søndag 28. februar 2010

Hyttehelg!

Så var eg attende i Kjøpsvik. Etter å ha vore borte sidan tysdag kan eg trygt seie "Borte bra, men hjemme best"!! Vi har hatt ei flott uke, men det skal seiast at det er godt å vere heime att. Det blir deilig å liggje i mi eiga seng i natt.

På fredag enda vi Sulis-opphaldet vårt (vel nøgde med det meste) og pakka saman sakene for så å dra på hytta. Det var kanskje litt dumt å bruke så mykje tid i ein bil med tanke på kva vèr det var på fredag...... Sånn blei det no berre.

Hytta var ganske kald, men det gjekk ikkje lange tida før det blei godt og varmt. Etter å ha fyra opp satt vi oss ned og spelte yatzy. Eg må innrømma at det er lenge sidan eg spelte det sist. Det blei ikkje berre med ein runde, nei...... Eg tapte første runden, så då var det naudsynt med ein runde til, minst!!

I heile helga har det vore ganske bra vèr. Det er då ei skam å sitte inne på ei hytte.... So me ikkje gjorde:=) Det var lett å kose seg ute med aking, skigåing og bygging av snøborg. Gjett om det var godt med kvikk-lunsj då vi var ferdige!?!! Eg trur son min kunne spist eit heilt lass om han hadde fått lov.



På kvelden kosa vi oss med ost, kjeks og tibehør medan vi lytta ivrig til radioen (i lag med hyttenaboane)!! Det er sjølvsagt snakk om OL:=)Det var riktig så spanande....spesielt mot slutten. Kommentatorane ropte JA så høgt og så mange gonger at det virka som om det var rett før ein orgasme kom på direkten........ for så å gå over i skuffelsens NEI! I det augneblikket tykte eg faktisk det var eit betre alternativ å høyre på radio enn å følgje det heile med augene på tv. Jaja, det blei "berre" sølv.

I dag som dei to andre dagane har det vore knallvèr. I stadenfor å dra rett heim i dag, fann vi ut at vi måtte stoppe ein tur på Ulsvågsskaret. Det er berre eit ord å seie om det...Nydeleg!!! Det var så fint i solskinnet og det var så flott å gå på ski. Forholda var veldig bra!!
Når ein nærmar seg seks år har ein heller ikkje rukke å bli redd i utforbakkane...... Så det er gøy å sjå på når han renner rett ned og faktisk held seg på fotane. Kult!


Så alt i alt..... ei fin helg! :=)

No nærmar det seg leggetid og det er på tide å innstilla seg sjølv på at det er tidleg opp og på arbeid att i morgon. Så håper eg at alle elevane har kosa seg i ferien.....Det har nemleg eg!!

Hasta luego!

You're still the one I want....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar