torsdag 25. februar 2010

Fantastisk!!

For ein dag!! Minus åtte grader, sol, vindstille og fine bakkeforhold....... Kan det bli betre?? Ikkje minst det at Steffen har fått hatt ein storveis dag har gjort sitt til at eg er glad vi valgte å dra hit. Han er verkelg tøff i bakken!
Først stod vi ei stund på slalomski. Etter å ha knøvla litt i storheisen fann vi ut at det beste ville vere å ta barneheisen og heller renne på ski der. Eg og Einar bytta på å vere ilag med Steffen slik at vi og kunne få prøve oss litt i storbakken:=) Etter ei stund ville eldste- og yngstemann gå over til langrenski og aking......medan eg valgte å fortsette å stå slalom.
På grunn av at eg var i ei litt stygg slalomulykke i slutten av tenåra (der både ski og staver blei herpa), er det ei stund sidan eg sist stod slalom. Derfor var det med litt skepsis eg satte utfor bakken. Det viste seg at det ikkje var så mykje å grue seg til. Det gjekk berre godt!
Det var likevel godt å få av seg slalomskoa då eg var ferdig med renninga...... Slalomsko sitter jo ganske stramt på foten, og med tanke på at føtene mine er uvante til slike sko, så kjentes det godt.

I dag har Einar klart å gå rundt på hovudet i tillegg til å lande på rygg. Hehe........Må no flire, men trur ikkje han syns det var spesielt gøy:=) Ganske bra å klare det med sånne ski på beina! Det er jo vansklegare å falle enn å helde seg på beina.....

Sidan det var første gong Steffen stod slalom, festa eg barneseler på han. Han kunne sette rett utfor og vite at eg kontrollerte farta hans nokre meter bakom. Ein fin ting..... I tillegg kunne eg trekke i selen slik at han svinga slik eg ville. Gøy!!
På slutten valgte han å stå på langrennski. Der er han nok tøffare enn mor si!! Ingen tvil om det. Han stiller seg berre på toppen av bakken og så setter han rett utfor til han kommer ned. Det beste er at han kommer seg heilt ned ståandes. Eg må berre sørge for at han lærer seg å holde stavane bakover uten at han må bli minna på det kvar gong..... Einar kosa seg med snøbrett uten å ha særleg kontroll over det!

No sit vi her på rommet og har nettopp spelt stigespelet. Om litt skal vi opp og ete middag, og eg lurer spent på kva det er vi får servert i dag.
Ellers har bassenget vore under utbetring. No snart opnar det att og difor skal vi ta oss ein tur dit i kveld. Det blir gøy for minstemann som allereie har snudd døgeret og syns det høyres flott ut å bade på kvelden.
Det er klart han på lik linje med oss andre må få følge med på OL. Han har jo ein favoritt i Petter Northug og då kan vi ikkje la staffetten gå ifrå han:=) Han blei litt skuffa over at det "berre" blei sølv, men Petter var jo god, då!! Klokka blir fort elleve før det er ein liten kar som sover.Heldigvis er det sånn at dersom han legg seg seint, så sover han lengre på morgonkvisten. Takk for det!! Ville vore ille om han ville stå opp halv åtte i ferien..... Nei, vi vekker han halv ti no når han er så lenge oppe. Har ein ferie så har ein ferie!!

I måro bere det heim på hytta..... Vi skal berre ha oss ein liten stopp på Fauske først. Etter å ha opplevd kuldegrader av stor grad første dagen vi var her oppdaga vi fort at det må investerast i skikkelege skivantar til Steffen!! Vi må berre innsjå at det fins ei verd utafor Kjøpsvik også og at det klimaet vi har der ikkje kan vere retningsgjevande for utstyr vi investerer i.

Alt i alt ein kjempefin dag!!!!! <3
Hasta luego!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar