Så passerte klokka tre i dag og det var på tide å ta helg på ny. Det blei jo ei kort uke denne gongen...... Eigentleg hadde eg mest lyst til å dra på hytta, men det blei no til at valget falt på heimen. Det verste er eigentleg at eg skulle til Trondheim på klassetreff denne helga og av alle teite ting, klarte eg å gløyme det!!???!! At det går an.... Eg kom på det i går kveld og så altfor seint til å gjere noko med det. Når ein gler seg til noko og så kan ein vere så "svimåt". Nei, eg har ikkje ord. Beathe i eit nøtteskal. Jaja,, det betyr pengar spart om ein skal prøve å sjå det positive i det. Håpar resten av gjengen får ei knakande kjekk helg. (Eg tenker på dåke).
Eg hat jo tidlegare lært ein heil del berre ved å lese KK. (Eg reknar med dei fleste skjønner det er meint som ironi!!!) Det er ei stund sidan sist, men denne uka slo det jaggu meg til att. Overskrifta "Du veit du er vaksen når......." har riktig så mange punkter under seg. Eg trur kanskje eg oppfyller halvparten av dei. Er eg vaksen då?? Det står ikkje kor mange punkt som skal gjere seg gjeldande. Er det nok med eitt?
Uansett, eg skal nemne nokre av dei. Så kan jo kvar og ein sjølv avgjere om dei er vaksne:=) Lur ide, eller?
1) ..... Du kan seie "eg hugser det som om at det var igår" sjølv om det er tretti år sidan. (Eg skal ikkje påstå at eg hugser så mykje frå dei første leveåra. Betyr det at ein må vere langt over tretti for å klassifisere seg som vaksen? Jaggu meg lærte eg noko nytt av det!)
2) ......Tøfler er såååååååå deilege å gå med. (Hallo????? Kor er samanhengen?)
3) ......Du tør å inrøme at du ser på Hotel Cæsar kvar dag. (Nope.....Eller ja, det tør eg, men ser nok ikkje på det. Sorry).
Sukk, tre punkter til no og eg oppfyller enno ikkje eit einaste av dei. What am I going to do? Help!!
4) ......Datteren din har fått mensen og du kan fortelje om eigne erfaringer med Saba sanitetsbind. (Jaja. Ikkje har eg noko dotter tidleg i tenåra og hallo (!), Saba?? Kanskje ikkje heilt up to date.... Med nærare ettertanke, så er det vel nettopp det som er poenget. Nei, kva skal ein med slikt. No need for that).
5) .....Du liker å dra på helgetur med moren din, berre det ikkje blir for lenge. (Superdupert. Det må eg verkeleg seie. Kjempefornuftige punkt. Dette er jaggu meg årets artikkel. Ingen over, ingen på sida.)
6) .....Du kan steike både påskelam og svineribbe utan å øydeleggje familiefesten. (Endeleg. JA!! Det kan eg. Det fins håp for meg også).
7) .....Du elskar å mimre om barnetvpå 70- og 80-talet. (Joda, forsåvidt. No mimrar ikkje eg til tema som det, men om eg tenker etter, kjem eg på litt av kvart). To poeng til meg, foreløpig.....
8) ....Du har minst tre lån du må betjene, men det er heilt ok, for "alle" har jo det. (Nja, det var jo å ta litt i. Lån, ja, men tre?).
9) .....Du blir glad for å få satengsengetøy i gave. (JA, det blir eg. Kult!) Tre poeng. (Kor spanande...).
10) ....Du heller vil dra på Ikea enn ut på byen ein sein kveld. (Dei to alternativa er vel ikkje akkurat så forenelege i mitt tilfelle. Likevel.....Hadde Ikea vore sååååå viktig for meg, hadde eg vel ikkje sotte her i kveld.)
11) ....Du har minst to kredittkort. (Tenke, tenke.....Trur ikkje det. )
12) ....Du tar ansvar for eige sexliv, også når kjæresten ikkje er heime. (Definitivt ja! Klart det. ) Fire poeng. Juhuuuu...
13) ....Du synes Jonas Gahr Støre er kjekk. (Ehh....Har alltid hatt sansen for eldre menn, eg. Thihihihi....)
14) ....Du tør seie noko upopulært på jobben. (Joda......Så her innkasseres poeng nummer 6). Byrjer å bli litt stolt no:=) Sjølv om eg har hoppa over nokre nei-punkt innimellom. Det lar eg berre vere å kommentere her, så er det ingen som veit det.
15) ....Du har stavmikser i kjøkkenbenken. (Det har eg no hatt sidan eg var 20.) SJU.
16) ....Du, til trass for at du har stritta imot så godt du kan, er blitt akkurat som mor di. (Veit ikkje heilt om eg tør svare på den.... Farlege greier:=) Tja, det er vel litt rett i det, men likevel så er det no eingong at det er mykje av pappa i meg. Så eg trur eg gjer meg eit halvt poeng for denne). 7,5
17) ...Trangen til å vaske stuegardinene kommer kvar vår. (Om det er ein trang som kjem eller ikkje, skal vere usagt. Vaska blir dei.) Åtte,5!
18) ...Du syns det er både riktig og viktig å gå til innkjøp av oppbevaringsbokser til musli og kveitemjøl. (Tjo, i alle høve til mjølet). 9,5
19) ...Du ahr bytta karriere eller i alle høve har du byrja å tenke på det. (Jeezzzes, kor gamal skal ein eigentleg vere for å bli vaksen??)
20) ....Du trener for å få tid til deg sjølv. (Delvis rett). Ti poeng.
Det er kanskje 8 punkter eg ikkje har tatt med og alle dei ville fått svaret nei. Så 10 av 28. I mitt hovud blir det sånn rundt avrekna ca 36%. Trur det skal stemme bra.... Det betyr jo eigentleg nei til 64%.
Oh, my God. Det er berre å konstantere at eg framleis er ei skitræv. Det kan i tillegg sjå ut som at det vil ta maaaaange år før eg får nok poeng til å score høgare. Jaja......Med tanke på at eg elsker å vere litt barnleg, så passer det jo forsåvidt godt. Det veks eg vel aldri av meg (håpar eg!!).
Det er mykje nytt å lære i denne verda......
Sidan det er så mykje å rope hurra for i kveld så kan ein jo velje å ta med at minstemann har hatt DS-LAN i kveld. Jepp! Det er sikkeret ikkje noko som heiter det, men alle forstår vel kva som meines med det. Det blei jo eigentleg ganske interessant. Eg fekk med meg alt om kven dei er kjæreste med, kven dei har kyssa osv....Mange røyndomer kan eg informere om. Sa eg at dei er i alderen 6 og 7 år?? Bør eg uroe meg?? Eg berre spør. 6-åringar som kyssar kvarandre....er det heilt normalt? Hehehehehe..... Eg flire no litt for meg sjølv.
Så skal eg også krype til korset og innrømme at eg har brukt seinkvelden til å sjå på dagens bryllaup. Rørande var det. Brura var vakker og så trur eg det nesten må vere den lengste kyrkja eg nokon gong har sett.
Litt dumt at dei gløymte å invitere meg til festen i kveld. Tru kor artig det kunne vore. Eg og prinsen:=) Eg skulle ikkje spart på kruttet.
Wish you could be the one, the one who puts the arms around me.
Hasta luego!
'
<3
lørdag 30. april 2011
mandag 25. april 2011
Home:=)
Borte bra, men heime best....... Det er visst eit ordtak det. Sanninga er at det stemmer altfor godt. Likevel, etter 10-11 dagar på hytta, var det ikkje ei einaste celle i meg som sa "Endeleg er det på tide å dra heim". Det har vore så godt å vere utan tv og liknande heile påska. Eg har ikkje sakna det eit sekund. På trass av det må eg jo seie at det var skikkeleg godt å kome heim att. (Sjølv om det er på ein dag der dei har vist rimeleg mange fotballkampar).
Første helga av påskeferien var skikkeleg kjip når det gjeld vèrmessig. Meir vekslande vèr trur eg neppe at eg har vore borti før. I eine augneblikket er det eit hufseleg vèr, og i neste er det jaggu meg sol frå blå himmel. Sånn svisj.......
Sundagskvelden freista eg meg til å skrive i hytteboka at "no er vinteren definitivt borte for denne sesongen". Eg kunne ha bitt av meg tunga. Det var med djupe hjartesukk eg tok laus med å skufle verandaen på måndagsmorgonen. Som sagt......Ustabilt til tusen!!! Jaja......Det retta seg jo opp etterkvart.
Påsak 2011. Kva vil eg hugse frå den tida?? Borsett frå alle menneska som har deltatt og gjort det til ei flott påske? Joda, kan først nemne at dei små grå ikkje alltid er tilstades. Sånt skjer i påsketider også, så det var ikkje noko unntak denne gongen.
Første tabbe blei oppdaga 5 minutt før Drag. Med vissheita om at eg ikkje skulle heim før etter påske, kom eg på at mobilen låg att heime i stova. Jada! (Kanskje ikkje den største krisa ein opplev om ein må vere halvannan uke utan mobil. Kan vere sundt det). Tabbe to kom neste dag. Påska er jo kjent for å vere krimhøgtida her til lands. Kor låg påskekrimboka mi (Snømannen av Jo Nesbø)? Heime i stova....... Heldigvis har vi snille hyttenaboar som skulle heim på dagstur, så eg fekk både mobil og bok:=) Enno godt ein har kontroll på husnøkkelen........(Eg gløymde fleire saker, men dei var ikkje så viktige).
Måndagskvelden tok eg meg ein tur i fjæra. Tradisjonen tru skulle eg prøve å kome meg ut på "øya" vår. I påska er fjæra så stor at vi kan gå tørrskodd til ei øy. Ivrig skunda eg meg avgarde åleine i eit trist og grått vèr. Det blåste så det gjorde vondt i øyrene. Kva skjedde? Joda.....Lure meg var minuttar for seint ute. Shit!! Skulle eg ikkje få sjansen i år? Litt overmodig traska eg rett ut i sjøen med skoa på og vandra utover. Kjempelurt!
Eg var sjølvsagt rask av meg, for eg hadde liten lyst til å svømme attende, så føtene mine jobba for livet. I løpet av tre-fire minuttar hadde vèret rukket å bli sol att. (Merkelege greier). I full fart var det å kome seg på land att. Eg fann ut kor det var grunnast å gå og sprang attende.
Så brukte eg nokre minuttar på å ta nokre fine bilete. Det er mykje å bli fasinert av der! Eg snudde meg rundt og blei overgjett. Eg hadde sjølvsagt vore det store nauthovudet rett før. Våt på skoa og oppover buksa osv.... Kvifor? Av di eg kom eit par minuttar for seint. (Trudde eg!!). Om eg hadde stressa litt ned der eg kom, ville eg ha sett at sjøen enno felte. Fjæra var jo slett ikkje full enno. Sukk........ Hadde eg venta nokre minuttar, kunne eg ha labba rett ut til øya og i tillegg tørrskodd. Som sagt - dei små grå har ein tendens til å vere fråverande innimellom. (Ganske ofte vil eg tru).
Ellers så er det ein som er like glad kvart einaste år når påskeharen har vore og lagt frå seg litt av kvart. Unntaket i år er at han faktisk har mesteparten av godteriet att i egget sitt. Sidan dei har vore heile seks born i "vika" i år, har vi rett og slett nesten ikkje sett snurten av han. Det var såvidt at han hadde tid til mat. (Det er vel aller helst eit positivt teikn). Så med påskegodtet sitt ute av syne......ute av sinn:. Ikkje det at eg trur han har vore godtelaus. Reknar med at dei har fått litt her og litt der:=)
Med minstemann fullt oppteken ute, var det fritt fram for lesing på meg. "Uff, du e så kjedelig. Du bære læs og læs"....... Trur det er ein som er litt lei av lesing og kryssord. Sjølv syns eg eigentleg ikkje at eg bruker så mykje tid på det.
For dei som ikkje veit det, har dei no byrja å selge literboksa med øl. (Ringnes). Høyres det usannsynleg ut? Då kan eg trøste med at det syntes dei fleste i Herøyvika også då eg sa det.
Heldigvis klarte eg å få "litt" aktivitet opp å gå blandt dei små grå, så eg klarte å hugse på kor eg hadde infoen frå. Sidan eg hadde fått mobilvennen min ut på hytta var det berre å bestille eit bilete av herlegdomen hos rette vedkommande.
Kor ho hadde kjøpt øla? Joda, det kunne ikkje vore betre.......Ulvsvåg. Av alle plassar så måtte det vere der. Gjett kven som var på Ulvsvåg på laurdag og blei den heldige eigar av ein litersboks med øl:=) Eller......det var nok ikkje eg. Eg fekk berre gleden av å dra kortet.
Det spørs om idèen med litersboksar er noko som vil slå til for fullt. Tvilsamt.....
Kirsten Giftekniv var også på besøk ein tur. Det blei eigentleg ganske gøy. I alle høve for oss andre enn hovudpersonen sjølv., At enkelte innimellom seier at vi ikkje er riktig rett, stemmer ganske godt:=) Hadde vi berre hatt EIN dag ekstra.
Sidan påskeferien har litt lengde på seg, får ein jo også tid til litt musikalse innslag. Eg tenker ikkje då spesielt på naboane sin minstegut som var eit riktig sjarmtroll då han sat i fanget mitt og spelte gitar og sång så fint. Det var jo berre heilt herleg!! Eg tenkte meir i den retning av at eg fekk tid til å musisere litt sjølv. Resultatet av det blei ein ny song som eg har kalla "Wish". (Trur eg). Eg har laga den med gitarkomp, så no må eg sette meg ned og prøve den med piano.
Det lettaste er å lage "lovesongs", og denne songen er ikkje noko unntak frå det.
Påska er over, det er på tide å sjå framover. Våren har ein tendens til å ikkje vare så altfor lenge. Det er mykje som skal gjerast før sommaren, så det er berre å stå på.
Let's make a night to remember.
Hasta luego.

søndag 10. april 2011
Helgekos??
Veit ikkje heilt om eg kan kalle det eg skal skrive om for helgekos, men eg kom i alle høve over det medan eg sat i sofaen på hytta og slappa av laurdagskvelden. No er det no eingong slik at det ikkje er mykje eg ikkje tør å skrive om.......men når det er sagt, så trur eg kanskje ikkje det er alt eg hadde turt å skrive i Dagbladet. Knut Nærum, derimot. Han har latt tankane svirra rundt om i sitt skjønne hovud og endt opp med eit tema. Kva temaet er? Tja, veit ikkje om eg tør bruke slike uttrykk her!?! Vel, om eg skal vere heilt ærleg, så har det vel ikkje stopp meg før. Greit...... Overskrifta han brukar er "Pulesanger". Jada. Så spørs det kva han meiner med det. Eg kan kanskje nemne at det i ei mindre overskrift OVER hovudoverskrifta står følgande: "Sex er den nye kjærligheten. Og den nye tidtrøyta. Sex er i grunnen alt." Sjølve illustrasjonen som er med, skal eg la vere å kommentere.
Det heile starta vel eigentleg med at Knut (eg går rett på førenamnet) kom over den amerikanske hitlista. Han syns jo då at det er påfallande at titlane på lista tyder på at musikken no for tida handlar om puling. Difor gjekk han på nettet og fant tekstane. No vil eg presisera at eg ikkje kjøper "alle" samanlikningane han drar. Konklusjonane som blir dregne er noko han fullt og heilt åleine må ta på si kappe......
Song 1. Lady Gaga: "Born this way". (Om ein er født, ja, då må det jo ha vore puling inne i biletet?).
Song 2. Cee Lo Green: "F..ck you" (Forget you). Du ville bare ha meg for penga, så hopp i havet. Pulinga? Veit ikkje heilt kor han meiner at den kjem inn her.....
Song 3. Katy Perry: "ET". Du er så fin at du må vere frå eit anna solsystem. (Reknar med at alle skjønar kvifor eg seier at det er han Knut som sjølv må stå for konklusjonane. Kva ville han kome til å kalle dei songane eg lager for, mon tro?).
Song 4. Rihanna: "S&M". Tvang og smerte gjer meg opphissa. (Her trengs vel ingen kommentar).
Song 5. Jennifer Lopez: "On the floor". Dans! Og drikk meir. Og dans. Men eigentleg meiner eg sex. (Jaja.....Den kjem han seg også klar av).
Song 6. Pink: "F**ckin' Perfect". Du er fullkommen, og hvis du ikkje syns det sjølv, så er du fullkommen for meg. (Hmm......Nok eit "glimrande" eksempel på at det omhandlar sex. Ikkje heilt opplagt).
Song 7. Bruno Mars: "Grenade". Eg var så forelska i deg at eg ville ha stoppa ein granat for deg, men du hadde ikkje gjort det same for meg, drittkjerring. (Eg trur bestemt eg har rett når eg påstår at Knut'n vår har ein liten tendens til å tenke "litt" for vidløftig og bredt. Pulesong???)
Song 8. Enrique Iglesias: "Tonight". I kveld akter eg å ha samleie med deg, det er nå en gang sånn kar jeg er. (Riktig Knut).
Song 9. Britney Spears: (Skjønte tiddleg at ho var innblanda i dette. Noko anna ville vore rart. "Till the world ends". La meg dans fra deg vitet, men eigentleg meiner eg sex. (Sikkerstikk den då).
Song 10. Ke§ja: "Blow". Det er så høy stemning på dette diskoteketat det straks kjem til å gå i lufta, men eigentleg meiner eg orgasme.
Eg trur lista er lang nok no. Det var altså den amerikanse hitlista! Litt påfallande at den virka veldig europeisk. Vi har verkeleg påverka amerikanerane vil eg påstå.
Nærum meiner populærmusikken har komen så langt i si utforsking av romantisk kjærleik som det er mogleg å kome. Difor treng bl.a. ikkje Enrique Iglesias unskylde seg når han syng "Please excuse me, I don't mean to be rude. But tonight I'm fuckin' you.
No er den direkte referansen til puling forholdsvis ny i pop'en. Populærmusikken har sjølvsagt handla om sex heilt attende til Franz Liszts tid, men dog godt gøymt bak ord som dance, get down og boogie. Før blei ikkje øyrene tuta fulle av metaforar som "Roll with me, Henry".
Vi ville heller ikkje ha snusk på radioen. Eit unntak frå det var Bobby Brown (Frank Zappa). Teksten er ein katalog over seksuelle perversjonar. Til samanlikning har vi Beraneks pekefinger mot narkotika. "Dra til hælvete". Det eine stygge ordet som blei brukt, er årsaka til at den blei nekta tid på radioen. Så kan ein sjølv sjå om det fins ei logisk forklaring bak det.
Vi har tydlegvis fått eit meir avslappa forhold til å snakke om sex. (Tja, det stemmer vel bra). Det er nok av di vi har fått eit meir avslappa forhold til å "gjere det". Som han Knut seier: Ein Paradise Hotel- deltakar fortalte at ho hadde ligget med mannlege deltakarar sjølv om ho ikkje hadde lyst. (Kven er såååå dum??) Ho gjorde det av di ho trudde at det blei forventa av ho!?! Sukk........Hennar seksuelle integritet er ikkje krenka......vi føler med ho av di ho mest sannsynleg har kjeda seg. Say no more!!!!
Han seier ganske ordrett dette: " Vi var sikkert for oppkneppet før. Vi satte fyr på seksuelt utagerende kvinner, vi låste dem inn og fratok dem retten til orgasme. Vi lever nå heldigvis i et land hvor man kan blåse opp kondomer og knyte dyr av dem i barnebursdager. Før eller senere vil også den muslimske verden komme etter."
I dag har vi prgrammer som firestjernes middager o.l. Dei programma er sjølvsagt representert gjennom kjendisar. Knut Nærum trur ikkje at nordmenna er ferdig frigjorte før vi får eit program som heiter "Fire stjernes sex", kor fire kjendisar har seg med kvarandre og gjer karakterar. Og ingen snakkar om det i morgon.
Halleluja!!! God natt.

torsdag 7. april 2011
Ingen kims ingen kos....
Reklame...........Joda, greit nok med reklame, men er litt lei av kimskosen. Så lenge skutan kan gå:=)
Eg har i alle fall ikkje reklamen i hovudet om eg er på jakt etter potetgull. Så om den er verdt si vekt i gull?? Tja, det spørs. Håper for deira skuld at ikkje alle er som meg, då. Det er snart påske, og kanskje ligg det ein pose kims i skapet....kven veit? Det får bli mi lille hemmeligheit.
Ta det med ro! Eg har ikkje tenkt å skrive ei lang avhandling om reklame. Ikkje ser eg på tv heller...... Tvn står på i bakgrunnen av di at ein heilt annan figur enn eg ser på tv. Figur?? Tja, kan ein ikkje bli kalla for det? Hahhahaa..... Så kom sjølvsagt songen "Ingen kims ingen kos". Sidan eg ikkje har døve øyre, blei eg jo då utsatt for dette kimskoset midt i konsentrasjonssvikten min.
Dagen i dag har vel vore som dagar flest. Litt surt at det måtte regne medan skirennet blei avvikla. Det var sikkert ein av grunnane til at ikkje fleire møtte opp enn det gjorde. Det blei likevel gjennomført og koseleg var det trass regnet. No kan forsåvidt berre byrje å hølje ned frå Vår Herres himmel. Det var håplaust langs veien frå rundkøyringa og forbi Dammen. Skal snøen bort no, kan det likesågodt skje i hurtigtempo.
Det passer sjølvsagt ikkje så godt med regn enno, med tanke på at skulen skal til Ankenes og stå på ski neste onsdag. MEN.......det er jo noko som heiter lokale byger. Kan ikkje vi få nokre av dei:=)
Eg skjønner eg er litt ute på jordet i dag. Sjølvmotsigande til tusen. Eg, som heile tida har fortalt at eg inderleg håpar det er snø i påska...... Så skriv eg her at den likesågodt berre kan fordufte. Jaja.....Eg har jo tidlegare nemnt at eg må ha eit lite snev av schizofreni i meg. Det er nok den som slår til no også. Sikkert heilt normalt!
I kveld har vi hatt musikkøving. For ikkje så lenge sidan, hadde vi seminar. Eg må verkeleg seie at eg blei inspirert den helga. Eg har øva masse etterpå. Eg håper det held seg slik lenge. I tillegg syns eg det har vore ganske kjekt å spele det siste halvåret. Det har sikkert mykje å seie kven vi har til dirigent. Eg er i alle høve godt nøgd.
Til hausten skal vi til Barcelona (Calella) på jubileumstur. Vi blir ein bra gjeng som skal reise i tillegg til nokre andre musikarar som har hivd seg med. Eg gler meg veldig.......sjølv om eg kunne ønske at enkelte andre også heiv seg med...... Det er vel liten sjanse for det!?! Jaja......
Dei siste minutta i kveld skal brukast til små finurlegheiter som skal forbli usagt her. Det blir uansett godt med helg i morgon, og ingen planar er lagt. Alt ligg vel til rette for ei roleg helg.
Hasta luego!!
Where were you......

mandag 4. april 2011
Måndag 4.april anno 2011.
Det er mykje rart ein klarer å få lyrt utav seg.... I alle høve i kveld. Eg har nett gått meg ein lang og deileg tur i "finvèret". Energidagen.no. Det gjer seg utspring også i det verbale! Snakkesalig?? JA! Det er ikkje måte på kor gøy det kan vere å mimre litt atende i tid. Vi flira i alle høve mykje.
Spesielt var Huldra eit artig samtaleemne........ Det har seg slik at i berget mellom Grunnvoll og Sørfjorden sit Huldra med rokken sin. Jada....Det er sant! Eg har sjølv sett det med eigne auge. Pappa viste meg ho då eg var unge:=)
No er det jo sjølvsagt ikkje Huldra på ordentleg. Det er tilfeldigvis berre naturen som har laga det slik. Likevel......I dag er det så overgrodd der at eg trur det vil vere håplaust å sjå ho. Uansett, poenget er at då eg hadde med meg klassen til Grunnvoll, fortalte eg dei om dette. (Planen var eigentleg å ordne det slik at dei også skule få sjå det). Om kvelden då vi lekte gøymsel i mørkret, var det ein av elevane som på tull sa "Oi! Sjå, der e Huldra". Alle 8-9 stk blei lettere nervøs og då slo eg og Gøril til. Opp av gresset røyste vi oss og skremte livskiten av dei alle. Med vissheita om at det var Huldra som kom for å ta dei la dei på sprang i vill galopp. (Ropte gjorde dei også). Eg har vel aldri ledd så hjerteleg så då. Optimal lykke akkurat der og då........ Thihihihihi:=) Eg har mange likeeinse minner frå fortida, og i dag ploppa dei opp i hovudet, det eine etter det andre. Med andre ord......det har vore ein riktig så gøy kveld. Basta!!
I tillegg er det ein kollega som har vore borte ei stund. No er han attende...... Ikkje tenkte eg over at aprilspøken min framleis lå i hylla hans. (Tenkte jo ikkje på at han var borte på fredag). Resultat? Han gjekk fem på. Hehe..... Ikkje så rart eigentleg. Kven som koplar at det kan vere ein spøk når datoen i dag er den fjerde?
Kva spøken gjekk ut på?? Joda:=) Det var vel ikkje noko anna å velje enn rehabiliteringa av skulen. I desse dager opptar jo akkurat den saka mange. Så slik blei det. Nokon tok spøken medan andre gjekk fem på og heiv seg igang med heftige diskusjonar. Akkurat slik det skal vere........ Eg mitt dumme fjotthau avslørte meg litt for tidleg, men det var jo ikkje akkurat så lett å halde seg dønn alvorleg. Ein har det ikkje meir gøy enn ein sjølv vel å ha det. Hehe......
(NB! Eg er fullt klar over at det var fleire som prøvde å planlegge korleis dei kunne lure meg....... Dei hadde litt lyst å ta att for alle dei gongane eg gjer "djelvelskap" mot dei. Så heldige var dei ikkje denne gongen. Heldigvis for meg!).
Dagen i dag har med andre ord vore ein fin dag.
Hasta mañana:=)
If you would let me tell you......

søndag 3. april 2011
Laurdag 2.april.
Fotball og Farmen gjer mange "halvtuillåt"!! My God kor mange kommentarar det er på facebook på nettopp desse to emnene.
1) United vann
2) Liverpool tapte
3) Ståle blei slått ut av Farmen.
(Det siste kan virke som om at det skapte rein lykke for ein heil hærskare.......)
Det er rart å sjå kor barnlege mannfolk blir når United eller Liverpool speler kamp. Om ein er på nettet, kan ein få med seg heile kampen utan så mykje som å sjå på den. Eg er ganske sikker på at dei fleste sørger for å slå på maskinen innen kampen startar slik at dei kan oppdatere statusen regelmessig. Jaja....dei om det:=)
Det legger jo også opp til ei storstilt erting blant dei fotballgale. Eg heiv meg faktik på bølgen i dag og spurte to Liverpooltilhengjarar om kva tid dei skulle byrje å helde med eit lag som tar poeng. "Tullmus" fekk eg til svar. Thihihihi.............
(Det er faktisk fotball som sendes på skjermen her i huset akkurat no..........Mine auge er dog ikkje på den skjermen! Eg klarar meg godt med denne lille på 10,2 tommer).
Årets Farmen er blitt hausa ganske mykje opp. Sjølv har eg ikkje sett mange episodane, men det kan virke som store deler av resten av folket gjer nettopp det. Eg har fått med meg at han som er minst populær er nordlending og at han er den dei fleste vil ha ut. No har dei fått viljen sin og på facebook haglar det med kommentarar. YEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEES!! Endeleg!!JIIIIPPIIIIIIIIIIII!! Det står ingenting bak orda, men det er ikkje vanskeleg å skjønne at det er kveldens farmenresultat som gjer seg gjeldande. "Alle" forstår det og hiv seg med i rekka over kommentarar. Sjølv Gaute Grøtta Grav kommenterer det! Han ser for seg at størsteparten av seerane no er bra nøgd. Ikkje er eg heilt sikker på at det er så greit at han driver med å kommenterer ting på nettet. Har inntrykk av at han fleire gonger ytrer si private meining..........med tanke på at han sjølv er programleiar. Ikkje veit eg??? Kanskje tv2 syns det er heilt greit!?!?
Ellers har eg fått med meg nokre ganske heftige diskusjonar om temaet (Farmen). Folk er tydlegvis harme på heile serien. Det siste eg fekk med meg, var at ei kvinne herifrå aldri meir skulle sette foten sin innanfor Ankenes Fargehandel. Kvifor?? Jo for kjerringa til han som rauk ut i kveld arbeider der! Joda........ Kjempefornuftig å tenke slik!!! Eg bryr meg vel katta om kven som driv ein butikk, berre eg får god service når eg er der og at dei har det eg treng. Det er godt vi er ulike:=)
Dei må no berre la seg irritere......Eg har ikkje tenkt å hive meg inn i diskusjon med dei. Eg har reagert på språket til Ståle(?), men det plager meg såvisst ikkje i kvardagen. Det einaste hinderet som blir skapt av det, er at eg nekter Steffen å sjå programmet. Han har gleda seg til Farmen skulle starte opp att og på sundagane går det jo på ettermiddagen. Språket egner seg såleis ikkje til born.
Uansett, poenget mitt var i utgangspunktet at eg ville poengtere korleis ting tar heilt av her på nettet berre for fotball og ein realityserie. Hallo????
I Afghanistan drep dei menneske av di ein eller annan tenn på ei bok. Det er jo det det er. Ei bok! Koranen kallar dei den. Eg kan skjønne at dei blir provosert av det, men å ta liv?? Det er jo heilt absurd! Berre tanken på at eg nettopp skreiv at det berre er ei bok, er litt "scary". Neida, det er ikkje det. Likevel, bloggen min er ei eiga nettside som eigentleg kven som helst kan komme over i forbifarta. Det kan vere at søkeordet dei brukar står i teksten her og vips.....Hmm. I dagens samfunn kan vi aldri vere sikker på noko. Så får eg leve i håpet om at ingen ihuga koranentilhengjarar kjem over nettopp den setninga. Eg satser på at eg er like trygg:=)
Er det rart at det er krig i verda??
Min dag har nok vore litt meir fredfull............... Det er vinterfest-uke og følgeleg er det mange folk i byen. Vi var der også:=) (Korpset). Frydenlund blei innvadert av mange korpsmusikarar i dag. Litt for mange spør du meg. Heile sju korps stod i lista på programmet. Alle korpsa var veldig flinke, men i og med at konferansierane skulle seie så mykje i mellom korpsa.......Jaaaaaaaaa! Det blei langdrygt. Det hadde vore nok med halvparten av korpsa. Det er lenge å sitte på ein slik konsert i tre timar. (Sjølv om det var mykje bra). Jaja. Vi kom greit ifrå det, og vi gjorde det vi kom for å gjere. Det er ikkje vi som arrangerer.
I tillegg var det ein mann frå eit anna korps som må ha vore på fylla i går kveld. Augene såg ikkje ut..... Av ei eller anna årsak byrja han å prate noko valdsamt med meg. Eg fekk dei raraste spørsmål frå han. Eg har aldri sett han før, men han prata til meg som om vi var gamle kjente. Heilt normalt. I korpsmiljøet er vi alle vener...... Det var litt "harry" då, og ingen kom meg til unnsetning.
Eg har pella meg heim att......andre er att i byen for å gjere den litt meir utrygg. Hehe....Eg ser for meg enkelte som dansar ned vegen mot hamna og hurtigruta. Sanninga er at eg oppdaga i dag at eg eigentleg ikkje hadde så lyst å dra heim att likevel. Litt i seinaste laget, ja, men eg veit samtidig kven som er lykkeleg og glad for det når ho vakner i morgon tidleg:=)
Mannfolka var nyklipt, nybarbert og dressa opp. Lurer på om dei håpar på fangst i kveld..........
Her heime har det vore arrangert skiløp i dag. Dei trassa regnet og slo til. Gjett om det er ein liten kar som er glad for det? Det kunne nok med fordel ha møtt litt fleire enn det gjorde, men det blei nok vellukka likevel.
I walk through a door.
Looking for more.......

fredag 1. april 2011
Det er fredag og det er helg (nesten). Først skal eg karre meg på arbeid og nyte denne fine dagen:=) Aller mest har eg lyst å slappe av heile helga og det på hytta! Slik blir det ikkje.... I morgon bere det avstad til "BY1" og speling. På ein måte gler eg meg veldig, av di eg har vore flink og øva masse den siste tida. Det betyr at ammasjøren er ganske bra no og følgeleg vil konserten gå så mykje betre. Likevel, det ville vore deileg å vere "planlaus". Jaja....... Det er ikkje akkurat som at konserten kjem plums på meg, så ein skal vel ikkje klage::=)
I går kveld fekk Steffen ein kjempekul telefon før han la seg. Magnus Moan, ein framifrå kombinertløpar og Odd Bjørn Hjelmesett, skiløparen, skal kome til Kjøpsvik uka før påske. Steffen har deltatt i "Barnas skimerke" denne sesongen. Dei har lagt merke til kor ivrig han har vore og gått i løypene. Difor er Kjøpsvik plukka ut til å få besøk av desse to staute karane i samanheng med utdelinga av medaljen "årets skiløpar". Torsdagen den uka blir det ei tilstelning oppe ved Dammen og dei er veldig interessert i at han stiller der. Kjempegreier, hæ????? :=) Dette blir skøy! '
Ellers så skjer det vel ikkje så mykje nytt i den store verda. Krigen går som normalt, Vg er enno Noregs mest leste avis, Se og Hør kjem ut to gonger i uka (noko son min fortalte meg i morges på trass av at eg ikkje brukar å investere pengane mine i slarvet der), KK hamner sikkert i postkassa mi i ettermiddag, påska er ein dag nærare, hjartet mitt hopper framleis over eit slag når høgreauget blunkar til meg, scizofrenien i meg er ikkje kurert (noko eg oppdaga i bilen heim frå Narvik onsdagen. Når ein plutseleg oppdagar at ein har ein samtale med seg sjølv....... SCARY!!!), hmm........kanskje på tide å stoppe så ein ikkje avslører for mykje her? Thihihi..... Særlig:=)
Våren er såvisst i anmarsj her i Kjøpsvik også. Det merkes på dei mannlege kollegaene at våryrskapen så smått byrjer å vakne. Så no må kjerringene deira berre passe seg......... Vinterdvalen har vore lang nok! (Har aldri hatt noko sans for den dvalen, eg.........). Haha! Det må vere energien som følgjer med dagslyset på denne tida som gjer seg gjeldande, for eg minnast så vel at dette er eit årleg og kjent fenomen!!?! Konklusjonen må vel bli at våren må vere den beste tida av året!?! (Utelater det om at eg har vår heile året rundt:=) Hehe).
Tida renn unna litt for fort her, så no blir det i full fart ut døra og på arbeid.
Hasta luego og god helg!!!
There will never be anyone else, but you.....

Abonner på:
Innlegg (Atom)