søndag 17. mai 2009

Gratulerer med dagen!!

Så var den her att.....Nasjonaldagen. Deilig vèr fra sol på ein skyfri himmel. Flagga som heises rundt om i heile bygda:)
Må ærleg innrømme at det var tungt å stå opp i dag, men det må vel kanskje sjåast i lys med at eg har vore sjuk heile helgo. Var litt redd i går for at dagen i dag skulle gå i vasken...... Men litt må ein ofre for ein slik dag. Med gode hjelparar kom medisinen som holdt det meste under kontroll:) Men sliten etterpå?? JAAAA!

Men dagen i dag er ikkje berre is, brus, kaker og korps..... Det er også ein dag til ettertanke. Vi feirer jo av ein årsak. Men det er også tid for å tenke på om alle i dette vakre landet har det like bra... Vi har vel ikkje alle samme føresetnadane til å klare oss like bra i samfunnet. Ille vert det då når det i stor grad kjem så tett inntil oss. Den siste tida har lært oss at noko/nokon har feila på vegen. Og ikkje minst følest det ille at vi blir spesielt merksam på det på ein dag som denne. Mange var vel usikre på kva som ville skje i dag då dei høyrde at det var ein som hadde blitt observert med gevær og hagle. (Takk Gud for at det blei oppdaga!!!)!! Kva må til for at vi no skal få det stille rundt oss?? Kva er riktig straff?? I kva grad har vi rett til å dømme?? Mange spørsmål som er vanskelege å svare på.... Ingen av oss har vel fasitsvaret!?! Samfunnet har svikta på mange måter. Vår sikkerhet skal ivaretas, men også samfunnet må ta sin del av ansvaret. Bøna vår kjem frå dypet av hjartene: Gjer oss trygge att!! Så får vi feire ein ny og fin 17.mai også til neste år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar