lørdag 6. juni 2009

Der elvene møtes....

Var så lur at eg ba husbonden min om å gje meg ein tittel til innlegget denne gongen. Sjølvsagt må eg ta utfordringa:) Men kva i alle dagar kan eit slikt tema innehalde?? Eg får gje det eit forsøk og sjå kor eg ender.....

"Der elvene møtes".... Det er nok ein fruktbart stad. Det er vel i stor grad mykje fisk i området. Der elvene møtes fins det håp. Håp om ei betre framtid. Om den eine elva ber med seg mykje skit, stiller den andre opp og renser. Fattigdom er ikkje eit tema. Heller ikkje forureining.
Vèret er som humøret. Vi har både sol og regn. Det er det som skal til for ein fruktbart stad. For at graset og dyrka mark skal vekse, trengs det både sol og regn. For at eit forhold skal leve, trengs det også sol og regn. Er det berre regn varer det ikkje lenge. Er det berre sol - semje- då er det lett at det i lengden blir for kjedeleg. Å la kjærleik berre bli vennskap etter kvart kan i lengden bli slitsamt. Alle har vel ei eller anna form for søken etter spenning i livet. Då er det lettare om det er både sol og regn. Det blir liksom ikkje forutsigbart....
Vèret gjer at elvene ikkje er forutsigbare. Vèret bestemmer størrelsen på elvene. Kor stort er trykket der dei møtes??

Dersom alle stader hadde vore som der elver møtes, trur eg det ville vore ei betre verd. Alle hadde hatt tilgang på mat (fisk), alle ville kunne dyrke, frihetskjensla ville vore større og livsgleden hadde vore større. Alt i alt ei betre verd.... Alle hadde stilt i samme klasse. Ingen hadde budd i rike eller fattige strøk av verda. Ingen hadde vore nøydd til å bry seg om u-hjelp.
Hadde heile verda vore ein fruktbar stad, ville det vore godt å leve.

Det er nok mange menneske som strever, har kjensle av avmakt eller syns det er vanskeleg å vere til . Vi har skapt ei verd som gjer det vanskeleg for mange å leve. Likevel klarer vi ikkje å stoppe utviklinga. Vi blir "rikare" medan så mange blir fattigare. Kor er logikken? La verda ble ein stad der elvene møtes....

Trur kanskje ikkje eg skal be "Einar" om fleire tilfeldige overskrifter......:) Det er nok lettere å skrive om kva som skjer i kvardagen. Kanskje bomma eg heilt på temaet!?! Det blir du som lesar som avgjer det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar