lørdag 13. februar 2010

Dødsstraff?

For tida held eg på med eit emne med elevane som går på ut på å skrive argumenterande tekstar. Eit av poenga med det er at ein ikkje skal vere subjektiv. Med enklare ord betyr det å ikkje berre så ei sak frå ei side. Det fins som regel både for- og motargumenter i ei sak. Til no har vi oppdaga at enkelte tema kan føre til problem på akkurat det området. Eg har ikkje tenkt å ramse opp ei liste med slike tema, men eg skal ta for meg eit aktuelt og vanskeleg tema som kalles dødsstraff......

På mandag, medan eg stod og forklarte elevane om emnet, fekk eg plutseleg spørsmål frå ein elev om kva eg meiner om dødsstraff. Han kunne vel eigentleg ikkje spurt meg om noko vansklegare. Om eg går ein runde med meg sjølv i håp om at eg skal ta eit eintydig standpunkt i saka, må eg ærleg innrømme at det meistrar eg ikkje. Tru meg.....eg har prøvd.
Dobbeltmoral har vel aldri vore særleg bra i dei aller fleste tilfella ein møter. I dette emnet går etikk og moral ikkje hundre prosent overeins med mitt hovud.

På den eine sida er eg så totalt imot dødsstraff som det går an å vere.... Så plutseleg kan det dukke opp saker som gjer at eg enkelte gonger ønsker at det skulle ha vore dødsstraff, også i vårt eige land. Eg har fleire gonger tatt meg i å ønske mennesker daud. Kva seier det om meg?? Håper det berre betyr at eg er menneskeleg.... Eg satser på at det er vanleg for majoriteten av menneska.

Ein elev drøfter i disse dagar temaet "Strengere straffer". Han meiner då at dersom ein mann drep eit menneske, så skal straffen (evnt. dødsstraff) avgjerast ut ifrå kor ille drapet har vore. I og for seg eit greit argument det.... Likevel kjøper eg det ikkje heilt.
Kva med dei som sit att? Saknet etter ein person blir ikkje større om han har blitt tatt av dage på den eine eller den andre måten. Mange av dei etterlatne ønsker nok drapsmannen daud uansett korleis drapet blei utført, berre det var med vilje. Kven skal avgjere kor grensa skal gå?

Eg trur uansett ein må ta stilling til om ein skal ha denne forma for straff eller ikkje! Ein må ta eit standpunkt og stå for det. Så får ein heller velge å tenke som ein vil om noko skulle skje.
Ein må ta eit standpunkt på eit generelt grunnlag....... Då veit eg kva veg eg heller.
Eg er jo i utganspunktet imot at menneske skal straffast med dauden. Skulle verda hatt ei folkerøysting om det, ville eg glatt ha svara nei, vi skal ikkje ha denne forma for straff nokon som helst stad.

Sjølv om det svaret ville vore enkelt å levere frå seg, stemmer det nok ikkje heilt med det den verkelege meg ønsker. Enkelte mennesker er så grusomme at dei aldri skulle ha blitt født. Av og til kjenner eg håra reiser seg og eg får frysninger med tanke på ting som er skjedd ulike stader. Om ein får sjå bileter i tillegg er det ikkje måte på kva eg tenker om gjerningsmannen. Då går det meste på tvers av kva eg eigentleg innerst meiner.

Det er både etisk og moralsk galt å ta livet av eit anna menneske, sjølv om det er skjedd grufulle ting. Om ein lar denne straffa vere lovleg, er ein ikkje noko betre sjølv enn den som blir straffa. Å vere ein drapsmann inneberer at ein har frarøva ein person livet. Med kva rett kan andre avgjere at det er greit å straffe nokon med å gjere akkurat det? Kva med familien til den som blir"henretta"? Sit ikkje dei att med same sorgen som familien til den som er offeret for handlingane?
Ei slik sak har veldig mange perspektiv og innbefatter så mykje. Eg ønsker at det ikkje skal vere lov å straffe folk med dauden, men eg vil i same høve poengtere at eg ønsker strengere straff for dei som utfører slike handlinger!
Ein må nesten ha ei meining..... Skal ein tenke etikk og moral eller ikkje?? Kor går grensa for kva saker ein skal gjere det i eller ikkje??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar