søndag 10. april 2011

Helgekos??

Veit ikkje heilt om eg kan kalle det eg skal skrive om for helgekos, men eg kom i alle høve over det medan eg sat i sofaen på hytta og slappa av laurdagskvelden. No er det no eingong slik at det ikkje er mykje eg ikkje tør å skrive om.......men når det er sagt, så trur eg kanskje ikkje det er alt eg hadde turt å skrive i Dagbladet. Knut Nærum, derimot. Han har latt tankane svirra rundt om i sitt skjønne hovud og endt opp med eit tema. Kva temaet er? Tja, veit ikkje om eg tør bruke slike uttrykk her!?! Vel, om eg skal vere heilt ærleg, så har det vel ikkje stopp meg før. Greit...... Overskrifta han brukar er "Pulesanger". Jada. Så spørs det kva han meiner med det. Eg kan kanskje nemne at det i ei mindre overskrift OVER hovudoverskrifta står følgande: "Sex er den nye kjærligheten. Og den nye tidtrøyta. Sex er i grunnen alt." Sjølve illustrasjonen som er med, skal eg la vere å kommentere.

Det heile starta vel eigentleg med at Knut (eg går rett på førenamnet) kom over den amerikanske hitlista. Han syns jo då at det er påfallande at titlane på lista tyder på at musikken no for tida handlar om puling. Difor gjekk han på nettet og fant tekstane. No vil eg presisera at eg ikkje kjøper "alle" samanlikningane han drar. Konklusjonane som blir dregne er noko han fullt og heilt åleine må ta på si kappe......
Song 1. Lady Gaga: "Born this way". (Om ein er født, ja, då må det jo ha vore puling inne i biletet?).
Song 2. Cee Lo Green: "F..ck you" (Forget you). Du ville bare ha meg for penga, så hopp i havet. Pulinga? Veit ikkje heilt kor han meiner at den kjem inn her.....
Song 3. Katy Perry: "ET". Du er så fin at du må vere frå eit anna solsystem. (Reknar med at alle skjønar kvifor eg seier at det er han Knut som sjølv må stå for konklusjonane. Kva ville han kome til å kalle dei songane eg lager for, mon tro?).
Song 4. Rihanna: "S&M". Tvang og smerte gjer meg opphissa. (Her trengs vel ingen kommentar).
Song 5. Jennifer Lopez: "On the floor". Dans! Og drikk meir. Og dans. Men eigentleg meiner eg sex. (Jaja.....Den kjem han seg også klar av).
Song 6. Pink: "F**ckin' Perfect". Du er fullkommen, og hvis du ikkje syns det sjølv, så er du fullkommen for meg. (Hmm......Nok eit "glimrande" eksempel på at det omhandlar sex. Ikkje heilt opplagt).
Song 7. Bruno Mars: "Grenade". Eg var så forelska i deg at eg ville ha stoppa ein granat for deg, men du hadde ikkje gjort det same for meg, drittkjerring. (Eg trur bestemt eg har rett når eg påstår at Knut'n vår har ein liten tendens til å tenke "litt" for vidløftig og bredt. Pulesong???)
Song 8. Enrique Iglesias: "Tonight". I kveld akter eg å ha samleie med deg, det er nå en gang sånn kar jeg er. (Riktig Knut).
Song 9. Britney Spears: (Skjønte tiddleg at ho var innblanda i dette. Noko anna ville vore rart. "Till the world ends". La meg dans fra deg vitet, men eigentleg meiner eg sex. (Sikkerstikk den då).
Song 10. Ke§ja: "Blow". Det er så høy stemning på dette diskoteketat det straks kjem til å gå i lufta, men eigentleg meiner eg orgasme.

Eg trur lista er lang nok no. Det var altså den amerikanse hitlista! Litt påfallande at den virka veldig europeisk. Vi har verkeleg påverka amerikanerane vil eg påstå.

Nærum meiner populærmusikken har komen så langt i si utforsking av romantisk kjærleik som det er mogleg å kome. Difor treng bl.a. ikkje Enrique Iglesias unskylde seg når han syng "Please excuse me, I don't mean to be rude. But tonight I'm fuckin' you.
No er den direkte referansen til puling forholdsvis ny i pop'en. Populærmusikken har sjølvsagt handla om sex heilt attende til Franz Liszts tid, men dog godt gøymt bak ord som dance, get down og boogie. Før blei ikkje øyrene tuta fulle av metaforar som "Roll with me, Henry".

Vi ville heller ikkje ha snusk på radioen. Eit unntak frå det var Bobby Brown (Frank Zappa). Teksten er ein katalog over seksuelle perversjonar. Til samanlikning har vi Beraneks pekefinger mot narkotika. "Dra til hælvete". Det eine stygge ordet som blei brukt, er årsaka til at den blei nekta tid på radioen. Så kan ein sjølv sjå om det fins ei logisk forklaring bak det.

Vi har tydlegvis fått eit meir avslappa forhold til å snakke om sex. (Tja, det stemmer vel bra). Det er nok av di vi har fått eit meir avslappa forhold til å "gjere det". Som han Knut seier: Ein Paradise Hotel- deltakar fortalte at ho hadde ligget med mannlege deltakarar sjølv om ho ikkje hadde lyst. (Kven er såååå dum??) Ho gjorde det av di ho trudde at det blei forventa av ho!?! Sukk........Hennar seksuelle integritet er ikkje krenka......vi føler med ho av di ho mest sannsynleg har kjeda seg. Say no more!!!!

Han seier ganske ordrett dette: " Vi var sikkert for oppkneppet før. Vi satte fyr på seksuelt utagerende kvinner, vi låste dem inn og fratok dem retten til orgasme. Vi lever nå heldigvis i et land hvor man kan blåse opp kondomer og knyte dyr av dem i barnebursdager. Før eller senere vil også den muslimske verden komme etter."

I dag har vi prgrammer som firestjernes middager o.l. Dei programma er sjølvsagt representert gjennom kjendisar. Knut Nærum trur ikkje at nordmenna er ferdig frigjorte før vi får eit program som heiter "Fire stjernes sex", kor fire kjendisar har seg med kvarandre og gjer karakterar. Og ingen snakkar om det i morgon.

Halleluja!!!  God natt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar