mandag 25. april 2011

Home:=)

Borte bra, men heime best....... Det er visst eit ordtak det. Sanninga er at det stemmer altfor godt. Likevel, etter 10-11 dagar på hytta, var det ikkje ei einaste celle i meg som sa "Endeleg er det på tide å dra heim". Det har vore så godt å vere utan tv og liknande heile påska. Eg har ikkje sakna det eit sekund. På trass av det må eg jo seie at det var skikkeleg godt å kome heim att. (Sjølv om det er på ein dag der dei har vist rimeleg mange fotballkampar).

Første helga av påskeferien var skikkeleg kjip når det gjeld vèrmessig. Meir vekslande vèr trur eg neppe at eg har vore borti før. I eine augneblikket er det eit hufseleg vèr, og i neste er det jaggu meg sol frå blå himmel. Sånn svisj.......
Sundagskvelden freista eg meg til å skrive i hytteboka at "no er vinteren definitivt borte for denne sesongen". Eg kunne ha bitt av meg tunga. Det var med djupe hjartesukk eg tok laus med å skufle verandaen på måndagsmorgonen. Som sagt......Ustabilt til tusen!!! Jaja......Det retta seg jo opp etterkvart.

Påsak 2011. Kva vil eg hugse frå den tida?? Borsett frå alle menneska som har deltatt og gjort det til ei flott påske? Joda, kan først nemne at dei små grå ikkje alltid er tilstades. Sånt skjer i påsketider også, så det var ikkje noko unntak denne gongen.
Første tabbe blei oppdaga 5 minutt før Drag. Med vissheita om at eg ikkje skulle heim før etter påske, kom eg på at mobilen låg att heime i stova. Jada! (Kanskje ikkje den største krisa ein opplev om ein må vere halvannan uke utan mobil. Kan vere sundt det). Tabbe to kom neste dag. Påska er jo kjent for å vere krimhøgtida her til lands. Kor låg påskekrimboka mi (Snømannen av Jo Nesbø)? Heime i stova.......  Heldigvis har vi snille hyttenaboar som skulle heim på dagstur, så eg fekk både mobil og bok:=) Enno godt ein har kontroll på husnøkkelen........(Eg gløymde fleire saker, men dei var ikkje så viktige).
Måndagskvelden tok eg meg ein tur i fjæra. Tradisjonen tru skulle eg prøve å kome meg ut på "øya" vår. I påska er fjæra så stor at vi kan gå tørrskodd til ei øy. Ivrig skunda eg meg avgarde åleine i eit trist og grått vèr. Det blåste så det gjorde vondt i øyrene. Kva skjedde? Joda.....Lure meg var minuttar for seint ute. Shit!! Skulle eg ikkje få sjansen i år? Litt overmodig traska eg rett ut i sjøen med skoa på og vandra utover. Kjempelurt!
Eg var sjølvsagt rask av meg, for eg hadde liten lyst til å svømme attende, så føtene mine jobba for livet. I løpet av tre-fire minuttar hadde vèret rukket å bli sol att. (Merkelege greier). I full fart var det å kome seg på land att. Eg fann ut kor det var grunnast å gå og sprang attende.
Så brukte eg nokre minuttar på å ta nokre fine bilete. Det er mykje å bli fasinert av der!  Eg snudde meg rundt og blei overgjett. Eg hadde sjølvsagt vore det store nauthovudet rett før. Våt på skoa og oppover buksa osv.... Kvifor? Av di eg kom eit par minuttar for seint. (Trudde eg!!). Om eg hadde stressa litt ned der eg kom, ville eg ha sett at sjøen enno felte. Fjæra var jo slett ikkje full enno. Sukk........ Hadde eg venta nokre minuttar, kunne eg ha labba rett ut til øya og i tillegg tørrskodd. Som sagt - dei små grå har ein tendens til å vere fråverande innimellom. (Ganske ofte vil eg tru).

Ellers så er det ein som er like glad kvart einaste år når påskeharen har vore og lagt frå seg litt av kvart. Unntaket i år er at han faktisk har mesteparten av godteriet att i egget sitt. Sidan dei har vore heile seks born i "vika" i år, har vi rett og slett nesten ikkje sett snurten av han. Det var såvidt at han hadde tid til mat. (Det er vel aller helst eit positivt teikn).  Så med påskegodtet sitt ute av syne......ute av sinn:. Ikkje det at eg trur han har vore godtelaus. Reknar med at dei har fått litt her og litt der:=)
Med minstemann fullt oppteken ute, var det fritt fram for lesing på meg. "Uff, du e så kjedelig. Du bære læs og læs"....... Trur det er ein som er litt lei av lesing og kryssord. Sjølv syns eg eigentleg ikkje at eg bruker så mykje tid på det.

For dei som ikkje veit det, har dei no byrja å selge literboksa med øl. (Ringnes). Høyres det usannsynleg ut? Då kan eg trøste med at det syntes dei fleste i Herøyvika også då eg sa det.
Heldigvis klarte eg å få "litt" aktivitet opp å gå blandt dei små grå, så eg klarte å hugse på kor eg hadde infoen frå. Sidan eg hadde fått mobilvennen min ut på hytta var det berre å bestille eit bilete av herlegdomen hos rette vedkommande.
Kor ho hadde kjøpt øla? Joda, det kunne ikkje vore betre.......Ulvsvåg. Av alle plassar så måtte det vere der. Gjett kven som var på Ulvsvåg på laurdag og blei den heldige eigar av ein litersboks med øl:=) Eller......det var nok ikkje eg. Eg fekk berre gleden av å dra kortet.
Det spørs om idèen med litersboksar er noko som vil slå til for fullt. Tvilsamt.....

Kirsten Giftekniv var også på besøk ein tur. Det blei eigentleg ganske gøy. I alle høve for oss andre enn hovudpersonen sjølv., At enkelte innimellom seier at vi ikkje er riktig rett, stemmer ganske godt:=) Hadde vi berre hatt EIN dag ekstra.

Sidan påskeferien har litt lengde på seg, får ein jo også tid til litt musikalse innslag. Eg tenker ikkje då spesielt på naboane sin minstegut som var eit riktig sjarmtroll då han sat i fanget mitt og spelte gitar og sång så fint. Det var jo berre heilt herleg!! Eg tenkte meir i den retning av at eg fekk tid til å musisere litt sjølv. Resultatet av det blei ein ny song som eg har kalla "Wish". (Trur eg). Eg har laga den med gitarkomp, så no må eg sette meg ned og prøve den med piano.
Det lettaste er å lage "lovesongs", og denne songen er ikkje noko unntak frå det.

Påska er over, det er på tide å sjå framover. Våren har ein tendens til å ikkje vare så altfor lenge. Det er mykje som skal gjerast før sommaren, så det er berre å stå på.

Let's make a night to remember.

Hasta luego.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar