torsdag 7. april 2011

Ingen kims ingen kos....

Reklame...........Joda, greit nok med reklame, men er litt lei av kimskosen. Så lenge skutan kan gå:=)
Eg har i alle fall ikkje reklamen i hovudet om eg er på jakt etter potetgull. Så om den er verdt si vekt i gull?? Tja, det spørs. Håper for deira skuld at ikkje alle er som meg, då. Det er snart påske, og kanskje ligg det ein pose kims i skapet....kven veit? Det får bli mi lille hemmeligheit.

Ta det med ro! Eg har ikkje tenkt å skrive ei lang avhandling om reklame. Ikkje ser eg på tv heller...... Tvn står på i bakgrunnen av di at ein heilt annan figur enn eg ser på tv. Figur?? Tja, kan ein ikkje bli kalla for det? Hahhahaa..... Så kom sjølvsagt songen "Ingen kims ingen kos". Sidan eg ikkje har døve øyre, blei eg jo då utsatt for dette kimskoset midt i konsentrasjonssvikten min.

Dagen i dag har vel vore som dagar flest. Litt surt at det måtte regne medan skirennet blei avvikla. Det var sikkert ein av grunnane til at ikkje fleire møtte opp enn det gjorde. Det blei likevel gjennomført og koseleg var det trass regnet. No kan forsåvidt berre byrje å hølje ned frå Vår Herres himmel. Det var håplaust langs veien frå rundkøyringa og forbi Dammen. Skal snøen bort no, kan det likesågodt skje i hurtigtempo.
Det passer sjølvsagt ikkje så godt med regn enno, med tanke på at skulen skal til Ankenes og stå på ski neste onsdag. MEN.......det er jo noko som heiter lokale byger. Kan ikkje vi få nokre av dei:=)

Eg skjønner eg er litt ute på jordet i dag. Sjølvmotsigande til tusen. Eg, som heile tida har fortalt at eg inderleg håpar det er snø i påska...... Så skriv eg her at den likesågodt berre kan fordufte. Jaja.....Eg har jo tidlegare nemnt at eg må ha eit lite snev av schizofreni i meg. Det er nok den som slår til no også. Sikkert heilt normalt!

I kveld har vi hatt musikkøving. For ikkje så lenge sidan, hadde vi seminar. Eg må verkeleg seie at eg blei inspirert den helga. Eg har øva masse etterpå. Eg håper det held seg slik lenge. I tillegg syns eg det har vore ganske kjekt å spele det siste halvåret. Det har sikkert mykje å seie kven vi har til dirigent. Eg er i alle høve godt nøgd.
Til hausten skal vi til Barcelona (Calella) på jubileumstur. Vi blir ein bra gjeng som skal reise i tillegg til nokre andre musikarar som har hivd seg med. Eg gler meg veldig.......sjølv om eg kunne ønske at  enkelte andre også heiv seg med...... Det er vel liten sjanse for det!?! Jaja......

Dei siste minutta i kveld skal brukast til små finurlegheiter som skal forbli usagt her. Det blir uansett godt med helg i morgon, og ingen planar er lagt. Alt ligg vel til rette for ei roleg helg.

Hasta luego!!

Where were you......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar