lørdag 27. juni 2009

Bryllup i Spania!

Det er laurdags kveld, og det er varmt. Staden er Colahonda (Iglesas de Noruego - Sjømannskyrkja). Skulle vel eigentleg ut for å kjøpe meg pizza til ein sulten mage, men endte visst opp her. Like greit..... Rundt meg søv dei fleste. Det er om å vere kvil til i måro og ein ny dag i kanonbra vèr!!! Ingen som klager på det:)

Det er faktisk sant... Vi er i Spania, og av alle stader ein kan bu, bur vi i ei kyrkje!! Det vil seie i andre delen av kyrkja. (Gjestehus som har gang imellom gjestehuset og sjølve kyrkja). Det beste av alt er at ein faktisk kan anbefale det - sterkt). Sjølvsagt ikkje dersom du skal på ein "festartur", men har du born......ja, då bør det prøvast! Her er fine rom (billig), god frokost, eige basseng, inngjerda heile vegen så du kan la borna gå fritt og det meste ligg i nærleiken. Drivarane er heilt fantastisk snille.

Korleis hamna vi her?? Joda, det har vore ein hyggeleg årsak til det. Bror min gifta seg i går, nettopp i denne kyrkja. Vi trives så godt her at vi ba om å få bu her lenger. Fantastisk prest gjorde det til ei minnerik tid i kyrkja:)
Brura var sjølvsagt den vakraste av alle. Med nydeleg kjole og slør var det fleire som fekk tårer i augekroken:) Eldsteguten førte mora opp gulvet med yngstemann pluss Steffen kom bak.

Etter sjølve seremonien var det kaffestund og fotografering før det bar opp til restaurant med stor kjendisfaktor. Sjølve Becham og frua spiser der når dei er her. Det er ein stor og fin restaurant med god service!
Då brudeparet ankom feststaden, fekk dei ei kvit fredsdue av restarantsjefen. I nydelege omgjevnader slapp brura dua ut i det fri. Vakkert!!! God mat, trivelege kelnere, god musikk og stemning gjorde dagen og kvelden til ei minnerik stund for oss alle som deltok.
At bror min er ein god taler skal han ha:) Sterke ord frå ein lykkeleg mann.
Rundt midnatt kunne ein trygt seie at vi hadde trøtte og slitne born. Då hjalp det ikkje med lekerom og film på ein ellers så fantastisk stad....

Natta blei ikkje så lang før det var å stå opp att til nye timar ved bassenget og mykje deilig bassengvarme. No er endå ein dag over og vi venter på ein ny dag.

Har du lyst på ein minnerik tur uten stress og mas? Har du lyst på ein tur der du ikkje treng ha augene på borna til einkvar tid? Màlaga er byen, Colahonda er området, Sjømannskirka er målet:) Ein treng ikkje vere religiøs for å bu her. Men ein må vere NORSK!!

Hasta luega amigos. Me gusta Èspana y Inglesa de Noruego!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar