søndag 3. april 2011

Laurdag 2.april.

Fotball og Farmen gjer mange "halvtuillåt"!! My God kor mange kommentarar det er på facebook på nettopp desse to emnene.
1) United vann
2) Liverpool tapte
3) Ståle blei slått ut av Farmen.
(Det siste kan virke som om at det skapte rein lykke for ein heil hærskare.......)

Det er rart å sjå kor barnlege mannfolk blir når United eller Liverpool speler kamp. Om ein er på nettet, kan ein få med seg heile kampen utan så mykje som å sjå på den. Eg er ganske sikker på at dei fleste sørger for å slå på maskinen innen kampen startar slik at dei kan oppdatere statusen regelmessig. Jaja....dei om det:=)
Det legger jo også opp til ei storstilt erting blant dei fotballgale. Eg heiv meg faktik på bølgen i dag og spurte to Liverpooltilhengjarar om kva tid dei skulle byrje å helde med eit lag som tar poeng. "Tullmus" fekk eg til svar. Thihihihi.............
(Det er faktisk fotball som sendes på skjermen her i huset akkurat no..........Mine auge er dog ikkje på den skjermen! Eg klarar meg godt med denne lille på 10,2 tommer).

Årets Farmen er blitt hausa ganske mykje opp. Sjølv har eg ikkje sett mange episodane, men det kan virke som store deler av resten av folket gjer nettopp det. Eg har fått med meg at han som er minst populær er nordlending og at han er den dei fleste vil ha ut. No har dei fått viljen sin og på facebook haglar det med kommentarar. YEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEES!! Endeleg!!JIIIIPPIIIIIIIIIIII!! Det står ingenting bak orda, men det er ikkje vanskeleg å skjønne at det er kveldens farmenresultat som gjer seg gjeldande. "Alle" forstår det og hiv seg med i rekka over kommentarar. Sjølv Gaute Grøtta Grav kommenterer det! Han ser for seg at størsteparten av seerane no er bra nøgd. Ikkje er eg heilt sikker på at det er så greit at han driver med å kommenterer ting på nettet. Har inntrykk av at han fleire gonger ytrer si private meining..........med tanke på at han sjølv er programleiar. Ikkje veit eg??? Kanskje tv2 syns det er heilt greit!?!?
Ellers har eg fått med meg nokre ganske heftige diskusjonar om temaet (Farmen). Folk er tydlegvis harme på heile serien. Det siste eg fekk med meg, var at ei kvinne herifrå aldri meir skulle sette foten sin innanfor Ankenes Fargehandel. Kvifor?? Jo for kjerringa til han som rauk ut i kveld arbeider der! Joda........ Kjempefornuftig å tenke slik!!! Eg bryr meg vel katta om kven som driv ein butikk, berre eg får god service når eg er der og at dei har det eg treng. Det er godt vi er ulike:=)
Dei må no berre la seg irritere......Eg har ikkje tenkt å hive meg inn i diskusjon med dei. Eg har reagert på språket til Ståle(?), men det plager meg såvisst ikkje i kvardagen. Det einaste hinderet som blir skapt av det, er at eg nekter Steffen å sjå programmet. Han har gleda seg til Farmen skulle starte opp att og på sundagane går det jo på ettermiddagen. Språket egner seg såleis ikkje til born.

Uansett, poenget mitt var i utgangspunktet at eg ville poengtere korleis ting tar heilt av her på nettet berre for fotball og ein realityserie. Hallo????

 I Afghanistan drep dei menneske av di ein eller annan tenn på ei bok. Det er jo det det er. Ei bok! Koranen kallar dei den. Eg kan skjønne at dei blir provosert av det, men å ta liv?? Det er jo heilt absurd! Berre tanken på at eg nettopp skreiv at det berre er ei bok, er litt "scary". Neida, det er ikkje det. Likevel, bloggen min er ei eiga nettside som eigentleg kven som helst kan komme over i forbifarta. Det kan vere at søkeordet dei brukar står i teksten her og vips.....Hmm. I dagens samfunn kan vi aldri vere sikker på noko. Så får eg leve i håpet om at ingen ihuga koranentilhengjarar kjem over nettopp den setninga. Eg satser på at eg er like trygg:=)
Er det rart at det er krig i verda??

Min dag har nok vore litt meir fredfull............... Det er vinterfest-uke og følgeleg er det mange folk i byen. Vi var der også:=) (Korpset). Frydenlund blei innvadert av mange korpsmusikarar i dag. Litt for mange spør du meg. Heile sju korps stod i lista på programmet. Alle korpsa var veldig flinke, men i og med at konferansierane skulle seie så mykje i mellom korpsa.......Jaaaaaaaaa! Det blei langdrygt. Det hadde vore nok med halvparten av korpsa. Det er lenge å sitte på ein slik konsert i tre timar. (Sjølv om det var mykje bra). Jaja. Vi kom greit ifrå det, og vi gjorde det vi kom for å gjere. Det er ikkje vi som arrangerer.
I tillegg var det ein mann frå eit anna korps som må ha vore på fylla i går kveld. Augene såg ikkje ut..... Av ei eller anna årsak byrja han å prate noko valdsamt med meg. Eg fekk dei raraste spørsmål frå han. Eg har aldri sett han før, men han prata til meg som om vi var gamle kjente. Heilt normalt. I korpsmiljøet er vi alle vener...... Det var litt "harry" då, og ingen kom meg til unnsetning.

Eg har pella meg heim att......andre er att i byen for å gjere den litt meir utrygg. Hehe....Eg ser for meg enkelte som dansar ned vegen mot hamna og hurtigruta. Sanninga er at eg oppdaga i dag at eg eigentleg ikkje hadde så lyst å dra heim att likevel. Litt i seinaste laget, ja, men eg veit samtidig kven som er lykkeleg og glad for det når ho vakner i morgon tidleg:=)
Mannfolka var nyklipt, nybarbert og dressa opp. Lurer på om dei håpar på fangst i kveld..........

Her heime har det vore arrangert skiløp i dag. Dei trassa regnet og slo til. Gjett om det er ein liten kar som er glad for det? Det kunne nok med fordel ha møtt litt fleire enn det gjorde, men det blei nok vellukka likevel.

I walk through a door.
Looking for more.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar