søndag 28. juni 2009

Trøtt i varmen!

Ikkje lett å halde seg vaken når ein er fem år og ute i "frisk" luft heile dagen. Fredag søvna Steffen under vielsen. I dag søvna han på ny. Denne gongen var det gudsteneste her i Màlaga. Kanskje han slapper ekstra av i det religiøse rom?? :)Er det eit bra eller mindre bra tegn??

Frokosten forløp som vanleg. Så var det berre å hive seg i strandklede og ta beino fatt mot den fine solkysten.... Eit lite kvarter seinare var vi framme til ei ganske så fin stund i strandkanten.
Det som gjorde det så fantastisk, var at like etter at solsenga hadde inntatt rette stillinga, kom ei massøse og tilbudde sine tenester. Fullmasasje gjorde godt for vonde føter og stive nakkemusklar.
Sjølve temperaturen i havet var vel ikkje det ein kunne skryte mest av, men bading blei det på oss fleste.

Etter timar på stranda, seier det seg vel sjølv at ein treng næring i kroppen. Som eg skreiv i går, kan eg anbefale å bu her. I dag diska dei opp med ordentlig grilling på "heimevis" og fantastisk god mat og dessert. Tru meg.....det var ikkje kostbart. For 90 kr kunne ein ete så mykje grillmat ein berre ville. Etterpå fulgte det is, kaffe og kaker. Drikke var også inkludert. (Born - halv pris).

For ei som ikkje er ivrig kyrkjegjenger var det faktisk ein opplevelse å oververe ei gudsteneste her. Presten (dame) var veldig flink og sjølve programmet var annleis lagt opp her enn heime.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det meste må gå på borna sine premisser, men når ein veit at det berre er trygge omgjevnader rundt oss er det lett å slappe av.
Fleire har no teke turen til Fuengirola zoo med krokodiller og tigrar osv.... Vi er "utslitt" av varmen og satser på å besøke dyra ein annan dag. Forhåpentlegvis blir det tid for badeland også:) Tenker vi tar turen ned til "byen" om litt og prøver å finne noko å kjøpe. Å sjå seg rundt i området her kor det for det meste bur folk som har litt å rutte med, er spaserturen i seg sjølv minneverdig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar