mandag 11. mai 2009

Pinnekjøtt til middag.


Her i huset er det visst jul året rundt. I dag var det pinnekjøtt som stod på middagsbordet!

I morges våkna eg til ein gut som utbraut "I dag e det berre 3 daga igjen tell æ har bursdag". Med andre ord ein spent gut. I tillegg gleda han seg til tannlegetimen (5-årskontroll). Null hull til den stolte eier av fine tenner:)

Ellers har min kjære far fått gravstøtte. Den er kjempefin. Var lenge på grava i dag. Etter ei innholdsrik helg var det mykje å fortelje.

I kveld har det vore minnestund for Bjørn i kyrkja. Det var ei fin stund.

Steffen fikk spysjuko i formiddag....og det med ei mor som er hysterisk redd for å spy!! Har spydd nok i livet mitt.... Satser på at han er betre i morgon. Må jo bli bra til bursdagen sin på torsdag:)

På sin fine måte klarte godeste Remme og få meg til å sjekke mord i Hidlerveien på nettet. Kven andre enn kaninane hans var det som var tatt av dage (og det av ein mår midt i sentrum av ei bygd)? Ganske uvanleg det. Joda.... Det er slett ikkje berre i Kjøpsvik det er "æksjon"!! Og det må vi jo vere nøgd med..eller??? Haha...


No er det snart klart for 24 og pizza. Vi benker oss i sofaen for kveldskosen. Knæsj!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar