fredag 1. april 2011

Det er fredag og det er helg (nesten). Først skal eg karre meg på arbeid og nyte denne fine dagen:=) Aller mest har eg lyst å slappe av heile helga og det på hytta! Slik blir det ikkje.... I morgon bere det avstad til "BY1" og speling. På ein måte gler eg meg veldig, av di eg har vore flink og øva masse den siste tida. Det betyr at ammasjøren er ganske bra no og følgeleg vil konserten gå så mykje betre. Likevel, det ville vore deileg å vere "planlaus". Jaja....... Det er ikkje akkurat som at konserten kjem plums på meg, så ein skal vel ikkje klage::=)

 I går kveld fekk Steffen ein kjempekul telefon før han la seg. Magnus Moan, ein framifrå kombinertløpar og Odd Bjørn Hjelmesett, skiløparen, skal kome til Kjøpsvik uka før påske. Steffen har deltatt i "Barnas skimerke" denne sesongen. Dei har lagt merke til kor ivrig han har vore og gått i løypene. Difor er Kjøpsvik plukka ut til å få besøk av desse to staute karane i samanheng med utdelinga av medaljen "årets skiløpar". Torsdagen den uka blir det ei tilstelning oppe ved Dammen og dei er veldig interessert i at han stiller der. Kjempegreier, hæ????? :=) Dette blir skøy! '

Ellers så skjer det vel ikkje så mykje nytt i den store verda. Krigen går som normalt, Vg er enno Noregs mest leste avis, Se og Hør kjem ut to gonger i uka (noko son min fortalte meg i morges på trass av at eg ikkje brukar å investere pengane mine i slarvet der), KK hamner sikkert i postkassa mi i ettermiddag, påska er ein dag nærare, hjartet mitt hopper framleis over eit slag når høgreauget blunkar til meg, scizofrenien i meg er ikkje kurert (noko eg oppdaga i bilen heim frå Narvik onsdagen. Når ein plutseleg oppdagar at ein har ein samtale med seg sjølv....... SCARY!!!), hmm........kanskje på tide å stoppe så ein ikkje avslører for mykje her? Thihihi..... Særlig:=)

Våren er såvisst i anmarsj her i Kjøpsvik også. Det merkes på dei mannlege kollegaene at våryrskapen så smått byrjer å vakne. Så no må kjerringene deira berre passe seg......... Vinterdvalen har vore lang nok! (Har aldri hatt noko sans for den dvalen, eg.........). Haha! Det må vere energien som følgjer med dagslyset på denne tida som gjer seg gjeldande, for eg minnast så vel at dette er eit årleg og kjent fenomen!!?! Konklusjonen må vel bli at våren må vere den beste tida av året!?! (Utelater det om at eg har vår heile året rundt:=) Hehe).

Tida renn unna litt for fort her, så no blir det i full fart ut døra og på arbeid.

Hasta luego og god helg!!!

There will never be anyone else, but you.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar