tirsdag 12. mai 2009

Kva skjer???

Etter ei våkenatt i forrige uke, grunna vold mot nabo, kom eit nytt sjokk i dag. Det første som nådde meg rett etter eg stod opp, var at skyttarhyset hadde brent ned til grunnen. Påsatt?? Kven veit?? I så fall er det grunn til frykt!! Sett i lys med at det skjedde fleire brotsverk i natt, kan mykje tyda på nett det. Men eg håper i det lengste......

Dagen har vore sterkt prega av det uverkelege. Dei fleste, både born og vaksne, har eit forhold til huset på ein eller anna måte. Anten som brukar av huset som klubbhus, skigruppe, vaffelspising etter Dammen rundt, festlokale osv....

Måtte dei skuldige bli tatt om det er nokon!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar