på. Hehe..... Ikkje så rart eigentleg. Kven som koplar at det kan vere ein spøk når datoen i dag er den fjerde?
Kva spøken gjekk ut på?? Joda:=) Det var vel ikkje noko anna å velje enn rehabiliteringa av skulen. I desse dager opptar jo akkurat den saka mange. Så slik blei det. Nokon tok spøken medan andre gjekk fem på og heiv seg igang med heftige diskusjonar. Akkurat slik det skal vere........ Eg mitt dumme fjotthau avslørte meg litt for tidleg, men det var jo ikkje akkurat så lett å halde seg dønn alvorleg. Ein har det ikkje meir gøy enn ein sjølv vel å ha det. Hehe......
(NB! Eg er fullt klar over at det var fleire som prøvde å planlegge korleis dei kunne lure meg....... Dei hadde litt lyst å ta att for alle dei gongane eg gjer "djelvelskap" mot dei. Så heldige var dei ikkje denne gongen. Heldigvis for meg!).

Dagen i dag har med andre ord vore ein fin dag.

Hasta mañana:=)

If you would let me tell you......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar